17.04.2010

Eyjafjallajökull

Visste du det, at idag, 17. april, feirer me 135-årsdagen for at mynteininga "Skilling" vart avløyst av den Norske Krona, som me har no?

No veit du det.


Men det eg skulle skriva om, det var den meir eller mindre populære Eyjafjallajökull som ligg og bryt ut for tida. Eller, eg gidd ikkje skriva noko særleg om utbrotet eigentleg, for det gjer vel media meir enn nok. VG er dessutan flinke til å overdriva; Det førre utbrotet som starta 20. mars og varte til 13. april, var i islandsk media omtalt som eit bittelite og uskyldig utbrot. Samstundes skriv VGnett: "Flere hundre evakuert etter kjempeutbrudd på Island". Men no får me jo verkjeleg sjå at det førre utbrotet berre var ein liten fis samanlikna med det som skjer i hovudkrateret akkurat no. Og storleiken på dette er berre rekna som "middels". Vert spanande å sjå kva som skjer når Katla vaknar..

Men så til poenget med dette innlegget: Alle vitsane og ordspela i samband med utbrotet, for dei er ikkje få. Her får du eit lite knippe av meir eller mindre morosame sitat frå rundtomkring på verdsveven:

  • Kult at Island har tatt i bruk røyksignaler igjen - men det holder nå - vi har forstått meldingen: ash or cash.
  • Hvis Island fortsetter å spre grunnfjellet sitt ut over Europa, kan det kalles snikislandifisering?
  • Jeg har hørt at det er lurt å strø aske på plenen for å bli kvitt mose. Problem solved (with a little help from God).
  • Island, det er ikke st.hansaften enda..
  • Dear Iceland. We said; Send *CASH*, with a *C*!
  • Nå må vi stille opp for islendingene. Har fått hjelp av en gammel indianerhøvding til å tolke røyksignalene: "Hjælpur. Vi hatlar gjældur ofanur vaoran pipur og er pengelensur. Sændur pængur snillur, trengur bensinur på Lamborginur med piggdækkur for å komma over fjallar for å handlur meir champagnur. Voldsommur abstinensur. Hjælpur! "
  • Iceland Ask for Help
  • Ved forrige utbrudd på Island, kom det så mye aske til vestlandet at det ble en øy her også. Gjett hva de kalte den... (- Det må være enten Sot-ra eller Ask-øy...)
  • Det er nå bekreftet: Askeonsdag er definitivt en bevegelig helligdag!
  • Vulkanutbrudd? Det er vel bare islendingene som brenner regningen sine...
  • Hvem skal betale for Islands CO2 kvote?
  • Kommer det flere ordspill om aske nå, så blir jeg svært over-asket!
Til slutt nokre mektige bilete eg fann på veven.


God helg til akkurat DEG.