11.08.2010

UL 2010

Oppsummert med prikkar:
  • Knallbra Bibeltimar
  • Ikkje så heilt verst sangvalg (les: det kunne vore mykje verre)
    - (eg slit framleis med å vera så from at eg kan
    syngja at mitt innerste ønske er å tena
    Gud mens eg lever her.. Eg ville så gjerne, men...)
  • Enkelte tøffe arrangement på gode, gamle Songboksongar (slikt fryder hjarta mitt seg over)
  • Enkelte gode kveldsmøte (enkelte dårlege òg)
  • Liknande musikk som i fjor, men sjefsvokalisten tok litt mindre plass på scenen (positivt)
  • Småpinlege øyeblikk når lovsongsteammedlemmer prøver å seia ugjennomtenkte- og meiningslause ord mellom songane. Tips til neste år: Kva med eit fint lite vitnesbyrd om Jesus? Ja takk!
  • Lovsongsleiarane snakka med kvalmande "lovsongsstemme". Ikkje for å rakka ned på andre sine uttrykksmåtar, men..
  • Forstod ikkje heilt ho halvnakne jenta som rulta rundt på scenen. Vel, forstod etter å ha fått det forklart (først bunden, så fri..), men ho kunne i det minste ha kledd seg litt meir.. (å dekkja til trusa er ein god start..)
  • Fantastisk å treffa så mange kjende, takk Gud for alle gode folk eg har fått møta!
  • Eg vart konfrontert av Sverre Bøe: "kjører du med en "hellig" høyrefot?". Eg måtte spørja meg sjølv, og kom fram til at svaret litt for ofte er "nei". Kur, ta deg samen!
  • Utruleg kjekt å sjå at så mange (godt og vel 3000) vil samlast for å høyra Guds Ord!!
  • Skulle ønske avslutningsshowet kunne bore litt meir preg av Jesus, og litt mindre preg av diskofest. Men det er min smak!
  • Navnet Jesus sette uansett eit verdig punktum for UL 2010!
Det må nemnast at denne lista er STERKT påverka av mine subjektive meiningar, og har overhovudet ingenting med objektivitet å gjera. Eg må understreka at UL er ein enormt viktig plattform for å nå ungdom med Evangeliet, ein fornyande Oase der me får servert Guds Ord i den ellers andelege tørketida.

Men dette er noko av det mest positive som vart drege fram på UL, og desse versa har følgt meg i sommar heilt sidan Smøla. Dette, kjære folk, er NÅDE:
"Men no har Guds rettferd, som lova og profetane vitnar om, vorte openberra utan lova. Det er Guds rettferd ved tru på Jesus Kristus, til alle og over alle som trur. - For det er ingen skilnad, alle har synda og står utan ære for Gud. Og dei vert rettferdiggjorde ufortent av hans nåde ved utløysinga i Kristus Jesus." ~ Romarane 3:21-24
Sånn ellers, til alle Gaither-fans som evt. les dette: Han vokalisten med det store, lange, gråe håret og den enorme stemmen, som har hatt konsert i Stavanger nyleg, tok seg ein tur på Lysefjorden akkurat når eg var på jobb.. Kjekt! Så no er kjendislista mi slik, rangert etter kor stas eg tykte det var:
  1. Dagfinn Høybråten
  2. Ellen Solheim
  3. Brakkvald Tolvstøkkje
  4. Guy Penrod
  5. Morten Harket
Dagsens spørsmål er eigentleg to spørsmål.
Eg veit ikkje svara sjølv, så løysinga er òpen for
livlige fantasiinspirerte forklaringar.
  1. Kven er "Ute"?
  2. Kva er å "krukke"?

7 kommentarer:

  1. Enig med deg! Men eg må sei eg føle nesten eg e på konfirmantleir når eg e på UL. Enten e det eg så e på vei te bli gammale, ellers e gjennomsnittspublikummet 6-7 år yngre :D

    SvarSlett
  2. Heh, me eldest :/ Men eg føle meg nå fortsatt tidlig i ungdomstiå, føle eg har någen år igjen ennå - sjøl om d bler fleire og fleire kvart år så e yngre enn oss..!

    SvarSlett
  3. Grete Y. Martinsen23. august 2010 kl. 12:02

    Fint med engasjement og subjektiv analyse av dine UL-opplevingar. Men eg tenkjer at du burde halde deg for god til å skrive at folk har "kvalmande stemmer". Ærlig talt; folk må nesten få lov å både snakke og synge med dei stemmene dei har blitt utstyrt med.

    Det var no berre mi subjektive meining.

    SvarSlett
  4. Hei Eirikur,

    Bra at du e engasjert og evalueringer e viktigt!

    Når du evaluere, vil eg bare gjer deg oppmerksom på at bloggen din e offentlig å alle kan lesa d du skrive. Husk å skriv me respekt.

    Eg vil benytta anledningen t å forsvara lovsongsteammedlemmene på UL 2010.

    Vennlig hilsen
    Gjermund

    SvarSlett
  5. Tusen takk, kjære folk, for subjektive og ærlige tilbakemeldingar!

    Poenget mitt med "kvalmande lovstongssteme" va ikkje å rakka ner på dei flotte stemmane som deltok på UL, men snarare ei måte å bruga stemmen på, som eg oppleve som ein del av ein "stemningspakke" som EG oppleve som unaturlig. EG, altså. Det e ikkje på någen måde sikta t någen bestemt person, eller på någen måde personligt meint.

    Eg vil understrega at dette ikkje e ei evaluering, snarare et oppgulp av usensurerte tankar. Eg e klar øve at alle kan lesa bloggen min, og eg trur ingen har vondt av å møta någen som tenke annerledes om ein bestemt uttrykksmåte. (eg, som oppvokst i Bedehus må jammen tåla eindel når eg går på møter i større samenhengar)

    Du e sjølsagt hjerteligt velkommen t å forsvara lovsongsteammedlemmene på UL 2010, dei va råflinke, og formidla masse bra! :)

    SvarSlett
  6. Du kan visst kjøpe både møbler og hager på salg der og. Kanskje "å krukke" er noe man gjør i hagen når man spiller krokket? Jeg veit at Ude er et etternavn, muligens et dansk navn? Hvis det stemmer, så er dette en fornorskning av det navnet. Det er altså han som spiller krokket med deg hvis du vil teste gresskvaliteten i en av hagene som er på salg...
    Hvor møblene kommer inn i bildet vet jeg ikke helt, men det har sikkert noen andre et godt svar på.
    Angåenge UL, så var jeg ikke der, men det høres jo ut som om det har hevet seg en del hakk siden sist jeg var med, i Fredriksstad.
    Har de fått til å senke volumet til et nivå der man kan høre seg selv synge og?

    SvarSlett
  7. Hehehhe, eg ler godt :)

    Angående UL, så va eg ikkje i Fredriksstad, så eg vett ikkje.. Nei, eg trur volumknappen på UL-anlegget e sveist fast på max.. Ikkje hørre du verken deg sjøl eller sidemannen eller någen andre...

    SvarSlett