05.03.2009

Heimtur frå Kortkurs...

No ramlar snart huset. Eg sit i Rosendal, og fallvindane herjar med- og bankar opp alt i sin veg her oppunder Folgefonna. Likevel er det ikkje fullt så gale idag som sist gong eg var her. Med MS Rygerfonn plar me liggja i omlag 30 kn., men i møte med fallvindane inn mot Rosendal var me nede i 24 knop. Sjøen vart blésen opp som om eit helikopter sveiv rett over.

Fint å vera inne.

Men mykje har skjedd sidan sist innlegg. Det vart med det eine innlegget frå Tromsø, men skal prøva å ta igjen litt her. Hadde nesten 3 fantastiske veker i Tromsø. Heilt enormt nydelege veker var det, og eg har vorte viss på at eg ikkje har vore i Tromsø for siste gong, så sant eg får leva!

Det vart berre to turar rundt Tromsø, men den andre turen gjekk eg med slippers. Det var greit, men blemmene frå sist tur var ikkje heilt grodde, så eg kjende det, for å seia det litt mildt. Men eg hadde kameraet med meg, og fekk eindel fine bilete. Kan henda dei kjem på Fjesbokji etterkvart.

Sånn ellers svarte Kortkurs 2009 så til dei grader til forventningane. Vanskeleg å seia kva som var best, men Stein Solberg og Curt Westman sit best i minnet, utan å nedskriva dei andre, for all del! Men Stein Solberg kom til Fjellheim med eit ganske spesielt program, og me fekk undervisning i mange emne me sjeldan eller aldri høyrer om i vanleg forkynning. Spesialfelta hans er "Gudsbilde, kjønnsidentitet, relasjoner, misbruk, sexavhengighet, syndige atferdsmønstre, skam, selvfølelse" (beklager målforma, klippa ut frå fjellheimbibelskole.no). Alt sjølvsagt i lys av Bibelen. Utruleg viktig at nokon forkynner slikt, sjølv om mykje her er tabu. Men lite er meir aktuelt i dagens samfunn med internett, parabolkanalar og andre farlege kjelder som me sjeldan vert meir enn nemnde..

Curt Westman var meir på Lekmannsfronten, lærte frå Nehemja, korleis Gud kan bruka ein lekmann til å byggja sitt rike..! Curt var nok den mest sosiale av lærarane, og han me vart best kjend med. Kjekt. Kanskje dei andre lærarane ikkje var vane med miljøet på Fjellheim, der fleire unge faktisk likar å ha eldre i forsamlinga...

Heimturen kom på torsdagen. Det var ein trist dag. Maria kom måndagskvelden, så det vart svært kort opphald for henne i Tromsø. Men eg er svært takksam for den tida eg fekk i Tromsø, og det er takk til Rødne at eg fekk det til! Men somsagt sette me grillen i første omgang nordaustover, så sørover torsdag 26. feb. Dagane før avreise fekk Tromsø bortimot halvmeteren med snø, så snødekket på vegen låg utan hól heilt til Kaaresuvanto, der me fekk oss ein hamburger. Denne var forresten oppskrytt, og neste gong ét me på svenskesida, i Karesuando. Han er betre! Men frå Karesuando var det raka vägen sørover på E45, sveriges lengste veg, til me møtte E10. Der svang me venstre og følgde vegen ned til E4 litt nord for Luleå. Sidan bar det rakt til Umeå, der me tok inn hjå Fru- og Herr Nilsson på Lillsjöberget for natta.

Det var kjekt å koma til Umeå igjen, sjølv om me ikkje fekk vera så lenge. Fekk ei god natt, og eitpar kjekke timar hjå "svigers" mens me venta på at litlesyster til Maria skulle koma heim. Så stakk me plutseleg, og besøkte Ingunn og Simon i lägenheten deiras borte på bydelen Teg i Umeå. Det var knallkoseleg! Der fekk me appelsiner, ananas og anna sunnkost.

Etter alt for lang tid slapp me endeleg ut, og fekk setja kursen sørover. Kjekt å tenka på at me ikkje ei gong var halvvegs på turen vår etter natta i Umeå. Men herifrå var det stortsett motorveg sørover. Det gjekk stort sett i eitt til me var i Gävle, der me fekk oss ein dårleg svensk Statoilburger. Kjøpte den dyraste burgermenyen- SEK 53,-. Til å le av, tenkjer du. Ikkje verdt ei krone meir, tenkjer eg! Elendig burger! Bajs er ordet. Men uansett, så heldt me fram på Riksväg 68 forbi Skinnskatteberg ned til E18, som me følgte gjennom Karlstad, Askim, Oslo, Drammen, til Gjennestad. På Gjennestad hadde me lang pause. 2 netter var me der, og på laurdagen fekk me med oss 40årsdagen til onkel Njål Arve. God Mat!! Heime på Solbakk sundag kveld, etter ca 2500 km. frå Tromsø, og 31 timar køyring. Omlag. Takk for fylgjet.