16.02.2010

Samtaleemne

Kva er det me kristne snakkar om til vanleg når me er samla? Det har slått meg av og til kor vanskeleg det er å koma inn på kristne samtaleemne når ein sit saman med kristne venner! Praten kan gå, folk er aktive, og det er koseleg og kjekt når ein snakkar om OL, musikk, studietur, eller kva som helst anna- heilt til einkvan dreg inn kristendomen, eller eit kristent emne. Då byrjar me å plystra og nynna melodiar med oss sjølve, det vert stilt, ein berre nikkar litt utilfreds til det som vert sagt, og ingen har noko å seia.. Kvifor er det slik??

Eg trur eg veit det. Syndaren er Satan. Du har kanskje høyrt om han? Engelen som ville vera Gud. Men Herren Herren er større og sterkare enn Satan, og Satan gjer alt han har i si makt for å sabotera kristne aktivitetar på jorda, slik at han kan få som flest menneske med seg til Fortapinga når Gud ei gong skal døma Satan. Måtte me få verta merksame på dette, og lata Guds Ord leva rikeleg mellom oss! Bibelen oppfordrar klart til dette, m.a. i Paulus brev til Kolossarane 3:16 :

"Lat Kristi ord bu rikeleg mellom dykk, så de lærer og formanar kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege viser og syng for Gud med takksemd i hjarto dykkar."

Slik det er med meg, og med mange eg kjenner, vert ikkje dette teke på alvor. Bur Kristi ord rikeleg mellom oss? Kan me snakka om Jesus til vanleg, snakka om kva Bibelen seier i ulike samanhengar, snakka om kva Jesus faktisk har gjort for oss? Eller kjenner me oss utilpass når kristne tema vert dregne inn i samtalen? I Matteus 12:34b seier Jesus:

" (...) For det hjarta renn over av, det talar munnen."

Dersom me las meir i Bibelen, kanskje me hadde meir å dela med kvarandre om Jesus når me kristne søsken treffes,- ikkje berre på vitnemøter, men til kvardags..?!

Eg må få understreka at dette først og fremst er ein peikefing til meg sjølv, men om du kjenner deg truffen, så kan du ta det til deg! Kva talar munnen din? Kva talar munnen min?

07.02.2010

16'073 fosterdrap i 2008

Vel, me kan takka for at fylket vårt (Rogaland) ligg på botn av abortstatistikkane i Noreg. Men det seier desto meir om kor gale det er i resten av landet! I snitt er det altså over 3 mord kvar einaste dag, og det er berre i Rogaland..! Det samla talet for Noreg vert over 44 i snitt, kvar dag. 44 kaldhjerta mord på uskuldige, små liv kvar einaste dag! Eg skreiv litt om bøn i førre innlegg, og dette er kanskje eit av dei største og mest skrikande bønneemna i vår tid.

Be for:
  • Menneske som har fått utført abort, men som får problemer med det i etterkant (Ja, Jesus er ALLTID klar for å ta imot, trøysta og tilgi borna sine, anten dei har baksnakka, loge eller teke abort..).
  • Menneske som ynskjer å ta abort, be om at dei må koma på betre tankar!
  • Alle dei borna som allereie er unnfanga, men som er planlagt aborterte, be om at liva deira må verta sparte.
  • Sjukepleiarar og legar som ikkje ynskjer å utføra abort.
  • Organisasjonen Menneskeverd, og andre som kjempar for å redusera provosert abort.
... og ikkje minst:
  • Styresmaktene våre, at dei kan våga å ta eit grep for å begrensa abortmoglegheitene i Noreg, helst totalforby det.

http://www.aftenbladet.no/lokalt/1156962/Faerrest_aborter_i_Rogaland.html

01.02.2010

"Bønn hører ikke med"

Lørdag 23. januar kunne me lesa i "Velsignet Helg" om Janne Haaland Matlary, som uttalte følgjande:

"Det bør aldri være andakt/bønn på politiske møter; menighet og parti er to helt forskjellige ting og det forundrer meg virkelig at noen eventuelt kan mene noe annet, nå mer enn 10 år etter at KrF vedtok sitt kristendemokratiske partigrunnlag."

Når ein gjeng menneske møtest i eit
rom for å arbeida med, og kjempa for "kristne saker",
og prøver å finna fram til den "rettaste" politikken utifrå Guds Ord, er det ikkje då naturleg at ein òg nyttar seg av det mektigaste verktøyet me har fått av Gud, nemleg bøn? Me har fått store løfter knytta til bøn, og eg er litt forskrekka over at ein KrF-politikar kan hevda noko slikt at bøn ikkje skal høyra med i KrF-møtene!

Når det gjeld andakt, så kan eg heller ikkje sjå problemet, når fleire kristne møtest, er det ikkje då naturleg å dela eit Ord med kvarandre? Paulus bed oss om å lata Kristi ord bu rikeleg mellom oss. Dette betyr ikkje at ein skal forsømma alt anna i verda, det er viktig arbeid det KrF gjer, å kjempa mot den forferdelege sekulariseringa i samfunnet. Eg meiner ikkje KrFmøtene treng vera vekkelsesmøter, men dersom ein stenger Gud ute frå samlingane og det politiske arbeidet, er eg sikker på at det betyr ein sikker død for KrF. Kva er KrF utan Gud? Særnorsk Klimaparti?

Konklusjon: Bøn høyrer så visst med i ALLE deler av livet, politikk er ikkje noko unntak.