14.12.2010

Warning! Hot Spring Area!


Me har vore månge, månge gonger på Island før, og forsåvidt sitt månge varme kjelder og sånt. Men me har aldri vore någen naturlige plass der d går an å bada. Dei fleste plassane fosskoge jo vatnet, så bading e vel mildt sagt uaktuelt. D nærmaste sånn naturliga me har vore e Landmannalaugar, som jo e heilt naturligt, men der e dr så forferdeligt møje folk, og d har blitt bygt badeplattformar og sånt tull. Og egentligt har eg levt i trunå på at dei virkeligt naturlige badeplassane va låångt inni innlandet, långt frå der folk flest har tilgang.


Men i går bestemte me oss for å gå på jakt itte ei "laug", mest for å ha någe spennande å tilby eventuelle besøkande nordmenn. Me las om ein liten plass ikkje så langt frå Hveragerði, ca 4 mil frå Reykjavík. Såg ikkje så voldsomt spennande ud i bogå akkurat, men me bestemte oss for å sjekka det ut. Så me kjørte te Hveragerði og litt innøve dalen der, te me måtte sedda bilen frå oss. Derifrå gjekk me ca ein time før me møtte bekken me var på leit itte. 
Der me fusst kom ner te bekken va an ikkje så veldigt varme, jedna ront 25°C. Fine badetemperatur, men ikkje sånn varmt liksom. Men me fortsatte långs bekken oppøve dalen, og jo lenger opp me kom, jo meir aukte temperaturen, og me fant fort ut at dette va långt frå någen skuffelse. Egentligt blei me enige om at dette faktisk e den stusste forsømmelsen mor har gjort i oppdragelsen - aldri vist oss denne plassen! Men, gamlingar - her SKA me når dåkk kjeme te jul ;)





Me såg månge naturlige kulpar der det frista med et bad, men det va òg månge plassar der folk hadde lødd opp små demningar for å få litt større kulp. Her e me komne et godt stykke oppøve, og eg vil tippa temperaturen i denne kulpen va 35 - 40°c... Med lufttemperatur på ca 3°c, frista det litt øve middels å ta et varmt bad!

Ei av oppkomene så renne ut i bekken. Her kan du koga egg...


Så, viss du e klar for å lauga deg, så e du hjerteligt velkommen opp! Ein ting e jaffal sikkert - viss me snart får snø og frost, då ska eg opp igjen - utstyrt med badebuksa og håndklé!