Vel, minimumssnittemperaturen i Dubai er +14,3°C i januar, så det er kanskje uvanleg at det snøar.. Men tenk det slik:
14,3°C - 5,4°C = 8,9°C.
Det skal då ikkje meir til enn ca. 8°C under minimumsnormalen før det snøar på spissen på spiren. For litt under eitt år sidan snøa det (ifølge http://www.arabianbusiness.com) på eit ca. 1737 m. høgt fjell i nærleiken, med temperaturar ned mot -3°C. Dersom me då brukar modellen til Yr.no, skulle det ha vore rundt +2,8°C på taket av Burj Khalifa den dagen (og +8,2°C på bakken, 16 moh.). Då er det ikkje mange gradene att før taket er kvitt, gitt! (dei siste vekene her i Sør-Noreg vitnar vel klart at det kan verta kaldare enn normalen!)
For å få eit lite perspektiv på kor høgt dette monsterbygget er, skal eg trekkja fram nokre kjende referansar å samanlikna med (høgda til Burj Khalifa i høve til referanseobjektet er oppgjeven i prosent i parantesen bak) :
- 282 m. lågare enn Kjerag (ca. 75 %)
- 086 m. lågare enn Esjan (ca. 90 %)
- 041 m. høgare enn Reinarnuten (ca. 100 %)
- 188 m. høgare enn Øygardstøylen (ca. 130 %)
- 231 m. høgare enn Preikestolen (ca. 140 %)
- 385 m. høgare enn Empire State Building (ca. 200 %)
- 389 m. høgare enn Kjortåsen (ca. 200 %)
- 504 m. høgare enn Eiffeltårnet (ca. 250 %)
- 624 m. høgare enn Øresundsbron (ca. 400 %)
- 655 m. høgare enn Yding Skovhøj (ca. 500 %)
- 711 m. høgare enn Oslo Plaza (ca. 700 %)
- 717 m. høgare enn Postgirobygget (ca. 750 %)
- 754 m. høgare enn Hallgrímskirkja (ca. 1100 %)
- 764 m. høgare enn Forum Jæren (ca. 1300 %)
Tygg litt på dei, du!
No skal eg ut og nyta -21°C (som jo hadde vore -26,4°C på toppen av Burj Khalifa viss han hadde stått på Sinsen, og me ikkje hadde teke hensyn til fenomenet inversjon..)
Dubai! :D (den e litt intern, men viss Mari ser an forstår hu)
SvarSlettdubidubidubi! DUBAI!
SvarSletthehe, eg trur eg tog an eg au :P
SvarSlettFlinke du æ mæ tal, elle he du fonne dæ en plass?
ååå.. kan dåkk kje gå ein aen plass og var interne?
SvarSlettJo, takk, Ingvil. Kjeme långt me ein kalkulator og øveflod av fritid ;)
(såkalla fritids)
Det bygget der er helt sykt. Kvadratmeterprisen for å bygge det kom visstnok på 250.000 kr. Og likevel er de fleste leilighetene solgt.
SvarSletthaha..:D Hæfti bygg!
SvarSletthaha. DUBAI!
SvarSlettDet er vel kanskje på sin plass å sammenligne med Norges høyeste byggverk, som verken er Nidarosdomen 98m, Postgirobygget 110m, Oslo Plaza 117m, Fullgjødsel 4 (i Porsgrunn), Helgelandsbrua 138m, Askøybrua 152m, Grenlandsbrua 166m, men noen av de eventyrlig stor olje- og gassplattformene utenfor kysten vår. Troll A på 472m er den høyeste (303m vanndybde). Men da blir jo temperaturregnestykket ditt ganske annerledes på grunn av alt vannet... Troll A er forøvrig den største konstruksjon bygget av mennesker som er flyttet på! Ikke mindre enn 20 mil...
SvarSlettsga sei du e gla for kommentarar!!! men slik lek med tall trudde eg ikkje va typisk for deg! det kalles matte....:D
SvarSlettDet e praktiske og fysiske matte, det e jo kjekt!
SvarSlettDessuten e det kjekt me kommentarar, men ikkje når d e ekstern humor, og eg ikkje forstår! :P
Makan.. Fritidsproblemer! :p
SvarSlett