28.01.2010

Fritt Ord til Selbekk?

Aud Kvalbein har føreslått at Fritt Ord-prisen skal tildelast Vebjørn Selbekk. Her er eit lite klipp frå kristenblogg.no:

"– Redaktør Vebjørn Selbekk startet en debatt som satte søkelyset på grunnleggende samfunnsverdier gjennom si redaksjonelle omtale av bakgrunnen for trykkingen av Muhammed-karikaturene i den danske avisen Jyllandsposten. Generalsekretær i Norsk Presseforbund Per Edgar Kokkvold forsvarte Selbekk ut fra prinsipiell tenkning. Etterspillet er velkjent med brente ambassader, boikottaksjoner, drapstrusler og til nå fire år med politibeskyttelse, skriver Kvalbein."

Me som er kristne må finna oss i utruleg mykje, dagleg vert Herren Gud spotta av reportarar i fjernsynet, i filmar, litteratur, osb. Ein kan knapt gå ut døra eller skru på fjernsynet utan å møta blasfemi og Gudsspott (herunder er banning, forkastelege familieverdiar, m.a.). Dette er på mange måtar prisen me må betala for den ytringsfridomen me tross alt vil ha. Og det er greit, så lenge eg får lov å tru det eg vil, er det meg relativt likegyldig kva andre trur og meiner (dersom ein legg til sides sorga over alle som går fortapt).

Eg er eigentleg imot karikering av andre sitt livssyn. Dette er eit naudsynt standpunkt, så lenge eg vil krevja respekt for mitt eige livssyn. Bibelen seier i Romarane 12:17:

"Gjev ingen att vondt med vondt! Legg vinn på det som godt er, for augo på alle menneske!"

Difor meiner eg det er unaudsynt å setja ting på trykk som gjer narr av ei folkegruppe (viktig å ikkje blanda dette med sakleg kritikk). Men denne saka har vist kor utruleg valdeleg og grusomt Islam kan visa seg å vera, mot det eg vil kalla ei harmlaus karikering av Muhammed. Eg er fullt klar over at det er svært mange muslimar som ikkje har reagert aggressivt, men det ER òg mange muslimar som HAR reagert ekstremt aggressivt og valdeleg. Dette gjev oss grunn til å stansa opp og tenkja oss nøye om. Desse reaksjonane er eit enormt alvorleg åtak på ytringsfridomen vår.

Så, ved at muslimane sjølve har vist kor "farlege" dei kan vera, i samband med kritikk mot religionen deira, vonar eg at folk ser kva grusomme potensial som ligg i Islam. Og med dette som eit resultat av karikaturteikningane, er det heilt på sin plass at Selbekk skulle kunne få Fritt Ord-prisen for at han, med livet på spel, har stått slik opp for ytringsfridomen!

19.01.2010

"Ditt fornavn virker rart"



Skulle registrera meg på Bok & Media her om dagen, men vart mest fornærma!

06.01.2010

Burj Khalifa

Dette er Burj Khalifa. Tygg først litt på det namnet. Så ser du litt på den bygningen der, som vart ópna 4. januar i år. Den totale høgda er 828 m. 0,82 km. altså! På Yr.no fant eg ut at temperaturen som regel synk med 0,65°C for kvar hundre meter oppover. Det vil seia at det ved spiren skal vera ca. 5,4°C kaldare enn ved bakken! Så om du bur der, og du ser det snøar ute, er det ikkje sikkert du treng å måka framføre døra likevel!

Vel, minimumssnittemperaturen i Dubai er +14,3°C i januar, så det er kanskje uvanleg at det snøar.. Men tenk det slik:

14,3°C - 5,4°C = 8,9°C.

Det skal då ikkje meir til enn ca. 8°C under minimumsnormalen før det snøar på spissen på spiren. For litt under eitt år sidan snøa det (ifølge http://www.arabianbusiness.com) på eit ca. 1737 m. høgt fjell i nærleiken, med temperaturar ned mot -3°C. Dersom me då brukar modellen til Yr.no, skulle det ha vore rundt +2,8°C på taket av Burj Khalifa den dagen (og +8,2°C på bakken, 16 moh.). Då er det ikkje mange gradene att før taket er kvitt, gitt! (dei siste vekene her i Sør-Noreg vitnar vel klart at det kan verta kaldare enn normalen!)

For å få eit lite perspektiv på kor høgt dette monsterbygget er, skal eg trekkja fram nokre kjende referansar å samanlikna med (høgda til Burj Khalifa i høve til referanseobjektet er oppgjeven i prosent i parantesen bak) :
  • 282 m. lågare enn Kjerag (ca. 75 %)
  • 086 m. lågare enn Esjan (ca. 90 %)
  • 041 m. høgare enn Reinarnuten (ca. 100 %)
  • 188 m. høgare enn Øygardstøylen (ca. 130 %)
  • 231 m. høgare enn Preikestolen (ca. 140 %)
  • 385 m. høgare enn Empire State Building (ca. 200 %)
  • 389 m. høgare enn Kjortåsen (ca. 200 %)
  • 504 m. høgare enn Eiffeltårnet (ca. 250 %)
  • 624 m. høgare enn Øresundsbron (ca. 400 %)
  • 655 m. høgare enn Yding Skovhøj (ca. 500 %)
  • 711 m. høgare enn Oslo Plaza (ca. 700 %)
  • 717 m. høgare enn Postgirobygget (ca. 750 %)
  • 754 m. høgare enn Hallgrímskirkja (ca. 1100 %)
  • 764 m. høgare enn Forum Jæren (ca. 1300 %)
Tygg litt på dei, du!
No skal eg ut og nyta -21°C (som jo hadde vore -26,4°C på toppen av Burj Khalifa viss han hadde stått på Sinsen, og me ikkje hadde teke hensyn til fenomenet inversjon..)