01.03.2011

Egg & Bacon, bl.a.


Å påstå d va ringt, hadde vel vore lygn. 
Men det fekk meg til å tenka på någe aent (fordi d va så godt altså). 

Kropp, altså. Islendingane kan dette med god smak, og Kropp er eit godt døme på det. Det kan kanskje samanliknast med "Pops" eller "Kina", men ingen av dei når Kropp til ankelen i smak. Det at Kropp er så godt medfører jo at me et ganske mykje av det no mens me bur her, og har moglegheit til det. Og då skal eg koma til poenget: 

Sjølv om dette biletet kanskje er litt haltande, så trur eg du kan forstå kva eg meiner likevel. Ikkje alt som smakar og kjennes godt, er godt for oss. (For min del slår eg jo biletet litt ihél, når eg meiner snop er sunt, fordi ein god latter forlenger livet, me ler fordi me er glade, og snop gjer oss glade - ergo: sunt) Sukker, E-stoff, fett, salt og slike ting i store mengder er rett og slett skadeleg for oss. For å leva eit sunt liv, må me ta til oss sunn mat, frukt, grønt, vitaminer (som jo òg ofte er godt, eit anna svakt punkt ved biletet). Men Bibelen seier: 
"Forkynn Ordet! Ver budd i tid og i utid. Overtyd, tal til rette og tal til trøyst, påminn med alt langmod og all lære. For det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den sunne læra, men etter sine eigne lyster skal dei ta seg lærarar i mengdevis, etter som det klør dei i øyra. Dei skal venda øyra bort frå sanninga og venda seg til eventyr." ~ 2. Tim 4:2-4 
 Toler me den sunne læra? Vågar me ta på alvor det Bibelen seier? Eller har me lett for å venda oss til dei som forkynner det me vil høyra, etter som det klør oss i øyra? Når me møter vanskelege spørsmål, ser me til Bibelen då, eller går me etter strøymen i verda? 


Tida har vist at det er enkelt for eit menneske å stå fast på Ordet så lenge ein slepp å ta stilling til det i praksis. Men dei fleste av oss kjem i situasjonar kjem der ein må velja mellom å stå på Guds Ord, eller å følgje verda. Det oppstår ein "åndskamp", noko me høyrer sjeldan snakk om idag, men duverden kor verkjeleg det er. Då vil det visa seg om kristenlivet vårt berre har fått snop, eller om me har gitt det tran, mosjon, frukt og vitaminer. Om det er Gud som får råda.