27.06.2009

Island

Då var tida altså komen. Eg er på Island- igjen. Eg, Rannveig, Maria og Karl. Har ikkje fått bilete innpå pc'n enno, men dei kjem seinare. Eg kan ikkje ramsa opp kva me har gjort heller, for eg hugsar ikkje heilt kva me har gjort kvar dag. Men me kom iallefall opp på tysdag 23., og skal vera fram til 7. juli. Dei første dagane no har me berre handla, sett oss rundt i byen og truffe litt slekt. I Morgon (laurdag 27.) er det bryllaup - Jóhanna og Ragnar skal verta eitt kjøt, og det må vel feirast. Herleg tidspunkt, halv5. Så me har heile dagen før me må kle oss opp.

Idag var me i den Blå Laguna (Blue Lagoon). Det er kåra til verdsens beste naturlege helsebad, og ein av verdsens ti mest spesielle "basseng" eller badeplassar. Eigentleg er dette berre avfallsvatn frå eit kraftverk i området, og opphavleg var dette vatnet eit problem for verksemda. Vatnet er sjøvatn som på nesten 2000 m. djupne har vorte oppvarma til 240 grader under høgt trykk, der det tek til seg store mengder kisel og fleire typer mineraler. Etter å ha gått gjennom turbinene, skulle dette pumpast ut på lavaen, for så å synka ned i den porøse grunnen, men kiselen la seg på botnen og danna eit "basseng", så vatnet vart liggjande. Etterkvart byrja lokalbefolkninga å bada her om natta, og det byrja å sjå ut som om vatnet hadde positiv effekt for huda. Etter fleire forsøk, vart føretaket "Bláa Lónið" stifta, og har idag vorte til den største turistattraksjona på Island, med over 250'000 besøkande kvart år.

2 kommentarer:

  1. Kjekt å høyra frao Island. For å sitera Erik bye:"Der skulle vi ha vøri, Karl!" Ja kanskje det lagar sg ein gong. Ikkje så verst i gamlelandet heller om dagen. 25 +++. Det er bra. Kos dekan!

    SvarSlett
  2. Ja, Karl var jo faktisk med, så det er vel deg det står på ;)

    SvarSlett