19.05.2011

Sokkar, Pancakes og Nåde!

For omlag eit år sidan tok eg ei oppteljing på sokkasituasjonen etter ein grundig vask. No var det på tide å gjera det same på nytt, og eg har no ein kapital på 39 par, det er då kun dei tynne ull- og bommullssokkane. I tillegg kjem alle dei tjukke ullsokkane frå farmor som ligg heime på Solbakk, dei er ikkje beint få i talet. Oversikta viser altså at eg no har nok sokkar heilt til heile opphaldet i Noreg, og vel så det. Greit å kartleggja situasjonen. 

Sist laurdag skeia me litt ut, og starta dagen med ein skikkeleg frukost på kafé, med Amerikanske Pannekaker m/sirup, egg, bacon og bakte jordeple (NAM). Kaféen me var på, Prikið, vert omvandla til nattklubb om nettene, men menyen viser at dei òg har omsorg for dei gjestene som måtte ha halde det gåande litt vel lenge utover natta (legg merke til den nederste linja)... 

Sidan heldt utskeiinga fram, og me gjekk amok i ein vinylplatebutikk, av eit slag eg ikkje trur finns i Noreg. Stakkars bankkort. Så seig me ned i "Harpa", det nye konserthuset i Reykjavík. Det var opningshelg, og mykje musikk i foajear og slikt. Seinare tenkte me å sjå Melodi Grand Prix på storskjerm i Norðurljós. Men akustikken var stilt for klassisk (masse klang), og i det heile var det elendig kvalitet på MGP! Så me gjekk i nabokonsertsalen, Silfurberg, der det var opningskonsert med fleire islandske band, m.a. Valdimar, som eg har hatt litt dilla på. Herleg musikk! 

Salane i konserthuset..: 
  • Kaldalón: 198 m2, amfi, 195 seter. Alt-mogleg-sal for film, konferanse og meir. 
  • Norðurljós: 540 m2, flatt golv, plass til 450 seter. Designa for kammermusikk. 
  • Silfurberg: 735 m2, flatt golv, plass til 750 seter. Desgina for "elektrisk musikk". 
  • Eldborg: 1.008 m2, amfi pluss tre gallerier i etasjar. 1.800 seter. Hovudsalen, passar til alle typar musikk. 
Alle salane har justerbar akustikk, så han kan stillast inn etter kva type musikk som skal framførast. Hovudsalen har somsagt plass til 1800 stk. Til samanlikning er her konserthusa i dei andre hovudstadane i Norden: 


  • Operaen i Oslo: 1.358 seter i hovudsalen 
  • Oslo Konserthus: 1.404 seter i hovudsalen 
  • Operaen i København: 1.703 seter i hovudsalen 
  • DR-Konserthuset i København: 1.800 seter i hovudsalen  
  • Konserthuset i Stockholm: 1.776 seter i hovudsalen 
  • Konserthuset i Helsinki: (ca) 1.000 seter i hovudsalen 
Du forstår kanskje kvar eg vil hen? 
  • Helsinki: 580.000 innb. 
  • København: 540.000 innb, Stor-Køben: 1,9 mill. innb. 
  • Oslo: 600.000 innb, Stor-Oslo: 1,4 mill. innb. 
  • Stockholm: 820.000 innb, Stor-Sthlm: 2 mill. innb. 
  • Reykjavík: 120.000 innb, Stor-Rvk: 200.000 innb. 

Dei siktar iallefall høgt nok, ikkje noko å seia på det! 

Men bortsett frå det skjer ikkje så mykje. Eg har levert, og fått godkjent arbeidskravet i NT, og må lesa som ein hest fram mot eksamen. 


Så vil eg berre dela med dykk andakten for 16. mai frå "Livet i Guds Sønn" av Einar Kristoffersen (sjekk heimesida hans for talar og tekstar og anna kristent stoff! - http://www.ekris.net/

16. Mai: Livet under nåden! 

Dere er ikke under loven, men under nåden. ~ Rom. 6:14 

Å, hvor vi må minnes om dette til stadighet! Det er loven som "ligger oss i blodet". Evangeliet kommer til oss som et ord, et budskap, utenfra. Om loven heter det:
"De (hedningene) viser at den gjerning loven krever, er skrevet i deres hjerter. Om det vitner også deres samvittighet og deres tanker, som innbyrdes anklager dem, eller også forsvarer dem." ~ Rom. 2:15 

Om evangeliet forkynnes det oss: 
"For ordet om korset er vel en dårskap for dem som går fortapt, men for oss som blir frelst, er det en Guds kraft." ~ 1. Kor. 1:18, 

Og: "men vi forkynner Kristus korsfestet, for jøder et anstøt og for hedninger en dårskap." ~ 1. Kor. 1:23. 

Her er det så visst ikke tale om noe som "ligger oss i blodet", men tvert imot om noe som er oss aldeles fremmed! Vi må få det forkynt igjen og igjen, slik som Paulus minner menigheten om det her. 

En skulle jo tro at det var unødvendig, i og med at de faktisk kom til tro på, og ble frelst ved, nettopp evangeliet. Men den som har levd en stund i samfunn med Herren, han vet at det ikke er noen selvfølge dette, at et menneske blir værende i den erkjennelse, at det alene beror på Kristus korsfestet. 

Så hør Ordet også du idag: "Du er ikke under loven, men under nåden." 
Ja tenk at vi skal få leve vårt liv under nåden!

04.05.2011

Oppsummering og ny start

 
April starta flott, med solskin og strålande vêr. Men som me veit skal me ikkje stola på noko eller nokon 1. april. Det gjeld òg vêret. 

15. April, kl. 11:54 
15. April, kl. 15:06 






18. April, kl 11:19 
18. April, kl. 18:49 






30. April, kl. 16:20 
30. April, kl. 21:57 











30. April klikka det heilt, og det har ikkje vore så mykje snø i Reykjavík så seint på året sidan 1987. 16,3 cm. Så me greip anledninga i det fine vêret, og fekk oss eit lite i-siste-liten-før-1.Mai-bad. Varmt er kanskje feil ord. 


Men så. Island altså. No ser det heldigvis endeleg ut som om våren kanskje muligens er komen for godt. Og 2. Mai, ein ljomande vakker dag, berre ein dag etter at dei 16,3 centimetrane så vidt var smelta vekk, kraup gradestokken over 15°C for fyrste gong i 2011. Dette medførte ei enorm trøkløe, og før eg visste ordet av det var eg på veg ut or byen med telt og full oppakking på tralla. 















Dagen etter vart ikkje verre. Friluft er verdsens beste soverom, og det i kombinasjonen med langt innpå ei Islandsk hei, forringar ikkje opplevinga. Morgonen vart magisk, og Celsius forkynte nokså tidleg 17°C i skyggen. Eg tenkte eg fekk nyta det mens eg kunne, og det viste seg å vera lurt... 



Idag (04.) var eg på møte i SÍK, NLM's søsterorganisasjon her på Island. Sjølv om eg trekk snittalderen godt ned, er det alltid godt å koma der. Det er litt som å koma heim, ein kjenner at ein er ilag med brør og søstre. Idag stod to færøyingar for programmet, og det var kjekt å høyra på. Færøyane er eit velsigna land, der Jesus framleis får bu i hjarto til ein stor del av innbyggjarane, og klår forkynning står sterkt! Og me vart minnde om det fantastiske verset som står i Romarane 5:8: 
"En Guð auðsýnir kærleika sinn til okkar í því að Kristur dó fyrir okkur þegar við vorum enn syndarar." 
"(...) men Guð sýnir kærleika sín til okkara av tí, at Kristus doyði fyri okkum, meðan vit enn vóru syndarar." 
"Men Gud syner sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar." 
Det er ubegripeleg. 

01.05.2011

Siste farvel frå Mr. V. Inter

Me har vakna til kvit plen ganske månge gonger no i april. Somregel har han smelta vekk iløpet av morgontimane, og iallefall før kvelden har kome. 

 Og slik trudde eg det skulle vera idag òg. Eit ganske tynt snølag smilte til oss i morgontimane.
 Men så gjekk dagen, og laget vart tjukkare..
Dei fem siste bileta her er tekne ca 0130, natt til 1. mai.
 Litt surrealistisk å sjå på dette, mens ein høyrer fuglane kvitra uforstyrra vidare, som om våren framleis var i full blomst.
Men litt fint er det jo. Snøen er blaut og tung, det er blikkstilt, og han legg seg tjukt på trea.


Eg skreiv vel for nokre dagar sidan at våren var komen. 
Og det var han jo, for kanskje 4. - 5. gong. Eg var ute i t-skjorta i fleire timar, skifta til sommardekk, vaska vinterdekka, vaska sykkelen og naut vêret. No er vetteren enn ei gong komen att. Fordelen med det er at me får oppleva våren minst ei gong til før sommaren kjem.