14.12.2010

Warning! Hot Spring Area!


Me har vore månge, månge gonger på Island før, og forsåvidt sitt månge varme kjelder og sånt. Men me har aldri vore någen naturlige plass der d går an å bada. Dei fleste plassane fosskoge jo vatnet, så bading e vel mildt sagt uaktuelt. D nærmaste sånn naturliga me har vore e Landmannalaugar, som jo e heilt naturligt, men der e dr så forferdeligt møje folk, og d har blitt bygt badeplattformar og sånt tull. Og egentligt har eg levt i trunå på at dei virkeligt naturlige badeplassane va låångt inni innlandet, långt frå der folk flest har tilgang.


Men i går bestemte me oss for å gå på jakt itte ei "laug", mest for å ha någe spennande å tilby eventuelle besøkande nordmenn. Me las om ein liten plass ikkje så langt frå Hveragerði, ca 4 mil frå Reykjavík. Såg ikkje så voldsomt spennande ud i bogå akkurat, men me bestemte oss for å sjekka det ut. Så me kjørte te Hveragerði og litt innøve dalen der, te me måtte sedda bilen frå oss. Derifrå gjekk me ca ein time før me møtte bekken me var på leit itte. 
Der me fusst kom ner te bekken va an ikkje så veldigt varme, jedna ront 25°C. Fine badetemperatur, men ikkje sånn varmt liksom. Men me fortsatte långs bekken oppøve dalen, og jo lenger opp me kom, jo meir aukte temperaturen, og me fant fort ut at dette va långt frå någen skuffelse. Egentligt blei me enige om at dette faktisk e den stusste forsømmelsen mor har gjort i oppdragelsen - aldri vist oss denne plassen! Men, gamlingar - her SKA me når dåkk kjeme te jul ;)





Me såg månge naturlige kulpar der det frista med et bad, men det va òg månge plassar der folk hadde lødd opp små demningar for å få litt større kulp. Her e me komne et godt stykke oppøve, og eg vil tippa temperaturen i denne kulpen va 35 - 40°c... Med lufttemperatur på ca 3°c, frista det litt øve middels å ta et varmt bad!

Ei av oppkomene så renne ut i bekken. Her kan du koga egg...


Så, viss du e klar for å lauga deg, så e du hjerteligt velkommen opp! Ein ting e jaffal sikkert - viss me snart får snø og frost, då ska eg opp igjen - utstyrt med badebuksa og håndklé!

22.11.2010

Kurtur

Dagen begynte idag som ein litt øve middels grå (onna middels fine) dag, me tungt skydekke, yr i luftå, lide luft i dekkå, men ikkje yr i dekkå for det om, men dåkk forstår ka eg meine. Grått og surt. Ingenting ligge te rette for ein go dag egentligt. Cocoa Puffs'en går tom, kjøleskapet lukte surt, og solå e slakke for tiå så me ikkje ser någe nordlys. Men igår lovte eg egentligt meg sjøl å gå på Esjan igjen idag, sånn bare for å ha fullført minst ein gong meir enn me måtte avbryta. Rannveig gadd kje idag, så eg tog ud åleina. På veg bortøve ser eg at skydekket e lågare enn eg hadde trudd.

Skyene låg så lågt at d meste va skodd, og eg såg såvidt foten av fjellet. Men eg tenkte som så: Eg har jo gått oppøve to gonger før, så eg vett sånn någenlunde koss leiå ligge. Stien e jo breie og veldigt tydelige heilt te topps, så viss eg holde meg te stien, så går det godt, sjøl midt i skoddå. Og sko d ble gale oppe me klippane, så va d jo bare å snu!

Så eg peste meg oppigjønå. Viss du måle luftlinjå, så e det ein ganske korte tur, for d e relativt kraftige stigning helste heilt frå du begynne te du e på toppen. Men jaffal. Itte å ha forsért ca 200 høgdemeter forsvant eg inn i skoddå/skyå. Frosten gjor at fuktigheten la seg øve alt, og te og med moldå på stien va glatte. Ganske utriveligt og fyse egentligt.

Men te mi store glede, nådde eg toppen av skoddå/skyene i ca 600 meters høgde, og her skein solå rett og slett frå skyfri himmel og smelta opp is og snø og spredde glede långt inn i mitt dystre sinn! Samspelet muddlå slutten av skoddå, sol, fjell, gras, rabn, rypa, mold, is, snø og steidn va heilt umuligt å fanga på ei minnebrikka, så dåkk får ta te takke me mine ringe bilder, og prøva å innbilla dåkk kor ubegribeligt flott det va der oppe.

Eg begynte å gå frå parkeringsplassen nerme sjøen (ca 10-20 moh) kl 1235, og ca 800 høgdemeter seinare va klokkå blitt 1350, og jønå kroppen fyge følelsar bare ein topptur kan gje. Utsiktå øve Reykjavík va heller laber denne dagen, men bomull e minst liga fint å sjå på. Spesielt når du vett du e den einaste i Reykjavík kommune som ser solå akkurat nå! (bortsett frå mannskap og passasjerar i Reykjavíksk luftrom)

Det som umiddelbart melde seg itte å ha nådd toppen e følelsen alle islendingar nok kan kjenna seg igjen i - å merka at oppturen e slutt, og nå kjeme nerturen! Tanken på dette fekk meg automatisk t å snu meg frå skoddå, mot den eviga heiå innøve Esjan. For den e store! Eg hadde mest lyst å gå heilt t høgaste punkt - 914 moh, men lenger innøve såg snøen ud t å ligga godt forankra, og eg hadde bare joggesko. I tillegg e d nesten ein time å gå bare ein veg. Men eg gjekk ca ein halvtime innøve te andra siå før eg snudde, og va oppe på 839 moh på d høgaste. Utsiktå i alle retningar va ubegribelige.



Hu trudde nok u va jysla lure huher óg - me ei gong hu la merke te meg, så hoppte hu bort på den litle snøflekken der. Eg spelte på lag, og lata som om eg ikkje såg na. D u ikkje vett, har u ikkje vondt av.

Rett før (viss du e på veg opp) eller itte (viss du e på veg ner) toppen e d ganske bratte klippar, og stien går i sikk-sakk på smale fjellhyller. Eg har allti likt meg på fjellhyller, syns d e så koseligt og lunt.

Men alle gleder har ein ende, og eg måtte retta vommå mot skoddå, kulden og det sura véret. Men få ting har eg angra mindre på i livet enn at eg drog megsjøl opp på Esjan idag! I staen for ein heile sure dag, fekk eg meste 2 timar strålande sol frå skyfri himmel (men ikkje skyfri bakke). Så møje kan ikkje Tromsøværinga skrøyda på seg for tiå ei gong, sjøl på ein go, skyfri høgtrykksdag!

SÅ, eg beseira Esjan igjen, og nå står d 2-1 i min favør. Og eg gnei d inn i na me å markera meg midt på toppen, litt sånn så kattane gjer.

21.11.2010

. Keilir .

I går tog me turen på Keilir (397 moh), ei 250 meter høge kjegla så står midt på Reykjanes. Fusste del av turen va ca 3 kvarter å gå bortøve i litt grovt lava-landskap. Så kom me bort t sjølva "fjellet", og herifrå e d 250 høgdemeter te toppen. Det e jo ikkje akkurat allverden, men e tungt nok når nesten heile vegen opp e bare sand. Men flotte utsikt frå toppen, iogmed at landskapet rundt e relativt panneflatt.

Herifrå begynte me å gå..

Et lide stykke på veg opp..

Nesten unaturligt grønt t november å var...

Skyggen av Keilir, peige rett mot Reykjavík.

Toppen.





Jetpak.


Planen vidare e å gå på Esjan ei gong te i nærmaste framtid, bare for å koma seg opp oftare enn me ikkje kom oss opp. Og nå e dr nesten ikkje snø på na heller, så muligens d bare skjer i mårå, rettogslett, viss veret holde seg.

19.11.2010

. Esjan .

Dette e Esjan. Hu e 914 meter høge, dvs 86 meter høgare enn Burj Khalifa. Bare 20 km. frå der me bur ligge dette berget. Me prøvte oss på ein tur sist vega, men d blåste så sjugt at me snudde. Ingen skam, sa Severin, men me syns nå d va litt flaut egentligt. Skyldå kan eg legga på Ranni, så ikkje hadde nok displasement, og ikkje klarte å stå oppreiste. Eg, derimot, har både tyngde og go aerodynamikk, så vinden oppnådde liksom ikkje same effekt på meg.

Men me prøvte oss på nytt någen dagar seinare når både snø og vind hadde lagt seg, og då kom me oss opp, te slutt. Me gadd rett nok ikkje å gå heilt inn på høgaste punkt, 914 moh, som ligge 3 km frå kanten, men det gjer me neste gong. Kanten e vel 894 moh, trur eg. D får holda for nå.

Dette e frå fusste turen. Det ser fint og harmlaust ut, kulden va egentligt ikkje verre enn ca -6°c. Men med høge luftfuktighet, fallvindar på bortimot orkan-styrke, va det nesten litt plagsomt med effektiv temperatur på rundt -20°c. Egentligt ganske vondt, faktisk.

Så, andre turen, snøen har lagt seg så vidt. Ligne litt på sånn Afghanistan eller någe..

Hu trur nok hu gjømme seg veldigt godt der u sidde 2 meter frå stien...




Utsikt øve Reykjavík.


Så, i mårå e planen Keilir, ei lidå kjegla udpå Reykjanes. Han e kje så store, men sikkert fine tur ligavel.

17.11.2010

Islandsturen, siste del.

Itte møje om og men (eller egentligt bare masse somml) har eg fått tak i kortlesar, og me har fått inn bildene frå speilrefleksen t rannveig, og eg kan servera bilder frå me kom iland i Seyðisfjörður te me va framme i Reykjavík same kvelden.

Ca kl 09 tysdagsmårånn kom flaget i mastå, og me seilte inn i Seyðisfjörður.

Fjorden e nokså långe, så me brukte nesten ein time inn te botn..

.. der bygdå "Seyðisfjörður" ligge. Ikkje akkurat Islands perle.

Frå S.fjörður låg veien øve ei isete hei..

.. gjennom grusete dalar..

.. og fleire heier. Riksveg 1.

Fortsatt på Rv1, hovedvegen rundt landet.

.. men det likne kanskje mest på "dødsveien"? Fleire hundre meter både opp og ner, men autovern e sjeldent syn..

.. utenom ITTE svingen. Merkelig autovernpolitikk.




Sørlandet e utruligt flatt. Siste del av turen e 3-4 timar kjøring øve uendelige mosegrodde lavasletter.

Så her e me.