16.06.2011

Pause

Denne bloggen står på pause i sommar. I mellomtida kan du følgja med på turen vår rundt Island på trøsykkel! Dette er å finna på

God Sommar!

05.06.2011

Slutt å snakka om misjon!

Eg håpar du reagerte negativt på overskrifta, men eg meiner faktisk noko med det likevel. Eg skal prøva å forklara kva eg meiner. Eg vil svært gjerne høyra kva nett du tenkjer om det eg har skrive her. Dette er ikkje meint som ei preik eller peikefinger, men det er mine tankar. Ver snill og kommenter under her det DU tenkjer om temaet! 


Når du høyrer om "misjonsmøte", kva tenkjer du på då? Kva skal talen handla om? Er meininga at ein skal fortelja om eksisterande misjon, eller er meininga at forsamlinga skal verta oppmuntra til misjon? Litt begge deler kan henda? Eg trur iallefall ein tenkjer litt begge deler. Men kan dette vera ei uheldig blanding? Er det uproblematisk å ta med alle historiane ein fortel på misjonskvelden, og lysbildekvelden med besøk frå misjonsmarka, inn i ei vanleg preik, inn i forkynnelsen på eit vanleg kveldsmøte? 


Det eg har tenkt eindel på, ikkje berre i det siste, men ganske lenge eigentleg, er nett dette med forkynning om misjon. Og eg kjenner eg har vorte litt metta (negativt meint). No meiner eg ikkje at eg er metta av misjon, men eg føler så mykje av forkynninga fokuserer så mykje på tenesta, på misjon, på å nå andre, på å leva som brennande kristne. Og det er jo så uendeleg flott at ein ønskjer det! Men eg trur, og opplever, at mange forkynnarar, òg den eldre generasjonen, prøver å oppmuntra ungdom til misjon, men gløymer at ingen kan arbeida utan mat. Sikkert i god tru og god meining, det er eg ikkje i tvil om. Det er nok ein heilt oppriktig brann som ligg i forkynnaren sitt hjarta når han med tårer i augo fortel om dei unådde folkeslaga frå talarstolen. Men kva hjelper det når forsamlinga ikkje sjølv har fått eit avgjerande møte med Jesus? 


Det at ein oppmuntrar til misjon må naturlegvis ha sin grunn i at ein ikkje ser nok glød, og at ein vil vinna fleire for misjon. Men eg opplever så ofte at ein tek til i feil ende. Ein byrjar å gi arbeidsoppgåvene før ein har gitt mat. Det vert som om du finn eit arbeidslag og sender dei ut på byggjeplassen utan å gje dei mat. Dei kan halda på ei stund, så vert dei trøytte. Då går du ut og held ein oppmuntringstale for å gira dei opp. Så får dei betre mot, og klarar å jobba litt til. Men til slutt så stupar dei i bakken! Kvifor? Fordi du treng mat for å arbeida. Nett slik er det med arbeidet i Guds rike. Forkynnarar og misjonsorganisasjon talar om misjon, og oppmuntrar til arbeid, og det er så vel og bra, for all del! Men det er så forholdsvis sjeldan ein får høyra Lov og Evangelium rått, reint og klart forkynt. Utan å gå inn på enkeltsaker, trur eg dette kan setjast i sterk samanheng med alle dei me høyrer om som vert utbrende for tida (om det så er deira eigen, eller apparatet rundt dei sin "feil" at dei ikkje har fått mat, kan eg ikkje sei noko om). Viss ikkje Evangeliet har førsteplass i hjarta mitt, kan eg gløyma alt arbeid i Guds Rike. 


Så kan me vri biletet om arbeidarane over på born. Prøv å gi små (og store...) ungar snop og sukker. Dei får så mykje energi at dei klarer ikkje å sitja still. Dei må opp og ut, dei må gjera noko! Springa, hoppa, leika... Du forstår kvar eg vil hen? Eit menneske som har fått i rikt monn av Guds Ord, han vil ikkje klara å teia still. Slik snakka iallefall apostlane og læresveinane i den første kristne tida om opplevinga å få sjå seg frelste. Kan me seia det same om tronga til å snakka om Jesus? 


Mange spør og undrar seg på kvifor det er så lunkent i vår tid, kvifor me ikkje har så brennande naud for naboen osv.. Svaret meiner eg er heilt opplagt. Så enkelt at det er flaut. Me er ikkje gode nok til verken å forkynna eller å ta imot Guds Ord, ordet om Jesus som vart nagla gjennom marg og bein, festa inn i eit tre, med ei krone av tornar som stakk langt inn i hovebotnen, langsmed skallebeinet. Naglar gjennom beina. Heilt gjennom, og inn i tréet bak, så han hang heilt fast. FOR DEG OG FOR MEG, for at me ikkje skulle gå fortapt! 


Me trur av og til at me kan dette med Jesus og frelsen, og at me må vidare. Eg har tenkt slik av og til. Eg veit jo korleis det virkar. Men kjære deg, i det sekund du tenkjer at du ikkje treng høyra om Jesus, då er du allereie på veg vekk. Langt vekk. Det einaste som kan virka misjon, er nettopp dette Ordet om Jesus, om igjen og om igjen. Allverdens oppmuntringstale, rørande historiar om folk som vart frelste eller helbreda, om unådde folkeslag, det er til INGA nytte. Absolutt meiningslaust vert det, dersom det ikkje er servert MAT i rikt monn først. 


Merk deg no at eg ikkje siktar mot enkeltpersonar. Eg seier dette på grunnlag av mi personlege oppleving av summen av forkynnelse ein høyrer. 


Kjære du som les dette, om du er forkynnar eller andaktsholdar. Eg meiner somsagt ikkje å retta ein peikefinger. Eg er ikkje lærd, og har ikkje peiling i forhold til ein mann som har levd med Herren heile sitt liv. Men dette er mitt vitnesbyrd som eg audmjukt har lyst å leggja fram. Dette er mi naud, noko eg opplever som eit problem for meg sjølv, og eg trur det er for andre òg. Eg får så sjeldan mat for sjela - særleg gjeld dette talar som er spesielt retta mot ungdom. Ikkje gå ut ifrå at forsamlinga veit dette med Jesus. Ikkje gå ut ifrå at alle på eit møte har høyrt om Jesus og frelsa før. Ikkje gå ut ifrå at alle forstår alvoret av synd. Ikkje gå ut ifrå at alle kristne ungdomar har forstått og opplevd med hjarta at Jesus verkjeleg har sett dei fri frå den evige død. 


NLM er ein misjonsorganisasjon. Det betyr ikkje ein organisasjon som skal snakka om misjon. Det betyr ein organisasjon som driv med misjon! Forkynn Jesus, og spar misjonspreika til temakvelden eller lysbildekvelden med besøk frå misjonsmarka. Der høyrer det heime. Blanda inn i vanleg forkynning vert overdriven tale om teneste og misjon LOVISK. Og det er alvorlege saker!