05.06.2011

Slutt å snakka om misjon!

Eg håpar du reagerte negativt på overskrifta, men eg meiner faktisk noko med det likevel. Eg skal prøva å forklara kva eg meiner. Eg vil svært gjerne høyra kva nett du tenkjer om det eg har skrive her. Dette er ikkje meint som ei preik eller peikefinger, men det er mine tankar. Ver snill og kommenter under her det DU tenkjer om temaet! 


Når du høyrer om "misjonsmøte", kva tenkjer du på då? Kva skal talen handla om? Er meininga at ein skal fortelja om eksisterande misjon, eller er meininga at forsamlinga skal verta oppmuntra til misjon? Litt begge deler kan henda? Eg trur iallefall ein tenkjer litt begge deler. Men kan dette vera ei uheldig blanding? Er det uproblematisk å ta med alle historiane ein fortel på misjonskvelden, og lysbildekvelden med besøk frå misjonsmarka, inn i ei vanleg preik, inn i forkynnelsen på eit vanleg kveldsmøte? 


Det eg har tenkt eindel på, ikkje berre i det siste, men ganske lenge eigentleg, er nett dette med forkynning om misjon. Og eg kjenner eg har vorte litt metta (negativt meint). No meiner eg ikkje at eg er metta av misjon, men eg føler så mykje av forkynninga fokuserer så mykje på tenesta, på misjon, på å nå andre, på å leva som brennande kristne. Og det er jo så uendeleg flott at ein ønskjer det! Men eg trur, og opplever, at mange forkynnarar, òg den eldre generasjonen, prøver å oppmuntra ungdom til misjon, men gløymer at ingen kan arbeida utan mat. Sikkert i god tru og god meining, det er eg ikkje i tvil om. Det er nok ein heilt oppriktig brann som ligg i forkynnaren sitt hjarta når han med tårer i augo fortel om dei unådde folkeslaga frå talarstolen. Men kva hjelper det når forsamlinga ikkje sjølv har fått eit avgjerande møte med Jesus? 


Det at ein oppmuntrar til misjon må naturlegvis ha sin grunn i at ein ikkje ser nok glød, og at ein vil vinna fleire for misjon. Men eg opplever så ofte at ein tek til i feil ende. Ein byrjar å gi arbeidsoppgåvene før ein har gitt mat. Det vert som om du finn eit arbeidslag og sender dei ut på byggjeplassen utan å gje dei mat. Dei kan halda på ei stund, så vert dei trøytte. Då går du ut og held ein oppmuntringstale for å gira dei opp. Så får dei betre mot, og klarar å jobba litt til. Men til slutt så stupar dei i bakken! Kvifor? Fordi du treng mat for å arbeida. Nett slik er det med arbeidet i Guds rike. Forkynnarar og misjonsorganisasjon talar om misjon, og oppmuntrar til arbeid, og det er så vel og bra, for all del! Men det er så forholdsvis sjeldan ein får høyra Lov og Evangelium rått, reint og klart forkynt. Utan å gå inn på enkeltsaker, trur eg dette kan setjast i sterk samanheng med alle dei me høyrer om som vert utbrende for tida (om det så er deira eigen, eller apparatet rundt dei sin "feil" at dei ikkje har fått mat, kan eg ikkje sei noko om). Viss ikkje Evangeliet har førsteplass i hjarta mitt, kan eg gløyma alt arbeid i Guds Rike. 


Så kan me vri biletet om arbeidarane over på born. Prøv å gi små (og store...) ungar snop og sukker. Dei får så mykje energi at dei klarer ikkje å sitja still. Dei må opp og ut, dei må gjera noko! Springa, hoppa, leika... Du forstår kvar eg vil hen? Eit menneske som har fått i rikt monn av Guds Ord, han vil ikkje klara å teia still. Slik snakka iallefall apostlane og læresveinane i den første kristne tida om opplevinga å få sjå seg frelste. Kan me seia det same om tronga til å snakka om Jesus? 


Mange spør og undrar seg på kvifor det er så lunkent i vår tid, kvifor me ikkje har så brennande naud for naboen osv.. Svaret meiner eg er heilt opplagt. Så enkelt at det er flaut. Me er ikkje gode nok til verken å forkynna eller å ta imot Guds Ord, ordet om Jesus som vart nagla gjennom marg og bein, festa inn i eit tre, med ei krone av tornar som stakk langt inn i hovebotnen, langsmed skallebeinet. Naglar gjennom beina. Heilt gjennom, og inn i tréet bak, så han hang heilt fast. FOR DEG OG FOR MEG, for at me ikkje skulle gå fortapt! 


Me trur av og til at me kan dette med Jesus og frelsen, og at me må vidare. Eg har tenkt slik av og til. Eg veit jo korleis det virkar. Men kjære deg, i det sekund du tenkjer at du ikkje treng høyra om Jesus, då er du allereie på veg vekk. Langt vekk. Det einaste som kan virka misjon, er nettopp dette Ordet om Jesus, om igjen og om igjen. Allverdens oppmuntringstale, rørande historiar om folk som vart frelste eller helbreda, om unådde folkeslag, det er til INGA nytte. Absolutt meiningslaust vert det, dersom det ikkje er servert MAT i rikt monn først. 


Merk deg no at eg ikkje siktar mot enkeltpersonar. Eg seier dette på grunnlag av mi personlege oppleving av summen av forkynnelse ein høyrer. 


Kjære du som les dette, om du er forkynnar eller andaktsholdar. Eg meiner somsagt ikkje å retta ein peikefinger. Eg er ikkje lærd, og har ikkje peiling i forhold til ein mann som har levd med Herren heile sitt liv. Men dette er mitt vitnesbyrd som eg audmjukt har lyst å leggja fram. Dette er mi naud, noko eg opplever som eit problem for meg sjølv, og eg trur det er for andre òg. Eg får så sjeldan mat for sjela - særleg gjeld dette talar som er spesielt retta mot ungdom. Ikkje gå ut ifrå at forsamlinga veit dette med Jesus. Ikkje gå ut ifrå at alle på eit møte har høyrt om Jesus og frelsa før. Ikkje gå ut ifrå at alle forstår alvoret av synd. Ikkje gå ut ifrå at alle kristne ungdomar har forstått og opplevd med hjarta at Jesus verkjeleg har sett dei fri frå den evige død. 


NLM er ein misjonsorganisasjon. Det betyr ikkje ein organisasjon som skal snakka om misjon. Det betyr ein organisasjon som driv med misjon! Forkynn Jesus, og spar misjonspreika til temakvelden eller lysbildekvelden med besøk frå misjonsmarka. Der høyrer det heime. Blanda inn i vanleg forkynning vert overdriven tale om teneste og misjon LOVISK. Og det er alvorlege saker! 

14 kommentarer:

  1. Jeg har tenkt akkurat det samme, i lang tid. I så stor grad at jeg kunne skrevet dette selv. Da må det jo være bra! ;)

    Det var godt å lese Fredrik Wisløffs svar på spørsmålet; Hva mangler Kirken(misjonssalen, bedehuset) i dag?
    Den mangler intet!

    Jeg må bare si amen. Vi har alt: Ord og sakrament.
    Men vi er ikke fornøyde, det er ikke godt nok, så da må det være noe galt. Det kan ikke være noe galt med Gud, så det må være noe galt med oss. Vi må ta oss sammen. >.<
    Nei. Det vi må er å feste lit til Guds løfter. Vi har alt han har lovt, alt vi lengter etter, og mer til. Åndsfylde, nådegaver, kraft. Kilden til alt dette er Evangeliet. Men vi stoler ikke på dette, fordi vi blir så opptatt av leirkarene at vi glemmer skatten.

    Derfor oppfordret jeg en gang folk til å høre en preken av C.F.W som tar en del uheldige tendenser på kornet, og jeg tror sannelig jeg skal gjøre det en gang til...

    SvarSlett
  2. Viktige tanker Erikur, og et vanskelig tema. Jeg merker meg spesielt det du sier om hvorfor vi er så lunkne. En lunken sjel vil ikke ha nød for å få med seg sine til Himmelen. Men en som har fått sett Jesus på ny som sin frelser, vil brenne etter å få fortalt dette til andre. Så kanskje er det slik at om vi forkynner Evangeliet her hjemme, så vil vi få et brennende misjonsfolk...! Jeg er enig med deg, og tror det. Forkynn Evangeliet om Jesus, så enkelt og klart det formår.

    Takker Martin for tipset om å høre på C.F. Wisløff.

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Har faktisk tenkt på det samme selv i det siste. Så lenge Ordet om korset ikke ligger til grunn, vil alt annet være nyttesløst å forkynne. Det gjelder ikke bare taler om misjon. Vi må alltid ha vårt festepunkt på Jesu frelsesverk! Det er når vi ser at vi er fortapte uten Jesus, vi ikke kan la være å fortelle om det vi har sett og hørt..

    En liten påminnelse: vi må huske å legge forkynnerne våre frem for Herren i bønn..

    SvarSlett
  5. Jeg tror du har rett i mye av det du skriver her, Eirikur, har tenkt en del på det samme i flere år. Noe av problemet er at en del forutsetter at lov og evangelium ligger i bunn, og det blir en selvfølge. Men evangeliet blir aldri en selvfølge for det naturlige menneske.

    Slik tale en hører om misjon i f.eks. NLM, er lovens ord. Krav og bud. Vi kommer alle til kort. Hvem er brennende nok? Hvem har nød og kjærlighet for de ufrelste? Vi må alle bøye oss og bekjenne vår sløvhet. Men jeg vil mene det er tydelig at dette er lovens tale. Loven kan aldri virke annet enn syndserkjennelse, frykt for Gud eller fariseisme og loviskhet.

    Det er kun evangeliet om Guds nåde for oss pga Jesu Kristi liv og død som kan være drivkraften til sann kristen virksomhet.

    SvarSlett
  6. Takk for tilbakemelding! Takk og lov at me har litteraturen etter dei gamle hovdingane våre.

    Og ja, så sant Oléne. Det e någe av det viktigaste den kristne kvarmannsen kan gjer.

    Anonym. Opplevinga mi er nett at talen om teneste/misjon verkar lovgjerningar, og ikkje som "tuktemeister til Kristus" (Gal 3:24), som Paulus talar om som lovens rette bruk. Men ja, det er kun Evangeliet om Kristus som kan setja fri og tenna ein eld - og som gjer det!

    Sånn ellers set eg pris på signerte kommentarar :)

    SvarSlett
  7. Det er et "slagord" i NLM: En blir ikkje heit av det en ikkje veit! Og det bruker man som begrunnelse til å fortelle om misjon igjen og igjen og igjen. Man kan få seg til å si: "Det er misjonen som samler oss". Og jeg som trodde det var Jesus. Når man taler OM misjon, OM Jesus, ja OM nærmest alt mulig så gjør man saken urett. Man skal ikke forkynne OM evangeliet eller misjon, man skal forkynne evangeliet og misjon. Det gjør man gjennom Ordet om korset, det gjør man gjennom det vi gjerne kan i teorien, men som trenger å bli en hjertesak.

    Hvis de som forkynenr kunne oppfatte det du her har skrivi, og tatt det til hjerte og ut i sin forkynnelse ja da ville mye vært vinni.

    Paul Andre

    SvarSlett
  8. Takk og amen. Og på itteskudd gratulera med familieutvidelsen :)

    SvarSlett
  9. Er enig i mye av tankegangen her. Men må få berette om det jeg ser på som problematisk. Og da legger jeg vekk misjon. For mye forkynning bærer preg av å være til de ufrelste (kall det gjerne misjon), som kommer til møte. Som om de utgjør majoriteten.

    Jeg savner derimot mer undervisning. På den måten kan jeg vokse i mitt forhold til Gud. Og bli bedre rustet/nok næring til å videregi.
    Denne undervisningen kan fås på andre måter også. Men man bør prioritere undervisning mer på generellt grunnlag.

    Hilsen alltid vært NLM-er

    SvarSlett
  10. Hei Anonym NLM'ar, og takk for tilbakemelding ;)

    Kan du seia litt meir konkret kva du meiner når du etterlysr meir undervisning? :) Balansen i forkynninga er nok forskjellig etter region, og samansetjinga av forkynnarar der i. Eg føler me her i SørVest er godt berga med "læreforkynnarar", og eigentleg tykkjer eg det er for få evangelistar eller "vekkelsesforkynnarar".

    Men litt av poenget med det eg skreiv om mat for sjela er nett at me som er kristne, òg dei som gjerne har vore det lenge, me treng likevel å høyra vekkingsforkynning igjen og igjen. Det er sjeldan eg får meir utav ein tale enn når han er retta mot ufrelste. Det er då eg føler eg ser Jesus klarast som MIN frelsar. Eg trur somsagt det er farleg å kjenna seg "ferdig" med det grunnleggjande evangeliet (eg seier ikkje at du sa det :) ).

    Mi erfaring (som rett nok ikkje er lang, men likevel..) er at jo meir eg har forsøkt å dukka ned i- og søkt etter å læra meir om Guds Ord, jo klarare kjem behovet mitt for nåde for meg, og jo meir får eg trong til å høyra meir av det enkle evangeliet.

    SvarSlett
  11. Ikke lett å være presis i en kort kommentar, men skal forsøke å utdype noe.

    Vekkelsesforkynning hører med i aller høyeste grad. Og kan med fordel bli mer av. Forkynning retta mot ufrelste og vekkelsesforkynning, setter jeg ikke = -tegn ved. I allefall ikke slik jeg opplever det.

    Mange andakter og taler er enten for "lette" eller for "tunge". For lette for kristne - som gjerne har vært det en stund. Og for tunge for ikke-kristne.
    For egen del er erfaringen at talene blir for lette. Skal forsamlingen/menigheten ha et bredt sammensatt menneskemedlemskap, må også forkynninga være balansert og differensiert. Balansen heller mer mot de ikke-kristne, selv på et vanlig tirsdagsmøte. Bare for å ta et eksempel.

    Når det gjelder mat for sjela, mener jeg at å vokse som kristen og få en ballast til å kunne gi evangeliet videre, må man ha en dypere forståelse av evangeliet enn den enkle erkjennelsen som "ferske kristne" ser. Den barnlige og naive forståelsen er viktig. Men nå har jeg hørt på denne forkynninga i over 30 år. Jeg dør som kristen om jeg ikke lenger kommer et steg videre. Påminnelser er viktig, men ønsker/savner en progressivitet, mot et liv i Himmelen.

    Hilsen alltid vært NLM-er, bosatt på Nordvest-landet.

    SvarSlett
  12. Takk at du gidd svara :) Interessant lesing, sjølv om eg ikkje opplever det likt her, kan henda somme med meir livserfaring kan svara på korleis det har vore her dei siste 30 åra.. Så lenge har ikkje eg levd ei gong :)

    Men kva meiner du med å koma eit steg vidare?

    SvarSlett
  13. Hei!

    Jeg måtte bare kommentere, for du skriver så mange ting som jeg har tenkt masse på de siste årene. Jeg er så enig med deg, det er så lett at forkynnelsen fokuserer på alt det vi skal gjøre i Guds rike, og ikke på det han har gjort for oss. Det blir oftere til at jeg går ut fra et møte med dårlig samvittighet for at jeg ikke vitner nok, enn at jeg går derfra med en glød i hjertet. Er det ikke det misjon handler om? At vi ikke kan la være å fortelle om det vi har sett og hørt? "Brant ikke vårt hjerte i oss da han talte til oss på veien og åpnet Skriftene for oss?" (Luk.24,32) Når vi får høre det fantastiske evangeliet om Jesus, da blir hjertet satt i brann, og misjon blir ikke noe vi føler vi må gjøre, men noe vi MÅ gjøre fordi vi ikke klarer å holde det for oss selv.

    Jesus sier at han er vintreet, og vi er grenene. Uten at vi blir i ham, bærer vi ikke frukt. Hvis det er en gren som ikke lenger henger på treet, vil den aldri bære frukt. Det er gjennom næringen fra stammen frukten utvikles.

    En av de fineste sangene jeg vet om i Sangboka er denne: "Din rikssak, Jesus, være skal min største herlighet. TAKK at jeg også fikk ditt kall og skal få være med! Uverdig er jeg, Herre kjær, å stå som lem i rikets hær. Men du som gav meg vennenavn, og tok meg ømt inn i din favn, vil gi meg makt å gå hvor du har sagt."
    Å være i Herrens tjeneste er ikke en tung byrde han legger på oss for at vi skal gjøre oss fortjent til hans nåde. Å være i hans tjeneste er et privilegium.

    Hilsen Marianne.

    SvarSlett