29.10.2010

På veg til Island - illustrert, til og med.

Bilete seier som kjent meir enn tusen ord. Og etter eit år på høgskule, veit eg at 1000 ord ikkje tek så fælt lang tid å skriva, berre ein har noko å skriva om. Og det har eg, for eg kunne lagt ut i tjukt og tynt om kor lite ekstra det eigentleg kosta oss å reisa frå Hirtshals enn via Bergen (sidan Norröna har slutta å gå derifrå). Eg kunne skrive om at via Bergen måtte me totalt teke 4 ferjer for å koma oss til Island, mens via Hirtshals, så heldt det med 3 ferjer! Og eg kunne summert prisen av ferjer og bommar, og fortalt lesarane mine at vegen om Danmark berre var omlag 200 kr. dyrare enn om ferja gjekk frå Bergen.

Men det skal eg ikkje gjera. Eg lét heller bileta få seia sitt, så stikk eg inn eit par kommentarar her og der.

Første ferja (baljen).

Andre ferja (litt meir akseptabel standard).

Ein snarsvipp på Skagen mens me venta på Norröna.

Tredje ferja (levert komplett med badebasseng, sauna, helikopterdekk, treningssenter, tax-free, air-hockey, kino, fine restaurantar, aktive stabilisatorar, bølgebrytar, antennar frå Comrod og mobildekning via satellitt).

Lugaren vår på Norröna, der me til ei kvar tid hadde utsikt over ca 400 kubikk-kilometer saltvatn, ...

.. plattformar...

.. og Shetland, her representert ved Lerwick.

Måndag morgon vakna me opp til ei nydeleg utsikt over Tórshavn, der me gjekk oss ein liten tur før ferja gjekk vidare kl 1400 same dagen.

Utseilinga frå Tórshavn var ikkje stygg, ...

.. og me hadde seilt halvannan time frå Tórshavn, mellom vakre øyar med steile fjell og koselege bygder, før me passerte siste fjellgarden som strakk seg ut i havet.

Og her stoppar óg dette innlegget. Bileta frå Island er ikkje komne i boks enno, og uansett markerer landkjenninga i Seyðisfjörður eit nytt kapittel i livet mitt, så det er vel naturleg at det óg vert eit nytt kapittel på bloggen i samanheng med dette.

23.10.2010

Current position: Vest av Lista.

Her kjeme ei lidå, raske oppdatering. Me har vore ombord i Norröna i snart 8 timar nå, og sige oppøve langs Norskekysten. I den anledning får eg inn norsk mobilnett, og må raska meg å utnytta det. Nettet ombord e nemligt satellitt-nett, og 1 sms koste øve 7 kr., og ringeminuttet ligge på 27 kr, trur eg. Men nå, altså - CallNorwegian 3G ;)

Norröna e ikkje akkurat verdens finaste på utsiå. Ser mest ut som ein firkanta kasse - kantitte og løyen i formene. Men inni e d ganske så flott, og lugaren vår - med vindu - ligge långt framme, og långt frå motorane (ca 100 m. frå, tippeg), så dei høyre me ingenting te! Altså, ser me havet gli lydlaust forbi.. Og nå ser me óg lyså frå Lista någen få mil innøve. D blåse eindel, og bølgene ser ganske store ut, men me har dei i ryggen, så me merke lide te dei. Bare ganske uskyldige vogging - egentligt bare gudd, jaffal nå når me snart ska sova.

Natt t idag fant me ingenplass å sova i Hirtshals, så me bretta ut soveposane og sov i bilen - det fungerte utmerket, og me fekk begge ei heilt greie nått! Rett itte oppstandelsen kjørte me t Skagen og fant et koseligt konditori, der me hadde oss ein bedre frukost. Men vêret va kje så sjugt innbydande, så me seig tebars t Hirtshals igjen.. Så venta me tusen timar på ombordkjøring, og ytterligare 2 timar ombord før ferjå omsider gjekk - ca 2t. seinare enn oppgitt. Nå sige me i ca 16 kn, og ska var framme i Tórshavn ca 0500 måndagsmårånn. Tiligare i kveld va me på kino (her ombord, altså), og såg Shutter Island - ein ekkel film!

Somsagt så e me kje framme før nått t måndag, så heile mårådagen, sundag, e me ombord her. Så me får goooo ti t å slappa av og kosa oss :)

Så får me sjå om d kjeme fleire oppdateringar. Eg tvile egentligt på det, men plutseligt finne me någe billigt internett på Færøyane - aldri veda! Men nå e jaffal siste glimt av Norge, og norsk mobilnett. Lugaren e heldigvis på styrbord, så eg nyde synet av Norge så lenge eg kan - d bler øve ein måne te neste gong!

Gonatt, frå Norröna :)

15.10.2010

Tilslagsord: nyte

D løgna e at når eg sidde på jobb (ja, eg sidde møje på jobb, någe av gronnen t at eg ese ud..), så renne håve mitt øve av idéar te bloggen, men i det sekundet eg sedde meg ner og tenke meg å skriva någe vedågt, så e håve tommare enn Islands statskasse.

Apropos Island, 6 dagar.
Det er slik det seg lagar.
Tida ho jagar.
Men plagar.
Ikkje.
Meg.

nyte nyt [nyter], naut, note el. -i (norr njóta)
1like, ha glede av n- det vakre utsynet / n- livet særl: more seg, ta livet lett
2ha til fritt rådvelde, ha nytte, fordel av n- godt av noko / n- stor tillit hos alle / refl: n- seg kunne bruke lemene, vere frisk og smidig / ikkje n- føtene sine vere ufør i føtene
3smake, ete, ta til seg n- alkohol
4få ha i fred, behalde ho nyt ikkje maten held ikkje på maten, kastar han opp / dei naut ikkje sauene sine om sommaren mista sauene


Har note.