27.06.2009

Island

Då var tida altså komen. Eg er på Island- igjen. Eg, Rannveig, Maria og Karl. Har ikkje fått bilete innpå pc'n enno, men dei kjem seinare. Eg kan ikkje ramsa opp kva me har gjort heller, for eg hugsar ikkje heilt kva me har gjort kvar dag. Men me kom iallefall opp på tysdag 23., og skal vera fram til 7. juli. Dei første dagane no har me berre handla, sett oss rundt i byen og truffe litt slekt. I Morgon (laurdag 27.) er det bryllaup - Jóhanna og Ragnar skal verta eitt kjøt, og det må vel feirast. Herleg tidspunkt, halv5. Så me har heile dagen før me må kle oss opp.

Idag var me i den Blå Laguna (Blue Lagoon). Det er kåra til verdsens beste naturlege helsebad, og ein av verdsens ti mest spesielle "basseng" eller badeplassar. Eigentleg er dette berre avfallsvatn frå eit kraftverk i området, og opphavleg var dette vatnet eit problem for verksemda. Vatnet er sjøvatn som på nesten 2000 m. djupne har vorte oppvarma til 240 grader under høgt trykk, der det tek til seg store mengder kisel og fleire typer mineraler. Etter å ha gått gjennom turbinene, skulle dette pumpast ut på lavaen, for så å synka ned i den porøse grunnen, men kiselen la seg på botnen og danna eit "basseng", så vatnet vart liggjande. Etterkvart byrja lokalbefolkninga å bada her om natta, og det byrja å sjå ut som om vatnet hadde positiv effekt for huda. Etter fleire forsøk, vart føretaket "Bláa Lónið" stifta, og har idag vorte til den største turistattraksjona på Island, med over 250'000 besøkande kvart år.

15.06.2009

254 Dødsfall..

Dette stod som tilleggsnotis i ein artikkel om at Noreg ligg på botnen av statistikkane i alkoholforbruk per innbyggjar. Denne hadde fortent ein eigen artikkel! 254 sjeler! Til samanlikning omkom 242 personar i trafikken same året (2006). Kanskje har desse tala ein samanheng? Eg veit ikkje, men det hadde ikkje forundra meg..

01.06.2009

Motgift..

Egentligt e d så alt for seint for bloggskriving nå, MEN eg må bare dela litt me dåkk eller deg så gidde lesa bloggen min.. Eg såg øve møteplakatten i Dagen før eg reiste t Rosendal, og såg d sko var møte på Uskedal Bedehus. Så eg tenkte eg sko støtta opp om det, si d passte godt me arbeidstidene mine! Der va d Einar Kristoffersen frå Indre Sjømannsmisjon så hadde møte, og d passte jo ekstra godt for Lettmatrosen Kur.

Men han Einar, han sa någe iløpet av talen sin som talte nokså sterkt t meg..

"Når du er blitt bitt av giftslangen, er ikke første tanke å vokte seg for slangen. Gifta har jo da allerede gjort seg gjeldende i blodet, og er i ferd med å spre seg til resten av kroppen. Det viktigste du da har i tanken er å finne en motgift!"

Dette kopla direkte opp mot d åndelige livet, heilt konkret, blei ganske viktigt. Me e heilt si syndefallet gjønåsira av giftå frå slangen, altså syndå, og alt vårt strev med å vokta oss for slangen e i og for seg forgjeves og uten nytte. D viktiga då e å få inn store doser motgift. Guds Ord. Eg har sjøl merka koss Bibelen heilt konkret e ei levande bok, på den måten at det bler meir "mitt" t meir plass Ordet får i kvardagen. Dessverre e d allti någe så kjeme i vegen for å bruga tid på Guds Ord, men duverden kor viktigt d e å få setja seg ner i stillhet med Guds Ord, og med bønn..! Guds Ord e verdens beste, og einaste motgift mot syndå si hersking i kjødet.

Så va d ein så sa itte møtet- "Da e so godt å vera frelst! - Og so e da naudsynt!"