Aud Kvalbein har føreslått at Fritt Ord-prisen skal tildelast Vebjørn Selbekk. Her er eit lite klipp frå kristenblogg.no:
"– Redaktør Vebjørn Selbekk startet en debatt som satte søkelyset på grunnleggende samfunnsverdier gjennom si redaksjonelle omtale av bakgrunnen for trykkingen av Muhammed-karikaturene i den danske avisen Jyllandsposten. Generalsekretær i Norsk Presseforbund Per Edgar Kokkvold forsvarte Selbekk ut fra prinsipiell tenkning. Etterspillet er velkjent med brente ambassader, boikottaksjoner, drapstrusler og til nå fire år med politibeskyttelse, skriver Kvalbein."
Me som er kristne må finna oss i utruleg mykje, dagleg vert Herren Gud spotta av reportarar i fjernsynet, i filmar, litteratur, osb. Ein kan knapt gå ut døra eller skru på fjernsynet utan å møta blasfemi og Gudsspott (herunder er banning, forkastelege familieverdiar, m.a.). Dette er på mange måtar prisen me må betala for den ytringsfridomen me tross alt vil ha. Og det er greit, så lenge eg får lov å tru det eg vil, er det meg relativt likegyldig kva andre trur og meiner (dersom ein legg til sides sorga over alle som går fortapt).
Eg er eigentleg imot karikering av andre sitt livssyn. Dette er eit naudsynt standpunkt, så lenge eg vil krevja respekt for mitt eige livssyn. Bibelen seier i Romarane 12:17:
"Gjev ingen att vondt med vondt! Legg vinn på det som godt er, for augo på alle menneske!"
Difor meiner eg det er unaudsynt å setja ting på trykk som gjer narr av ei folkegruppe (viktig å ikkje blanda dette med sakleg kritikk). Men denne saka har vist kor utruleg valdeleg og grusomt Islam kan visa seg å vera, mot det eg vil kalla ei harmlaus karikering av Muhammed. Eg er fullt klar over at det er svært mange muslimar som ikkje har reagert aggressivt, men det ER òg mange muslimar som HAR reagert ekstremt aggressivt og valdeleg. Dette gjev oss grunn til å stansa opp og tenkja oss nøye om. Desse reaksjonane er eit enormt alvorleg åtak på ytringsfridomen vår.
Så, ved at muslimane sjølve har vist kor "farlege" dei kan vera, i samband med kritikk mot religionen deira, vonar eg at folk ser kva grusomme potensial som ligg i Islam. Og med dette som eit resultat av karikaturteikningane, er det heilt på sin plass at Selbekk skulle kunne få Fritt Ord-prisen for at han, med livet på spel, har stått slik opp for ytringsfridomen!