15.08.2009

Oslo..................??!!??!?!

Ja, Oslo...

Eg gjekk på Fjellheim, så byrja eg i Rødne. Så fekk eg meg nokre veker fri og reiste til Tromsø på Kortkurs 2009. Så arbeidde eg litt til før eg måtte til Island i begravelse. Så jobba eg litt til før eg tok meg ferie og reiste til Island. Arbeidde litt til, og reiste på Bibelcamping på Solåsen i Vestfold. Så arbeidde eg litt til, og plutseleg vakna eg opp i Oslo..

Det går så smått opp for meg at eg har forvilla meg inn på det farlege og fiendtlege austlandet..! Og her skal eg etter planen vera eit skuleår f.o.m. måndag! Eg har ikkje enno heilt innfunne meg med tanken på akkurat dette, men no går tinga sin gang, og eg gidd ikkje pakka i bilen att etter det enorme flyttelasset eg hadde med meg! Det er forresten ei historie for seg sjølv. Med alle mine klede, alle Maria sine klede, alle bøkene mine, tallerkar, bestikk, gryter, kontrabass, cello, to stk. el-piano, fiolin, dyne, pute, osv.., vart den elles så romslege Camryen ikkje ein kubikkmillimeter for stor! Om eg hadde hatt ein liten sekk til, hadde han ikkje fått plass i bilen, så "godt stappa" er vel ei mildt sagt bokstavleg skildring..!

Men no er altså alt utpakka att, bøkene har fått plass i bokhylla, permane på toppen, kleda i skapet, pianoet ved veggen og bassen i hjørna. Det som manglar no er litt sén så eg får opp nokre bilete på veggen, ein liten kaktus og nokre skøyteleidningar og padder så eg får gang på klokkeradioen, og kan lada telefonen og iPoden samstundes! Så, innan to-tre dagar av neste veke er vortne til 4 dagar, er nok alt kome på stell og styr slik eg vil ha det!

Så vert det spanande korleis eg taklar overgangen frå lønna heilårsbåtferie, tilbake til den harde skulebenken. Eg prøver å sjå trøyst i at det er musikk eg skal studera, og at eg alltid har hatt lyst til å studera musikk! Så det vert nok kjekt!

Berre ein ting eg stussar litt på.. Skal eg ta det som eit hint at eg er plassert i øverste etasje (5.), innst i gongen? :P Eg trur eg kom til 63 eller 64 trinn frå første etasje.. Så eg har nok gått opp og ned Flørli nokre gonger før skuleåret er slutt!

02.08.2009

UL 2009

Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å få tid til UL 2009. Men så vart det ikkje så hektisk på jobb som eg hadde trudd, og plutseleg var eg ledig både eine og andre kvelden, og det var rett før det svarte seg å kjøpa vekespass. Eg fekk med meg det meste av opningskvelden, onsdagsettermiddagkvelden, fredagskvelden og laurdagskvelden- og natta. Stor framgang dette året, 2006 var eg berre på opningsseremonien, 2007 var eg ikkje på noko og i 2008 var eg på eitt møte. Men 2009 er året. Kanskje prioriterer eg UL 2010 høgare enn 2009, det får framtida vise.

Det er vanskeleg å summera UL opp i få setningar. Og enno vanskelegare er det å få eit godt bilete når eg ikkje fekk med meg ein einaste bibeltime, kun eitt seminar og gjekk glipp av to kveldsmøter. MEN det eg sit att med er ei overveldande begeistring for den praktiske gjennomføringa, og kvaliteten på arrangementet- reint teknisk sett. Opplegget og anlegget i amfíet var av høgaste kvalitet, noko som slett ikkje er så vanleg rundtforbi. Framføringa var óg knallbra, musikarane var utruleg flinke og friske.

Så kjem me til det andlege innhaldet. Somsagt fekk eg ikkje med meg seminara eller bibeltimane. Men spesielt fredagskvelden og laurdagskvelden fekk me servert særdeles solid og god forkynning! Dei sit begge att hjå meg som sterke og ransakande møter..! Så forstå meg rett: Kur likte UL :)

Men, det er alltid eit men, og UL er ikkje noko unntak. Dette er ikkje meint som kritikk, men meir som ei slags undring. Eg er oppvaksen med at Gud vil ha ei sundbroten sjel, på kné framføre krossen, i takk og bøn til Herre Kristus Jesus, så Han kan koma inn til oss i vår syndenaud og vaska oss reine. I ljos av dette har eg litt vanskeleg med å syngja songar der me ber Gud om at lovsongen vår må "nå (heilt) opp" til Himmelen. Kan henda nokon kan koma med vers i Bibelen som omtalar dette, eg er ópen for andre måtar å forstå songane på...

Men for å ta litt meir om "lovsong" generelt; Eg meiner at ein Lovsong med stor L, skal handla om, fokusera på, og prisa Herren Den Treeinige Gud. Det eg føler er tilfelle med somme av dei nye songane (no snakkar eg ikkje hovudsakleg om UL), er at dei handlar meir om at- og korleis me lovsyng, enn om Han songen burde handla om.. Men kan henda eg er full av fordomar!

Så for å avslutta dette med musikken på UL, så skal dei ha all ros for songane. Ei solid og god blanding av nytt og gamalt, der mange av dei nye var innhaldsrike på både forkynning og lovprisning, og dei "gode gamle" travarane var piffa opp litt, på ein respektfull og verdig måte! Ja til kvalitetsmusikk, nei til jalla-ungdomslag-wannabe-ul-øvedreven-jammermusikk....

Og konserten me Smoothsound toppa alt av musikk trur eg.. Så månge nyydelige songar, me så profesjonell og BRA musikk attåt! Heilt toppers :)

Men dette er nå mine meiningar og syn. Velkomne til debatt i kommentarfeltet :)