02.08.2009

UL 2009

Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å få tid til UL 2009. Men så vart det ikkje så hektisk på jobb som eg hadde trudd, og plutseleg var eg ledig både eine og andre kvelden, og det var rett før det svarte seg å kjøpa vekespass. Eg fekk med meg det meste av opningskvelden, onsdagsettermiddagkvelden, fredagskvelden og laurdagskvelden- og natta. Stor framgang dette året, 2006 var eg berre på opningsseremonien, 2007 var eg ikkje på noko og i 2008 var eg på eitt møte. Men 2009 er året. Kanskje prioriterer eg UL 2010 høgare enn 2009, det får framtida vise.

Det er vanskeleg å summera UL opp i få setningar. Og enno vanskelegare er det å få eit godt bilete når eg ikkje fekk med meg ein einaste bibeltime, kun eitt seminar og gjekk glipp av to kveldsmøter. MEN det eg sit att med er ei overveldande begeistring for den praktiske gjennomføringa, og kvaliteten på arrangementet- reint teknisk sett. Opplegget og anlegget i amfíet var av høgaste kvalitet, noko som slett ikkje er så vanleg rundtforbi. Framføringa var óg knallbra, musikarane var utruleg flinke og friske.

Så kjem me til det andlege innhaldet. Somsagt fekk eg ikkje med meg seminara eller bibeltimane. Men spesielt fredagskvelden og laurdagskvelden fekk me servert særdeles solid og god forkynning! Dei sit begge att hjå meg som sterke og ransakande møter..! Så forstå meg rett: Kur likte UL :)

Men, det er alltid eit men, og UL er ikkje noko unntak. Dette er ikkje meint som kritikk, men meir som ei slags undring. Eg er oppvaksen med at Gud vil ha ei sundbroten sjel, på kné framføre krossen, i takk og bøn til Herre Kristus Jesus, så Han kan koma inn til oss i vår syndenaud og vaska oss reine. I ljos av dette har eg litt vanskeleg med å syngja songar der me ber Gud om at lovsongen vår må "nå (heilt) opp" til Himmelen. Kan henda nokon kan koma med vers i Bibelen som omtalar dette, eg er ópen for andre måtar å forstå songane på...

Men for å ta litt meir om "lovsong" generelt; Eg meiner at ein Lovsong med stor L, skal handla om, fokusera på, og prisa Herren Den Treeinige Gud. Det eg føler er tilfelle med somme av dei nye songane (no snakkar eg ikkje hovudsakleg om UL), er at dei handlar meir om at- og korleis me lovsyng, enn om Han songen burde handla om.. Men kan henda eg er full av fordomar!

Så for å avslutta dette med musikken på UL, så skal dei ha all ros for songane. Ei solid og god blanding av nytt og gamalt, der mange av dei nye var innhaldsrike på både forkynning og lovprisning, og dei "gode gamle" travarane var piffa opp litt, på ein respektfull og verdig måte! Ja til kvalitetsmusikk, nei til jalla-ungdomslag-wannabe-ul-øvedreven-jammermusikk....

Og konserten me Smoothsound toppa alt av musikk trur eg.. Så månge nyydelige songar, me så profesjonell og BRA musikk attåt! Heilt toppers :)

Men dette er nå mine meiningar og syn. Velkomne til debatt i kommentarfeltet :)

3 kommentarer:

  1. Hei! Eg googla Smoothsound og fann denne sida... Morosamt at de skulle vere deg! Håpar du kom deg heil til oslo att :) Eg huska på deg i bøn. Fantastisk å høyra dykk på SIC som me så fint har forkorta det til :) og tusentakk for fint blogginnlegg om oss :)

    Helsing Eva

    SvarSlett
  2. Oi, eg såg kje kommentaren din før nå, men ja. Du vett jo eg e fan av SmoothSound, og forsåvidt alt så har me Songbogå å gjer ;)

    SvarSlett