
Det er vanskeleg å summera UL opp i få setningar. Og enno vanskelegare er det å få eit godt bilete når eg ikkje fekk med meg ein einaste bibeltime, kun eitt seminar og gjekk glipp av to kveldsmøter. MEN det eg sit att med er ei overveldande begeistring for den praktiske gjennomføringa, og kvaliteten på arrangementet- reint teknisk sett. Opplegget og anlegget i amfíet var av høgaste kvalitet, noko som slett ikkje er så vanleg rundtforbi. Framføringa var óg knallbra, musikarane var utruleg flinke og friske.

Så kjem me til det andlege innhaldet. Somsagt fekk eg ikkje med meg seminara eller bibeltimane. Men spesielt fredagskvelden og laurdagskvelden fekk me servert særdeles solid og god forkynning! Dei sit begge att hjå meg som sterke og ransakande møter..! Så forstå meg rett: Kur likte UL :)
Men, det er alltid eit men, og UL er ikkje noko unntak. Dette er ikkje meint som kritikk, men meir som ei slags undring. Eg er oppvaksen med at Gud vil ha ei sundbroten sjel, på kné framføre krossen, i takk og bøn til Herre Kristus Jesus, så Han kan koma inn til oss i vår syndenaud og vaska oss reine. I ljos av dette har eg litt vanskeleg med å syngja songar der me ber Gud om at lovsongen vår må "nå (heilt) opp" til Himmelen. Kan henda nokon kan koma med vers i Bibelen som omtalar dette, eg er ópen for andre måtar å forstå songane på...
Men for å ta litt meir om "lovsong" generelt; Eg meiner at ein Lovsong med stor L, skal handla om, fokusera på, og prisa Herren Den Treeinige Gud. Det eg føler er tilfelle med somme av dei nye songane (no snakkar eg ikkje hovudsakleg om UL), er at dei handlar meir om at- og korleis me lovsyng, enn om Han songen burde handla om.. Men kan henda eg er full av fordomar!

Og konserten me Smoothsound toppa alt av musikk trur eg.. Så månge nyydelige songar, me så profesjonell og BRA musikk attåt! Heilt toppers :)
Men dette er nå mine meiningar og syn. Velkomne til debatt i kommentarfeltet :)
Så enigge!!:)
SvarSlettHei! Eg googla Smoothsound og fann denne sida... Morosamt at de skulle vere deg! Håpar du kom deg heil til oslo att :) Eg huska på deg i bøn. Fantastisk å høyra dykk på SIC som me så fint har forkorta det til :) og tusentakk for fint blogginnlegg om oss :)
SvarSlettHelsing Eva
Oi, eg såg kje kommentaren din før nå, men ja. Du vett jo eg e fan av SmoothSound, og forsåvidt alt så har me Songbogå å gjer ;)
SvarSlett