For omlag eit år sidan tok eg ei oppteljing på sokkasituasjonen etter ein grundig vask. No var det på tide å gjera det same på nytt, og eg har no ein kapital på 39 par, det er då kun dei tynne ull- og bommullssokkane. I tillegg kjem alle dei tjukke ullsokkane frå farmor som ligg heime på Solbakk, dei er ikkje beint få i talet. Oversikta viser altså at eg no har nok sokkar heilt til heile opphaldet i Noreg, og vel så det. Greit å kartleggja situasjonen.
Sist laurdag skeia me litt ut, og starta dagen med ein skikkeleg frukost på kafé, med Amerikanske Pannekaker m/sirup, egg, bacon og bakte jordeple (NAM). Kaféen me var på, Prikið, vert omvandla til nattklubb om nettene, men menyen viser at dei òg har omsorg for dei gjestene som måtte ha halde det gåande litt vel lenge utover natta (legg merke til den nederste linja)...
Sidan heldt utskeiinga fram, og me gjekk amok i ein vinylplatebutikk, av eit slag eg ikkje trur finns i Noreg. Stakkars bankkort. Så seig me ned i "Harpa", det nye konserthuset i Reykjavík. Det var opningshelg, og mykje musikk i foajear og slikt. Seinare tenkte me å sjå Melodi Grand Prix på storskjerm i Norðurljós. Men akustikken var stilt for klassisk (masse klang), og i det heile var det elendig kvalitet på MGP! Så me gjekk i nabokonsertsalen, Silfurberg, der det var opningskonsert med fleire islandske band, m.a. Valdimar, som eg har hatt litt dilla på. Herleg musikk!
Salane i konserthuset..:
- Kaldalón: 198 m2, amfi, 195 seter. Alt-mogleg-sal for film, konferanse og meir.
- Norðurljós: 540 m2, flatt golv, plass til 450 seter. Designa for kammermusikk.
- Silfurberg: 735 m2, flatt golv, plass til 750 seter. Desgina for "elektrisk musikk".
- Eldborg: 1.008 m2, amfi pluss tre gallerier i etasjar. 1.800 seter. Hovudsalen, passar til alle typar musikk.
Alle salane har justerbar akustikk, så han kan stillast inn etter kva type musikk som skal framførast. Hovudsalen har somsagt plass til 1800 stk. Til samanlikning er her konserthusa i dei andre hovudstadane i Norden:
- Operaen i Oslo: 1.358 seter i hovudsalen
- Oslo Konserthus: 1.404 seter i hovudsalen
- Operaen i København: 1.703 seter i hovudsalen
- DR-Konserthuset i København: 1.800 seter i hovudsalen
- Konserthuset i Stockholm: 1.776 seter i hovudsalen
- Konserthuset i Helsinki: (ca) 1.000 seter i hovudsalen
Du forstår kanskje kvar eg vil hen?
- Helsinki: 580.000 innb.
- København: 540.000 innb, Stor-Køben: 1,9 mill. innb.
- Oslo: 600.000 innb, Stor-Oslo: 1,4 mill. innb.
- Stockholm: 820.000 innb, Stor-Sthlm: 2 mill. innb.
- Reykjavík: 120.000 innb, Stor-Rvk: 200.000 innb.
Dei siktar iallefall høgt nok, ikkje noko å seia på det!
Men bortsett frå det skjer ikkje så mykje. Eg har levert, og fått godkjent arbeidskravet i NT, og må lesa som ein hest fram mot eksamen.
Så vil eg berre dela med dykk andakten for 16. mai frå "Livet i Guds Sønn" av Einar Kristoffersen (sjekk heimesida hans for talar og tekstar og anna kristent stoff! - http://www.ekris.net/)
16. Mai: Livet under nåden!
Dere er ikke under loven, men under nåden. ~ Rom. 6:14
Å, hvor vi må minnes om dette til stadighet! Det er loven som "ligger oss i blodet". Evangeliet kommer til oss som et ord, et budskap, utenfra. Om loven heter det:
"De (hedningene) viser at den gjerning loven krever, er skrevet i deres hjerter. Om det vitner også deres samvittighet og deres tanker, som innbyrdes anklager dem, eller også forsvarer dem." ~ Rom. 2:15
Om evangeliet forkynnes det oss:
"For ordet om korset er vel en dårskap for dem som går fortapt, men for oss som blir frelst, er det en Guds kraft." ~ 1. Kor. 1:18,
Og: "men vi forkynner Kristus korsfestet, for jøder et anstøt og for hedninger en dårskap." ~ 1. Kor. 1:23.
Her er det så visst ikke tale om noe som "ligger oss i blodet", men tvert imot om noe som er oss aldeles fremmed! Vi må få det forkynt igjen og igjen, slik som Paulus minner menigheten om det her.
En skulle jo tro at det var unødvendig, i og med at de faktisk kom til tro på, og ble frelst ved, nettopp evangeliet. Men den som har levd en stund i samfunn med Herren, han vet at det ikke er noen selvfølge dette, at et menneske blir værende i den erkjennelse, at det alene beror på Kristus korsfestet.
Så hør Ordet også du idag: "Du er ikke under loven, men under nåden."
Ja tenk at vi skal få leve vårt liv under nåden!