22.08.2010

To månar

18.08.2010

Vil du?

Usikker på komponist og forfattar, men an e jaffal sungen vidunderligt vakkert på CD'n "Ein Kvilestad" med den vidgjetne og velklingjande Solbakk-Kvartetten!

Vår Herre og Frelser

Vår Herre og Frelser, han kaller på deg,
Vil du nå slippe ham inn?
For intet i verden kan frelse din sjel;
Slipp Ham nå inn i ditt sinn!

Gang etter gang har Han ventet på deg,
Og nå får du kallet igjen.
Han vil du skal åpne din tillukte dør;
Lukk Ham nå inn, kjære venn.

Om du tar beslutningen nå, kjære venn,
Står han og venter på deg.
Kan hende du aldri får kallet igjen,
Vil du la Ham gå sin vei?

Gang etter gang har Han ventet på deg,
Og nå får du kallet igjen.
Han vil du skal åpne din tillukte dør;
Lukk ham nå inn, kjære venn!


Vil du?

11.08.2010

UL 2010

Oppsummert med prikkar:
  • Knallbra Bibeltimar
  • Ikkje så heilt verst sangvalg (les: det kunne vore mykje verre)
    - (eg slit framleis med å vera så from at eg kan
    syngja at mitt innerste ønske er å tena
    Gud mens eg lever her.. Eg ville så gjerne, men...)
  • Enkelte tøffe arrangement på gode, gamle Songboksongar (slikt fryder hjarta mitt seg over)
  • Enkelte gode kveldsmøte (enkelte dårlege òg)
  • Liknande musikk som i fjor, men sjefsvokalisten tok litt mindre plass på scenen (positivt)
  • Småpinlege øyeblikk når lovsongsteammedlemmer prøver å seia ugjennomtenkte- og meiningslause ord mellom songane. Tips til neste år: Kva med eit fint lite vitnesbyrd om Jesus? Ja takk!
  • Lovsongsleiarane snakka med kvalmande "lovsongsstemme". Ikkje for å rakka ned på andre sine uttrykksmåtar, men..
  • Forstod ikkje heilt ho halvnakne jenta som rulta rundt på scenen. Vel, forstod etter å ha fått det forklart (først bunden, så fri..), men ho kunne i det minste ha kledd seg litt meir.. (å dekkja til trusa er ein god start..)
  • Fantastisk å treffa så mange kjende, takk Gud for alle gode folk eg har fått møta!
  • Eg vart konfrontert av Sverre Bøe: "kjører du med en "hellig" høyrefot?". Eg måtte spørja meg sjølv, og kom fram til at svaret litt for ofte er "nei". Kur, ta deg samen!
  • Utruleg kjekt å sjå at så mange (godt og vel 3000) vil samlast for å høyra Guds Ord!!
  • Skulle ønske avslutningsshowet kunne bore litt meir preg av Jesus, og litt mindre preg av diskofest. Men det er min smak!
  • Navnet Jesus sette uansett eit verdig punktum for UL 2010!
Det må nemnast at denne lista er STERKT påverka av mine subjektive meiningar, og har overhovudet ingenting med objektivitet å gjera. Eg må understreka at UL er ein enormt viktig plattform for å nå ungdom med Evangeliet, ein fornyande Oase der me får servert Guds Ord i den ellers andelege tørketida.

Men dette er noko av det mest positive som vart drege fram på UL, og desse versa har følgt meg i sommar heilt sidan Smøla. Dette, kjære folk, er NÅDE:
"Men no har Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, vorte openberra utan lova. Det er Guds rettferd ved tru på Jesus Kristus, til alle og over alle som trur. - For det er ingen skilnad, alle har synda og står utan ære for Gud. Og dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysinga i Kristus Jesus." ~ Romarane 3:21-24
Sånn ellers, til alle Gaither-fans som evt. les dette: Han vokalisten med det store, lange, gråe håret og den enorme stemmen, som har hatt konsert i Stavanger nyleg, tok seg ein tur på Lysefjorden akkurat når eg var på jobb.. Kjekt! Så no er kjendislista mi slik, rangert etter kor stas eg tykte det var:
  1. Dagfinn Høybråten
  2. Ellen Solheim
  3. Brakkvald Tolvstøkkje
  4. Guy Penrod
  5. Morten Harket
Dagsens spørsmål er eigentleg to spørsmål.
Eg veit ikkje svara sjølv, så løysinga er òpen for
livlige fantasiinspirerte forklaringar.
  1. Kven er "Ute"?
  2. Kva er å "krukke"?