Сайн байна уу? Сонин сайхан юу байна?Eg har fått meg mongolske lærebøker, og her er ein liten smak på det eg held på med når eg ikkje er på jobb:
Нэг хоёр гурав дөрөв, Тав зургаа долоо найм ёс, арав.
Og det får verta ei lita nøtt for lesarane... Kva betyr dette?
Elles er det vel ikkje så mykje å fortelja her i garden.. Eg har lite å skriva om. Når det gjeld ambulanseoppdraga med Rødne, så har eg taushetsplikt, og på vanlege ruter er det ikkje mykje spanande som hender eigentleg.. Men eg tek med glede imot tips til kva eg kan skriva om. Til dømes kvalen me såg her om dagen. Eller bordingsturen me hadde ute på Jærhavet i kuling og bølger på opptil 1/4 av lengda til båten.. Men sidan eg ikkje har bileter av hendingane, så lét eg det vera med det.
Men Carina II 1.6 DX har runda enno eitt tusen km. på norske vegar, noko som ikkje er nokon spøk for ein 22-åring..!
- 5,6 gonger rundt ekvator
- 23100 gonger strekninga Jørpeland - Tau
- 4620 gonger strekninga Solbakk - Hjelmeland
- 92 gonger strekninga Lindesnes - Nordkapp
- 114 gonger strekninga Solbakk - Tromsø
- 16500 gonger gjennom Solbakktunnelen
- 11846 gonger gjennom Ryfast (inkl. Hundvågtunnelen)
- 12833 gonger over Storebæltsambandet
- 9429 gonger gjennom Lærdalstunnelen
- 36447 gonger gjennom Sørdalstunnelen, lengste tunnelen i Lofast
- 31,5 gonger i luftlinje strekninga Stavanger - Beijing
- 0,6 gonger strekninga Jorda - Månen
- 77.000.000.000 gonger rundt eit sandkorn...
Så får oppgåva for dagen (for dei som ikkje klarte Монгол-oppgåva) vera: Korleis skriv me dette talet med bokstavar? Altså; 77.000.000.000.
Dette var alt for meg i denne omgang, men om nokon svarar rett på ei eller begge oppgåvene, vert vedkomande lønna med ei høveleg merksemd. Som vanleg oppmålt etter politiske- og religiøse standpunkt, samt bustadadresse.
За, за... Баяртай!










Men slik er no det. Dette var forresten visstnok ei rekordnatt i Tromsø, med størst snøfall på eit døger i mai. Men det kan jo vera litt fint óg, er berre litt uvant med slike snømengder på denne årstida. Gjekk meg ein tur rundt prestvatnet oppe på Tromsøya om kvelden, same dato..:





