28.09.2009

"Stor nok til å passe i Jesu hand" ??

Her kjem eit lite ekstrainnlegg på morgonkvisten. Var i utgangspunktet meint som ein kommentar til sist innlegg, men fekk heller lyst å leggja han ut som eige innlegg.

Bakgrunnen for at dette "svaret" (til ein kommentar på sist innlegg) vart så langt, er at eg hadde ei litt skremande oppleving med barnasongar på Jørpeland i går (sundag). Eg var då altså på møte på Jørpeland, og me skulle synga barnasongar, så kom ein song:

"Liten, men god som gull.
Liten, men ikke et null.
Liten, men jeg gjør så godt jeg kan.
Stor nok til å passe i Jesu hand."

Dette er sjølvsagt berre eit døme. Eg har sansen for dei enkle barnasongane, og den enkle og klare bodskapen har nok hatt betydeleg betydning for "større" folk óg. Men sintnemnde song er jo direkte vranglære slik eg forstår det. Når det skal vera så enkelt og "koseleg" at det går ut over læra, og dei absolutt mest grunnleggjande elementa i kristendommen, då vert det Feil!

Men det finns vel knapt nokon sannare song enn:
"På Golgata stod det ein Kross,
Jesus døydde på krossen.
I hagen var det ei grav,
Jesus låg i den grava.

Men krossen er tom,
grava er tom,
Jesus stod opp, og Han lever!"

Tenk det, Jesus stod opp, og Han Lever!

23.09.2009

Store, Store Gud!

Eg har egentligt månge ting eg konne skreve om på bloggen min. Oslo e forsåvidt ein spennande plass me månge ting så skjer. Eg konne skreve någen meiningar om Misjonssalen, eg konne skreve någe om Onsdagsmøtene her på skulen, eg konne skreve litt om timane på skulen, eg konne skreve litt om den fantastiske klassen. Og nå har eg jo skreve om alle tingå eg har nevnt. Iallefal nevnt. Men eg gidde ikkje skriva meir. Får ta d seinare. D eg derimot vil gjer, e å presentera någen barnasongar. Og då tenke eg ikkje på tradisjonelle barnasongar, men på d eg trudde va barnasongar heilt t någen lo av meg.

Eg va me på småmøte på Heiå ei gong når eg va ganske liten. Så blei eg spurt om eg hadde någe sangforslag, og d hadde eg jo! Så då song me den songen eg føreslo. Når me kom heim blei eg spurt om d va kjekt på møte, og det syns eg! For me hadde jo sunge ein barnasang, fordi eg va der..! - Ka song då? - Jo; "Store, store Gud, kven kan deg forstå?"

469 Store, store Gud!
Norsk
T: Tor Ullsvik 1930, 1937
M: Tor Ullsvik 1937

1
Store, store Gud!
Kven kan deg forstå?
Underleg er vegen som du fører dine på.
Men om vegen titt vert trong,
eg fram til målet ser,
den fagre, fagre himmelheim,
tenk snart så er eg der!

2
Store, store Gud
som oss livet gav,
sjå, det liknar liten blom som snart lyt falla av.
Så det visna må og døy,
det livets lagnad er.
Men bakom dødens skuggeland
eg himmelheimen ser.

3
Store, store Gud,
takk for denne von,
takk for all din kjærleik og for frelsa ved din Son!
Du fann meg i ungdoms år,
du kalla meg med namn,
du vil og sikkert føra meg
til himlens lyse hamn.

4
Jesus, løys meg meir!
Frå kvart band som bind!
Vert min livsstrid tung, så la meg sjå i himlen inn!
Og la vona verta sterk
så gjennom tåreglans
eg skoda kan min himmelheim,
mi krona og min krans!

5
Svikefulle verd!
Du bind mange fast,
mang ein gjekk her vonfull, glad, men vonene dei brast.
Takk då, takk, min Frelsar kjær!
Eg no til deg er fest
med blodets sterke band, og då
mi livsvon aldri brest.

(Teksten er saksa frå SigveSaker sitt Songboktillegg til DataBibelen, som forresten herved er anbefalt på det aller sterkaste!)

Til alle foreldre som trur barn ikkje forstår anna enn balluba og bob-bob-bobler inni meg og sånt; Eg forstod kanskje ikkje innhaldet i dette når eg lærte songen, men det har vore til stor glede seinare, når eg vaks opp og byrja å forstå kva me song.. Lær borna skikkelege songar, det er ein skatt som vil verta dyrebar for dei resten av livet! Tusen takk, (min jordiske) Far!!