28.12.2009

Eplemost

Eplemost smakar så slettes ikkje agurk.
Slik skal han sjå ut etter ein slurk.
Dei fleste har ikkje forstått det.
Berentsen har forstått det.
Sjå den skummen.
Perfekte fresen.
Eplemost.

25.12.2009

Kjøkkenpuss!

Her kjem nokre bilete frå oppussinga. Har diverre ikkje fått med bilete av alle som har teke del, men hovudpersonane er representerte! Me delte deltakarane opp i to lag, som arbeidde annan kvar kveld, bortsett frå sundagane. Gjorde alt sjølve, bortsett frå typisk røyrlegging, golvlegging og elektriking.

Først to glimt frå korleis det var før me byrja:




Så byrja alvoret!

O, du herlige IKEA!


Og slik vart resultatet:


Og eg fekk ei kokebok til jul:

"fristende fransk
En samling med mer enn 100 grunnleggende oppskrifter
"

Så, velkomne på besøk! :)

Arme Jord, ha Jolefred!

Det er med skuffelse eg stadfestar at ingen har bestilt CD med Juniorgruppa! Vil minna om at eg framleis har dei liggjande, og det treng jo ikkje vera jul for at ein skal kunne gje vekk gåver! Spring og kjøp!

Men no er det jul, og det er jo flott! Eg tenkte på det her om dagen. På litle julafta, faktisk. Eg stod i kø i ein butikk i Stavanger, og radioen stod på. Og derifrå ljomde utover heile butikken "Jeg er så glad hver julekveld, for da ble Jesus født". Tenk, så flott då! Diverre er det vel få som tek orda til hjarta, men Kristus vert i alle høve forkynt, som Paulus seier. Og det må vera ei bøn i desse tider, då folk kjem meir i kontakt med bodskapen i Bibelen, at einkvan må få ta imot Ordet..!

Det er vel ofte slik at me klagar over kor dårleg det er med kristendomen i Noreg for tida, og jammen har me klagegrunnlag. Men sjå på dei juleplatene som har kome i år. Fullstappa med dei fine, tradisjonelle, kristne julesongane. Favoritten min har nok vorte "Arme Jord, ha jolefred" med Kvindelige Studenters Sangforening, som eg var på konsert med før eg reiste heim. Eg trur det var den mest fantastiske konsertopplevinga eg har hatt! Og plata er òg heilt fantastisk. Firstemt, nesten a cappella, berre ein kontrabass på litt over halvparten av songane.

Men sånn ellers, så kunne eg jo fortalt om Fjordingane-turnèen vår på Halsnøy og Ombo, som enda med innesnøing, straumløyse og avlyst sundagsmøte, eg kunne fortalt om køyreturen min heim frå Oslo, der eg akkurat slapp unna snøvêret før eg var heime, eg kunne sagt kor kjekt det var på julafta, eller korleis det såg ut rundt Grand Hotell i Oslo når Obama var der, eller korleis det gjekk på eksamen, eller kva me fekk på Hymnologieksamen, eller eg kunne fortalt om konserten eg var på, med Leif Ove Andsnes, eg kunne fortalt at eg reiste bomtur til Stavanger, for Marvik Service hadde sagt dei kunne fiksa låsen min, men når eg kom, så kunne dei ikkje det likevel. Eg stolar ikkje heilt på skiltet deira: "Vårt ordspråk: Det umulige tar bare litt lenger tid". Men, eg skal nøya meg med å leggja ut litt bilete frå kjøkkenet vårt i 5. etasje på hovudbygget på Fjellhaug, som me på dugnad har pussa opp frå ein råtten, liten hybel, til eit skinande, nytt, flott (og skeivt) IKEA-kjøkken!

Men det skal eg ikkje gjera før i neste innlegg.

Her skal eg heller leggja ut tidenes finaste julasong slik han står i "Sangboken - Syng for Herren":

643 Mitt hjerte alltid vanker
T Hans Adolph Brorson 1732
M Svensk folketone 1824

1
Mitt hjerte alltid vanker
i Jesu føderum,
der samles mine tanker
som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme,
der har min tro sin skatt;
jeg kan deg aldri glemme,
velsignet julenatt!

2
Hvi lot du ei utspenne
en himmel til ditt telt
og stjernefakler brenne,
du store himmelhelt?
Hvi lot du frem ei trede
en mektig englevakt,
som deg i dyre klede
så prektig burde lagt?

3
En spurv har dog sitt rede
og sikre hvilebo,
en svale må ei bede
om nattely og ro:
En løve vet sin hule
hvor den kan hvile få -
skal da min Gud seg skjule
i andres stall og strå?

4
Å, kom, jeg opp vil lukke
mitt hjerte og mitt sinn
og full av lengsel sukke:
Kom, Jesus, dog herinn!
Det er ei fremmed bolig,
du har den selv jo kjøpt,
så skal du blive trolig
her i mitt hjerte svøpt.

5
Jeg gjerne palmegrene
vil om din krybbe strø.
For deg, for deg alene
jeg leve vil og dø.
Kom, la min sjel dog finne
sin rette gledes stund,
at du er født herinne
i hjertets dype grunn!

19.11.2009

Juniorgruppa - Gud valgte bo i meg

Då vil eg nytta høvet til å reklamera litt her.

Det nærmar seg juletider, og nokon og ein kvar har kanskje byrja å tenkja på jolegåver. Då skal eg hjelpa dykk litt her. I sommar gav me ut ein CD med det barnekoret på Lura eg har permisjon frå; Juniorgruppa. Dette vart ein strålande CD, og sjølv om dette er eit barnekor, og først og fremst ein barneCD, er både den andelege og musikalske kvaliteten på eit slikt nivå at folk i alle aldrar bør kunna nyta han i bilen, i stova, på t-banen, på bussen, eller kvar som helst!

Denne "reklamen" er først og fremst retta mot folk i Oslo eller deromkring, men eg kan gladeleg senda han til deg, dersom du bur lenger vekke.

Pris pr stk.: kr. 170,-

Fjellhaugfolk er velkomne til å banka på hjå meg, på rom 603. Ellers kan de leggja igjen ein kommentar her under, senda meg ei melding eller ringa meg på nr. 906 79 340, eller senda meg eit elektronisk brev på eirikur.melberg@gmail.com.

26.10.2009

Sokkavask!

For nokre dagar sidan skulle eg vaska sokkane mine. Så gløymde eg at eg hadde vaska dei, så dei vart liggjande i maskinen over natta, og utover neste dag. Det seier seg kanskje sjølv at dei hadde klart å utvikla ei tildels spanande lukt desse timane dei fekk godgjera seg i vaskemaskinen. Men dette var jo alle sokkane mine, så eg hadde ikkje val, smell å gå med stinkande sokkar..! (eller, det er eg jo van med, men at dei stinkar allereie før eg tek dei på er nytt og uvant, sjølv for meg..).

Så, idag tok eg affære og heiv (nesten) alle sokkane mine i vaskemaskinen. For å vera på den trygge sida køyrde eg dei 3 gonger gjennom 60°C intensiv-vask, og hadde på ca 1 dl. MILO til kvar omgang. Så om eg no finn ein sokk som ikkje luktar MILO, vil det verta over og ut for tenesta hans i fotvarminga her i garden..!

Eg oppdagte det at alle sokkane mine klarte å fylla vasketrommelen diagonalt frå ende til annan, to gongjer radiusen og heile omkrinsen! Så av trivielle årsaker tenkte eg eg ville ta ei lita oppteljing. Er jo greit å ha oversikt over kapitalen. Ein set jo opp budsjett for pengebruk, så kvifor ikkje gjer det same med sokkebruken, då vert det lettare å vita kva tid eg må vaska sokkar neste gong! Så eg tok til på oppgåva. Eg var uroa for at det skulle enda med oddetal, sidan eg plar hiva ein og ein sokk, ettersom dei vert oppbrukte (når hólet gløyper alle tærne). Men til mi store glede, fann eg at eg vaska 88 sokkar idag. Det vil seia eg har ein sokk til kvar tangent på pianoet. 84 fekk plass på øvste etasje på tørkestativet, mens dei resterande 6 sokkane måtte ta til takke med ei undersnor.. Dessutan fann eg 6 sokkar i stinketøykorga, så oppsummert vert det totalt 94 sokkar! Men 88 reine sokkar, vil altså seia at eg har sokkar for 44 dagar framover (så framt eg klarer meg med eitt par til dagen..). Så då vil torsdag 10. desember vera siste dagen eg har reine sokkar, så sant eg ikkje vaskar sokkar før den tid..!

Men no skal eg sova, til god og metta MILO-duft av dei 88 sokkane som heng til tørk på rommet mitt =)

23.10.2009

Ei lita oppsummering..

Eg ser november nermar seg med stormsteg, og eg føler eg må få med eit nytt innlegg innan oktober seier takk for seg. Eg har ikkje noko særleg stridsemne å ta opp idag, men det har skjedd nokre få spanande ting sidan sist innlegg, som eg skal beretta om i dei følgjande tekstlinjene..

1. Pedagogikk.
Me fekk tre oppgåver i pedagogikk. Heldigvis fekk me velja ei av dei. På meg vart det "Skulen og det Musiske Menneske". Mens medelevane mine reiste heim for å få kos med mor, tok eg den fornuftige vegen, og vart att Fjellhaug i "haustferien" (!). Eg hadde aldri skrive høgskuleoppgåve før, så det var litt spanande óg! Det var tungt å koma i gong, og det var mange område med motstraum. Men onsdagskvelden traff eg bølga som førte meg rett uti golfstraumen, og orda rann ut! Oppgåva skulle vera på rundt 2000 ord, og eg ser på Tryneboka at eg kl 19:20 på onsdagskvelden hadde 53 ord. Målet for kvelden var eigentleg 1000 ord, men plutseleg såg eg 1100-talet og 1200-talet, og eg tenkte det var då ergeleg å måtta stoppa no når det gjekk så unna! Så eg vart sitjande til 09:15 torsdagsmorgon, då eg hadde oppnådd 2013 ord, og eg kjende meg nøgd med natta! Fristen var fredag 02. okt. kl. 1200, men eg var altså ferdig 09:15 torsdagsmorgon 01. okt..! Det trur eg ikkje eg har opplevd før, å vera ferdig i så god tid!!

Eg hadde ikkje store forventningane til dette faget, som eg eigentleg ser på som ei stor, stygg biverkning på eit ellers spanande musikkstudium! Målet var å stå!

2. "Haustferie"
Eg nemnde tidlegare at eg var på Fjellhaug heile haustferien. Dette var delvis sant. Første helga fekk eg med meg Maria, og me køyrde heim ein liten helgetur for å få med oss den årlege Misjonsmessa for NLM-foreiningane i Strand. Der var me så heldige å få høyra sjølvaste Arne Helge Teigen (lærar her på huset). Sundagen var me på eit møte på Jørpeland før me reiste, og der var det Ola Tulluan som preikte.. Men såå reiste me altså tilbake til Fjellhaug for å arbeida med pedagogikken, som eg då allereie har fortalt om!

Men så kom neste helga i haustferien, pedagogikken var innlevert, og eg tenkte me måtte feira denne hendinga! Så då sette me kursen sørover!! E6 ned til Helsingborg, der me tok ferja over til Helsingør. Utan betaling sjølvsagt, var bare å køyra gjennom AutoPASS-stasjonen, så var ferjebilletten løyst! Godt system!

Målet med turen var å sjå København, men først på lørdagen brukte me litt tid i Helsingør, før me køyrde nord langs kysten til Gilleleje, der me fekk oss litt fantastisk god frukost og påfølgjande sightsjåing. Så bar det sør til Hillerød, der me fant LMH - Luthersk Missionsforenings Højskole, og eit stort slott i ein flott park. Mange fine plassar og småbyar.

Av frykt for storbykøyring i København, sette me bilen i Hillerød, og tok toget ned til København. Det var nok lurt. Å setja bilen igjen i Hillerød altså. København, ja, det var jo fint.. Men det regna i absolutt alle retningar, både opp, ned, bort og tilbake.. Og vinden.. Så me gjekk ein liten runde, før me fann ein restaurant der me fekk oss ei betre italiensk pizza, og lét vatnet få dryppa litt av oss, før me heiv oss uti krigen mot véret igjen, med målretta kurs mot jernbanestasjonen!

Planen var eigentleg å køyra tidleg heimover på sundagen, men då me såg véret var betydeleg betre, droppa me dei planane, og heiv oss på toget ned til København igjen. Det var noko anna, iløpet av føremiddagen letta det heilt opp, og me fekk strålande sol resten av dagen! København var altså ganske flott! Me fekk oss ein tur med kanalbåt, og fekk dermed sett mykje fint! Men så køyrde me altså heimover då, sundagskvelden. Me tok ei litt anna rute heim, eg hadde drøymt om å køyra over Øresundsbron, så det gjorde me! Og det var jammen kjekt! Fytti, for ei bru! Først bar det ned i ein senketunnel under sjøen (dog, 10 muh på det djupaste..!), før me kom opp på "Peberholm", den kunstige naboholmen til "Saltholm". Derifrå var det 7,85 km. fundamentert på brukar og stag bortover sjøen! Pillarane til skråstagbrua over seglingsleia er 204 m. høge, altså 31 m. høgare enn den det høgaste punktet i Danmark!

Ja, så, frå Malmö var det raka vägen hæm att. Mange km., men med fartsgrense på 120 km/t store deler av strekket til Göteborg, og 110 km/t derifrå til Strømstad, går kilometrane unna! Konge tur, rett og slett! :) (sjå fleire bilete på tryneboka etterkvart...)

3. Mor og far kom på besøk.
Ikkje så mykje å seia om det, anna enn Tusen takk for besøket!! Det var kjekt!

4. SPOTIFY.
Nam. Yess. Konge. Digg. Godt. Fint. Snadder. Nice. Nydeleg. Fantastisk. Herleg. Inderleg. Flott. Kjekt. Positivt. Stabilt. Tusen takk, Svein.. Eg vart sitjande til halv 6 (trur eg) første natta med Spotify på maskinen! For eit fantastisk program! =D Farleg for ein musikkelskar, though... Skulearbeid og andre viktige ting får hard konkurranse..!

Men no får det vera nok for idag. Kanskje eg kjem tilbake seinare med ei lita oppsummering om kjøkkenet vårt, som me driv og pussar opp.. Prøver å ta litt bilete, så de kanskje får sjå utviklinga frå gammalt, til nedrive, til halvvegs, til heilvegs nytt!

Men til sist; dagens spørsmål:
Kva karakter fekk Kur på Pedagogikkoppgåva si? (slike som har fått svaret kviskra i øyra eller nemnt på msn får diverre ikkje svara på denne spurninga... men de må likevel ikkje fortvila- de er like mykje verd!)

28.09.2009

"Stor nok til å passe i Jesu hand" ??

Her kjem eit lite ekstrainnlegg på morgonkvisten. Var i utgangspunktet meint som ein kommentar til sist innlegg, men fekk heller lyst å leggja han ut som eige innlegg.

Bakgrunnen for at dette "svaret" (til ein kommentar på sist innlegg) vart så langt, er at eg hadde ei litt skremande oppleving med barnasongar på Jørpeland i går (sundag). Eg var då altså på møte på Jørpeland, og me skulle synga barnasongar, så kom ein song:

"Liten, men god som gull.
Liten, men ikke et null.
Liten, men jeg gjør så godt jeg kan.
Stor nok til å passe i Jesu hand."

Dette er sjølvsagt berre eit døme. Eg har sansen for dei enkle barnasongane, og den enkle og klare bodskapen har nok hatt betydeleg betydning for "større" folk óg. Men sintnemnde song er jo direkte vranglære slik eg forstår det. Når det skal vera så enkelt og "koseleg" at det går ut over læra, og dei absolutt mest grunnleggjande elementa i kristendommen, då vert det Feil!

Men det finns vel knapt nokon sannare song enn:
"På Golgata stod det ein Kross,
Jesus døydde på krossen.
I hagen var det ei grav,
Jesus låg i den grava.

Men krossen er tom,
grava er tom,
Jesus stod opp, og Han lever!"

Tenk det, Jesus stod opp, og Han Lever!

23.09.2009

Store, Store Gud!

Eg har egentligt månge ting eg konne skreve om på bloggen min. Oslo e forsåvidt ein spennande plass me månge ting så skjer. Eg konne skreve någen meiningar om Misjonssalen, eg konne skreve någe om Onsdagsmøtene her på skulen, eg konne skreve litt om timane på skulen, eg konne skreve litt om den fantastiske klassen. Og nå har eg jo skreve om alle tingå eg har nevnt. Iallefal nevnt. Men eg gidde ikkje skriva meir. Får ta d seinare. D eg derimot vil gjer, e å presentera någen barnasongar. Og då tenke eg ikkje på tradisjonelle barnasongar, men på d eg trudde va barnasongar heilt t någen lo av meg.

Eg va me på småmøte på Heiå ei gong når eg va ganske liten. Så blei eg spurt om eg hadde någe sangforslag, og d hadde eg jo! Så då song me den songen eg føreslo. Når me kom heim blei eg spurt om d va kjekt på møte, og det syns eg! For me hadde jo sunge ein barnasang, fordi eg va der..! - Ka song då? - Jo; "Store, store Gud, kven kan deg forstå?"

469 Store, store Gud!
Norsk
T: Tor Ullsvik 1930, 1937
M: Tor Ullsvik 1937

1
Store, store Gud!
Kven kan deg forstå?
Underleg er vegen som du fører dine på.
Men om vegen titt vert trong,
eg fram til målet ser,
den fagre, fagre himmelheim,
tenk snart så er eg der!

2
Store, store Gud
som oss livet gav,
sjå, det liknar liten blom som snart lyt falla av.
Så det visna må og døy,
det livets lagnad er.
Men bakom dødens skuggeland
eg himmelheimen ser.

3
Store, store Gud,
takk for denne von,
takk for all din kjærleik og for frelsa ved din Son!
Du fann meg i ungdoms år,
du kalla meg med namn,
du vil og sikkert føra meg
til himlens lyse hamn.

4
Jesus, løys meg meir!
Frå kvart band som bind!
Vert min livsstrid tung, så la meg sjå i himlen inn!
Og la vona verta sterk
så gjennom tåreglans
eg skoda kan min himmelheim,
mi krona og min krans!

5
Svikefulle verd!
Du bind mange fast,
mang ein gjekk her vonfull, glad, men vonene dei brast.
Takk då, takk, min Frelsar kjær!
Eg no til deg er fest
med blodets sterke band, og då
mi livsvon aldri brest.

(Teksten er saksa frå SigveSaker sitt Songboktillegg til DataBibelen, som forresten herved er anbefalt på det aller sterkaste!)

Til alle foreldre som trur barn ikkje forstår anna enn balluba og bob-bob-bobler inni meg og sånt; Eg forstod kanskje ikkje innhaldet i dette når eg lærte songen, men det har vore til stor glede seinare, når eg vaks opp og byrja å forstå kva me song.. Lær borna skikkelege songar, det er ein skatt som vil verta dyrebar for dei resten av livet! Tusen takk, (min jordiske) Far!!

15.08.2009

Oslo..................??!!??!?!

Ja, Oslo...

Eg gjekk på Fjellheim, så byrja eg i Rødne. Så fekk eg meg nokre veker fri og reiste til Tromsø på Kortkurs 2009. Så arbeidde eg litt til før eg måtte til Island i begravelse. Så jobba eg litt til før eg tok meg ferie og reiste til Island. Arbeidde litt til, og reiste på Bibelcamping på Solåsen i Vestfold. Så arbeidde eg litt til, og plutseleg vakna eg opp i Oslo..

Det går så smått opp for meg at eg har forvilla meg inn på det farlege og fiendtlege austlandet..! Og her skal eg etter planen vera eit skuleår f.o.m. måndag! Eg har ikkje enno heilt innfunne meg med tanken på akkurat dette, men no går tinga sin gang, og eg gidd ikkje pakka i bilen att etter det enorme flyttelasset eg hadde med meg! Det er forresten ei historie for seg sjølv. Med alle mine klede, alle Maria sine klede, alle bøkene mine, tallerkar, bestikk, gryter, kontrabass, cello, to stk. el-piano, fiolin, dyne, pute, osv.., vart den elles så romslege Camryen ikkje ein kubikkmillimeter for stor! Om eg hadde hatt ein liten sekk til, hadde han ikkje fått plass i bilen, så "godt stappa" er vel ei mildt sagt bokstavleg skildring..!

Men no er altså alt utpakka att, bøkene har fått plass i bokhylla, permane på toppen, kleda i skapet, pianoet ved veggen og bassen i hjørna. Det som manglar no er litt sén så eg får opp nokre bilete på veggen, ein liten kaktus og nokre skøyteleidningar og padder så eg får gang på klokkeradioen, og kan lada telefonen og iPoden samstundes! Så, innan to-tre dagar av neste veke er vortne til 4 dagar, er nok alt kome på stell og styr slik eg vil ha det!

Så vert det spanande korleis eg taklar overgangen frå lønna heilårsbåtferie, tilbake til den harde skulebenken. Eg prøver å sjå trøyst i at det er musikk eg skal studera, og at eg alltid har hatt lyst til å studera musikk! Så det vert nok kjekt!

Berre ein ting eg stussar litt på.. Skal eg ta det som eit hint at eg er plassert i øverste etasje (5.), innst i gongen? :P Eg trur eg kom til 63 eller 64 trinn frå første etasje.. Så eg har nok gått opp og ned Flørli nokre gonger før skuleåret er slutt!

02.08.2009

UL 2009

Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å få tid til UL 2009. Men så vart det ikkje så hektisk på jobb som eg hadde trudd, og plutseleg var eg ledig både eine og andre kvelden, og det var rett før det svarte seg å kjøpa vekespass. Eg fekk med meg det meste av opningskvelden, onsdagsettermiddagkvelden, fredagskvelden og laurdagskvelden- og natta. Stor framgang dette året, 2006 var eg berre på opningsseremonien, 2007 var eg ikkje på noko og i 2008 var eg på eitt møte. Men 2009 er året. Kanskje prioriterer eg UL 2010 høgare enn 2009, det får framtida vise.

Det er vanskeleg å summera UL opp i få setningar. Og enno vanskelegare er det å få eit godt bilete når eg ikkje fekk med meg ein einaste bibeltime, kun eitt seminar og gjekk glipp av to kveldsmøter. MEN det eg sit att med er ei overveldande begeistring for den praktiske gjennomføringa, og kvaliteten på arrangementet- reint teknisk sett. Opplegget og anlegget i amfíet var av høgaste kvalitet, noko som slett ikkje er så vanleg rundtforbi. Framføringa var óg knallbra, musikarane var utruleg flinke og friske.

Så kjem me til det andlege innhaldet. Somsagt fekk eg ikkje med meg seminara eller bibeltimane. Men spesielt fredagskvelden og laurdagskvelden fekk me servert særdeles solid og god forkynning! Dei sit begge att hjå meg som sterke og ransakande møter..! Så forstå meg rett: Kur likte UL :)

Men, det er alltid eit men, og UL er ikkje noko unntak. Dette er ikkje meint som kritikk, men meir som ei slags undring. Eg er oppvaksen med at Gud vil ha ei sundbroten sjel, på kné framføre krossen, i takk og bøn til Herre Kristus Jesus, så Han kan koma inn til oss i vår syndenaud og vaska oss reine. I ljos av dette har eg litt vanskeleg med å syngja songar der me ber Gud om at lovsongen vår må "nå (heilt) opp" til Himmelen. Kan henda nokon kan koma med vers i Bibelen som omtalar dette, eg er ópen for andre måtar å forstå songane på...

Men for å ta litt meir om "lovsong" generelt; Eg meiner at ein Lovsong med stor L, skal handla om, fokusera på, og prisa Herren Den Treeinige Gud. Det eg føler er tilfelle med somme av dei nye songane (no snakkar eg ikkje hovudsakleg om UL), er at dei handlar meir om at- og korleis me lovsyng, enn om Han songen burde handla om.. Men kan henda eg er full av fordomar!

Så for å avslutta dette med musikken på UL, så skal dei ha all ros for songane. Ei solid og god blanding av nytt og gamalt, der mange av dei nye var innhaldsrike på både forkynning og lovprisning, og dei "gode gamle" travarane var piffa opp litt, på ein respektfull og verdig måte! Ja til kvalitetsmusikk, nei til jalla-ungdomslag-wannabe-ul-øvedreven-jammermusikk....

Og konserten me Smoothsound toppa alt av musikk trur eg.. Så månge nyydelige songar, me så profesjonell og BRA musikk attåt! Heilt toppers :)

Men dette er nå mine meiningar og syn. Velkomne til debatt i kommentarfeltet :)

18.07.2009

Islandsbilete..

Eg hadde eigentleg tenkt å blogga litt fortspringjande mens me var på Island, men eg kom sjølvsagt aldri så langt, mellom anna pga mangelen på nett-tilgong. Men her kjem iallefall nokre bilete, så dei som ikkje har vore på Island kan sjå seg litt om, og vega tankane før dei bestemmer seg for å ta ein tur!