22.11.2010

Kurtur

Dagen begynte idag som ein litt øve middels grå (onna middels fine) dag, me tungt skydekke, yr i luftå, lide luft i dekkå, men ikkje yr i dekkå for det om, men dåkk forstår ka eg meine. Grått og surt. Ingenting ligge te rette for ein go dag egentligt. Cocoa Puffs'en går tom, kjøleskapet lukte surt, og solå e slakke for tiå så me ikkje ser någe nordlys. Men igår lovte eg egentligt meg sjøl å gå på Esjan igjen idag, sånn bare for å ha fullført minst ein gong meir enn me måtte avbryta. Rannveig gadd kje idag, så eg tog ud åleina. På veg bortøve ser eg at skydekket e lågare enn eg hadde trudd.

Skyene låg så lågt at d meste va skodd, og eg såg såvidt foten av fjellet. Men eg tenkte som så: Eg har jo gått oppøve to gonger før, så eg vett sånn någenlunde koss leiå ligge. Stien e jo breie og veldigt tydelige heilt te topps, så viss eg holde meg te stien, så går det godt, sjøl midt i skoddå. Og sko d ble gale oppe me klippane, så va d jo bare å snu!

Så eg peste meg oppigjønå. Viss du måle luftlinjå, så e det ein ganske korte tur, for d e relativt kraftige stigning helste heilt frå du begynne te du e på toppen. Men jaffal. Itte å ha forsért ca 200 høgdemeter forsvant eg inn i skoddå/skyå. Frosten gjor at fuktigheten la seg øve alt, og te og med moldå på stien va glatte. Ganske utriveligt og fyse egentligt.

Men te mi store glede, nådde eg toppen av skoddå/skyene i ca 600 meters høgde, og her skein solå rett og slett frå skyfri himmel og smelta opp is og snø og spredde glede långt inn i mitt dystre sinn! Samspelet muddlå slutten av skoddå, sol, fjell, gras, rabn, rypa, mold, is, snø og steidn va heilt umuligt å fanga på ei minnebrikka, så dåkk får ta te takke me mine ringe bilder, og prøva å innbilla dåkk kor ubegribeligt flott det va der oppe.

Eg begynte å gå frå parkeringsplassen nerme sjøen (ca 10-20 moh) kl 1235, og ca 800 høgdemeter seinare va klokkå blitt 1350, og jønå kroppen fyge følelsar bare ein topptur kan gje. Utsiktå øve Reykjavík va heller laber denne dagen, men bomull e minst liga fint å sjå på. Spesielt når du vett du e den einaste i Reykjavík kommune som ser solå akkurat nå! (bortsett frå mannskap og passasjerar i Reykjavíksk luftrom)

Det som umiddelbart melde seg itte å ha nådd toppen e følelsen alle islendingar nok kan kjenna seg igjen i - å merka at oppturen e slutt, og nå kjeme nerturen! Tanken på dette fekk meg automatisk t å snu meg frå skoddå, mot den eviga heiå innøve Esjan. For den e store! Eg hadde mest lyst å gå heilt t høgaste punkt - 914 moh, men lenger innøve såg snøen ud t å ligga godt forankra, og eg hadde bare joggesko. I tillegg e d nesten ein time å gå bare ein veg. Men eg gjekk ca ein halvtime innøve te andra siå før eg snudde, og va oppe på 839 moh på d høgaste. Utsiktå i alle retningar va ubegribelige.



Hu trudde nok u va jysla lure huher óg - me ei gong hu la merke te meg, så hoppte hu bort på den litle snøflekken der. Eg spelte på lag, og lata som om eg ikkje såg na. D u ikkje vett, har u ikkje vondt av.

Rett før (viss du e på veg opp) eller itte (viss du e på veg ner) toppen e d ganske bratte klippar, og stien går i sikk-sakk på smale fjellhyller. Eg har allti likt meg på fjellhyller, syns d e så koseligt og lunt.

Men alle gleder har ein ende, og eg måtte retta vommå mot skoddå, kulden og det sura véret. Men få ting har eg angra mindre på i livet enn at eg drog megsjøl opp på Esjan idag! I staen for ein heile sure dag, fekk eg meste 2 timar strålande sol frå skyfri himmel (men ikkje skyfri bakke). Så møje kan ikkje Tromsøværinga skrøyda på seg for tiå ei gong, sjøl på ein go, skyfri høgtrykksdag!

SÅ, eg beseira Esjan igjen, og nå står d 2-1 i min favør. Og eg gnei d inn i na me å markera meg midt på toppen, litt sånn så kattane gjer.

6 kommentarer:

  1. Ég held eiginlega að ég sé frekar dugleg að kommenta bloggið þitt :D Frábærar myndir!!!! Þú þarft að fá þér skotleyfi sýnist mér - nóg af rjúpum þarna uppundir himinblámanum :) Það hlýtur að hafa verið sérstök tilfinning að sjá skýin svona ofanfrá án þess að vera um borð í flugvél :) Hlakka til að sjá myndir úr næstu rannsóknarferð! :)

    SvarSlett
  2. ÅÅÅÅÅ!!!!! E vil på tur!!!! E vil på Kurtur!!! ..Lett!!!(melk) Ser ut som du e på Kultur(melk) ;) ...overtrøtt(melk) ..og skommamelk da...forstå det den som kan...;) Får slenge på litt melkur og da, eller ka dok si på Island??

    SvarSlett
  3. Ka då overtrøtt? Du må forresten la meg få gå litt fleire turar før du kjeme, ellers går eg så seint i bakkane at du e komen t topps og halvveis ner igjen før eg e halvveis opp.......

    btw: "mjólk", uttales sånn ca: "mjåolk".
    Blåmjølk (skumma): "Undanrenna".
    Lettmjølk: "Léttmjólk" ("ljettmjåolk")
    Heilmjølk: "Nýmjólk" ("nimjåolk")

    :o)

    SvarSlett
  4. Kleifarvegur 13
    104 Reykjavik
    Island

    SvarSlett