30.01.2011

Lambasvið

Gjekk i butikken her ein dag og såg någe spennande i frysedisken (ilag me lammahjerter, flamberte sauaføter, lever- og blodpølser, og folefilétar), og tenkte: Koffor ikkje?

Framme 

Inni 

Itte 

Va godt å skyla ner me litt Cola, egentligt. 

23.01.2011

Tutten

Han låg i senga si, fekk ikkje heilt sove. Høgre sida låg ned, så han såg mot veggen som var kledd med vassrett panel. Mellom han og veggen låg Lambi og ein liten, blågrå elefant. Han hadde ikkje namn, og ikkje kom han til å få det heller. Snabelen var kort, men peikte rett til vérs, ganske merkeleg eigentleg. Sjølv om Lambi var det kjæraste kosedyret hans, var det likevel elefanten som festa seg i minnet der han låg og såg.

Mor og far var vekkreiste for kvelden. Han fekk ikkje med seg kva tid dei reiste, eller kvar dei skulle, men det var tante som var komen for å sjå etter han og systera denne kvelden. Ho sat truleg i stova og såg fjernsyn eller las ei god bok. Det var ikkje så viktig. Han prøvde berre å sove. Ikkje forstod han heilt kvifor det ikkje gjekk. Han hadde jo den blå favoritt-tutten og Lambi, det var mørkt, men døra stod på gløtt så ei smal lysstripe slapp inn i rommet, nett som han ville ha det. Lyden av tante som rasla med noko i stova nådde inn på rommet med ein betryggande ro.


Etter ei stund byrja mjølka å nærma seg enden av reisa, og han snudde seg mot døra og ropa: "Tante!". Lyden av ei bok eller noko liknande som vart lagt på bordet fann vegen inn på rommet, og han høyrde mjuke fottrinn koma mot rommet. "Ja, ka e d?", spurde ho med ei varm røyst. "Eg må på do..!".

Ho leidde han ut av rommet og bortetter den smale gongen, med eit rufsete teppe på golvet, og trefarga panel på veggane - lik den på soverommet. Forbi den forbodne døra som skjulte troppa opp til "dei oppe", og inn på badet. Han hadde eigentleg lært å gå på do, og klarte alt sjølv. Men så seint på kvelden - etter leggetid - var det litt for skræmande å vera på gongen åleine, og badet var heller ikkje så koseleg. Gamalt kjellarbad, med ein stor, skræmande dusj rett attmed, og mange røyr under vasken og rundtetter. Tante trong ikkje hjelpa til, det var nok at ho var der. Då var det så mykje tryggare. Han ville eigentleg ha med Lambi òg, men det sa tante ikkje var naudsynt. Han skulle liggja og venta i senga. Men tutten fekk han ha. Med den litle krakken framføre do, rokk han fint opp, og det byrja å sildre.

Nett då dei siste dråpane drøyp ned glapp tutten ut or munnen. Han svevde ei lita stund før han sakte - som om han datt mange hundre meter - nærma seg doskåla. Landinga kom med eit stort plask i vatnet. Han kjende brått klumpen i halsen voks som om han skulle sprenge. Han ville plukka tutten opp att, men tante stogga han, og skunda seg å trekke i snora. Heile verda rasa saman. Badet vart plutseleg mørkt og kaldt, og alle skuggane var med eitt mykje lengre, mørkare og farligare. "Du kan kje bruga tutten nå så han har dotte i do, åsså e du jo gammale nok te å klara deg uden nå?", prøvde tante seg trøystade. Men det var ikkje store hjelpa. Det kjendes som han brått var riven ut or den trygge verda, og inn i neste steg av livet. Han visste at store gutar ikkje brukte tutt, men han var liksom ikkje klar for å gje han opp heilt enno.

Tante leidde han tilbake til rommet, og sette seg ved sida av han i senga. "Eg trur du klare deg fint uden nå, du e jo snart tri år. Forresten så har tutten allerede komt lånt udpå sjøen nå, heilt der så ferjå kjøre. Om någen dagar så e d sikkert någen andre så finne an og får glede av an, kanskje ein fattige gutt i Afrika?" Det var ei mager trøyst, han hadde framleis ikkje tutten, men fortelijnga til tante fekk fantasien på gli, og han såg først føre seg ferja som sigla rett over tutten, før ei sandbrun øy med ei palme og ein liten svart gut kom til syne. Tutten hadde reke heilt inntil land, og den vesle svarte guten som aldri hadde fått tutt av far og mor fekk no glede av den tutten som datt i do. Han slo seg litt til ro med dette, og tante slukka lyset att og gjekk fram i stova.

Att i rommet var ei skjerande stille som nærast stakk i øyro. Lambi og elefanten låg og kviskra til kvarandre, dei tyktes litt synd på eigaren deira. Systera hadde aldri hatt tutt, noko han ikkje klarte forstå. Men ho hadde alltid tutta på tommelen. "Eg får prøva det då", tenkte han med seg sjølv. Men det var liksom ikkje heilt det same. Det var noko feil med det. Han låg lenge, framleis på høgre sida så han såg inn i veggen, og på Lambi og elefanten. Lenge, lenge. Det kjendes som ei veke.

Brått var det morgon att.