27.02.2011

Earthquake


Dette er eit kart over jordskjelv som har vore dei siste 48 timane. I morgontimane idag fekk altså kontinentalplatene seg eit aldri så lite rykk rett sørvest for byen her. Det største skjelvet var 4,0 på Richter, men det var òg fleire på rundt 3,5. Totalt har det vore over 200 småskjelv dei siste timane. Avisene skriv at det rista godt her i Reykjavík. 
Så kvifor låg eg og sov?? 

26.02.2011

Februar

Her kjeme ei lidå oppdatering frå denne kanten av verden, sånn på tampen av Februar. Rannveig jobbe bare meir og meir, så eg e meir og meir åleina heima. Spenningsnivået e altså ikkje någe å skriva heim om, men d gjer nå at eg har kome godt i gong me lesing av pensum, syns eg jaffal sjøl. Lese litt kvar kvardag. Eg har òg kome godt øve halvveis i Ringdrotten, som eg har hatt som mål å lesa i øve fira år.

Men lesing e jo fryktla kjedeligt sånn i lengden, så når eg ikkje gidde meir, sedde eg meg og planlegge sykkelturen te sommaren. Planen va fusst å sykla ca heile juli. Men så fant eg ut at eg konne bjunna allerede 13. juni, någe så gjer meg øve sju veker å sykla på! Totalt har eg 50 dagar te rådighet. Dei fusste to vegene sykle eg åleina, men så ska Ranni og Karl møda meg ein plass på austlandet, og så vidt eg vett e dei med meg resten av turen - jaffal Rannveig. Ringvegen, Riksveg 1, som e den vanlige vegen å ta rundt Island e i underkant av 140 mil. Men me nøye oss ikkje me d. Blant aent ska me sykla ront Vestfjordane og Snæfellsnes, bare dei to e te samen øve 1000 km omveg i forhold frå Ringvegen. I tillegg ska me sannsynligvis ta ei ganske store sløyfa på nordlandet, så føreløbigt ser d ut for å ble ront 3000 km tesamen. D virke veldigt møje, men del d på 40 dagar me sykling, så bler d kje meir enn ca 7 ½ mil te dagen i snitt. Så har eg sitt meg ud någen tindar framitte så ser kjekke ud å bestiga. Og sjølsagt fleire naturlige lauger rontforbi så me kan avslutta dagane i.

Ca sånn tenke eg meg turen nå:


Men d skjer andre ting òg. Eg har endeligt fått fiksa bilen, så har sutra felt i eina drivleddet i långe ti nå. D va rett før d røyg, så eg følte d måtte fiksast. Bilen måtte eg levera kl 8 om nåttå, så eg hadde me meg fjelldugen og soveposen og gjekk ud på ei halvøy i nærheten og la meg. D va mørkt når eg la meg ner i snøen, etpar timar seinare våkna eg te -10°c i ein snøkvide drømmeverden bare et steinkast utføre byen:


Men nå e telt òg innkjøpt, og på veg øve fjorden, så då kan me endeligt ta någen helgeturar uden å måtta var redde for regn! 

Så, mor, her kjeme någen bilder av ståvå itte ommøbleringå:



Me har fått oss to faste matvanar, som har blitt heilt nødvendige for at heljå ska ble fullkommen: Eg lage pannekaker te frukost kvar fredag, mens Ranni lage pizza anten fre- eller lørkveld. Denne heljå blei d lørkveldspizza, hu e i full sving, og eg glede meg t Islands beste pizza! 


. Go Helg . 

08.02.2011

Klambragil

Allereie fyrste gongen me var i Klambragil (der me den varme bekken) i midten av desember bestemte eg meg for å koma meg opp seinare til vinters når snøen låg over landskapet. Helst i romjula, medan fossilene var på besøk. Men, dei var jo så opptekne heile tida, og den einaste dagen dei var fri, var eg sjuk, og regnet hølja ned, så vidt eg hugsar. 

Så, ein dag i byrjinga av januar tok eg avgarde igjen - åleine denne gongen. Vêret var fint - ingen snø verken i luft eller på bakke, men -8°c og frisk bris beit godt i andletet. Det var nært ved at eg kutta ut badinga, men då eg stod på barden vart freistinga for sterk, og eg måtte uti. Det kan knapt skildrast kor herleg det var å leggja seg ned i den varme bekken med minusgradene susande forbi øyro. Det minst gjennomtenkte var nok at eg ikkje hadde spring i håret, så halvparten av det vart blautt. Det var likevel ikkje noko problem, då det fraus på nokre få sekund då eg kom opp, og eg fekk tørka meg utan problem. Badeshortsen byrja å fryse allereie før eg fekk han av meg. Då eg hadde fått på meg ullundertøyet var shortsen vorten ein gjennomfrosen isklump.. Mest flaks den dagen hadde likevel seks turistar som ikkje såg meg før eg hadde gjort meg sømeleg att. 

Ein annan ting i samband med den turen er at ein mann med skildringa "langt hår og skjegg" har vore sakna ei stund på sørlandet. Nokre dagar etter eg var på tur kom det melding til politiet at einkvan hadde sett ein slik person i "Reykjadal", dalen ein går opp for å koma til Klambragil.. 

Men sist veke hadde Rannveig besøk av Aslaug, og me tok ut mot Klambragil med nordkvinna. Temperaturen var denne gongen ikkje lågare enn omlag -3°c. No var snøen óg komen - ca. 30 - 40 cm. i snitt, men vinden hadde blese han i meir og mindre djupe fenner. 

Utsikt sørover frå eit stykke oppi brekkene.. 









Etter badinga måtte me sjølvsagt koka egg der bekken byrjar. 


Det er ikkje anna å seie enn at Island leverte enn ei gong! 


.-.-.

30.01.2011

Lambasvið

Gjekk i butikken her ein dag og såg någe spennande i frysedisken (ilag me lammahjerter, flamberte sauaføter, lever- og blodpølser, og folefilétar), og tenkte: Koffor ikkje?

Framme 

Inni 

Itte 

Va godt å skyla ner me litt Cola, egentligt. 

23.01.2011

Tutten

Han låg i senga si, fekk ikkje heilt sove. Høgre sida låg ned, så han såg mot veggen som var kledd med vassrett panel. Mellom han og veggen låg Lambi og ein liten, blågrå elefant. Han hadde ikkje namn, og ikkje kom han til å få det heller. Snabelen var kort, men peikte rett til vérs, ganske merkeleg eigentleg. Sjølv om Lambi var det kjæraste kosedyret hans, var det likevel elefanten som festa seg i minnet der han låg og såg.

Mor og far var vekkreiste for kvelden. Han fekk ikkje med seg kva tid dei reiste, eller kvar dei skulle, men det var tante som var komen for å sjå etter han og systera denne kvelden. Ho sat truleg i stova og såg fjernsyn eller las ei god bok. Det var ikkje så viktig. Han prøvde berre å sove. Ikkje forstod han heilt kvifor det ikkje gjekk. Han hadde jo den blå favoritt-tutten og Lambi, det var mørkt, men døra stod på gløtt så ei smal lysstripe slapp inn i rommet, nett som han ville ha det. Lyden av tante som rasla med noko i stova nådde inn på rommet med ein betryggande ro.


Etter ei stund byrja mjølka å nærma seg enden av reisa, og han snudde seg mot døra og ropa: "Tante!". Lyden av ei bok eller noko liknande som vart lagt på bordet fann vegen inn på rommet, og han høyrde mjuke fottrinn koma mot rommet. "Ja, ka e d?", spurde ho med ei varm røyst. "Eg må på do..!".

Ho leidde han ut av rommet og bortetter den smale gongen, med eit rufsete teppe på golvet, og trefarga panel på veggane - lik den på soverommet. Forbi den forbodne døra som skjulte troppa opp til "dei oppe", og inn på badet. Han hadde eigentleg lært å gå på do, og klarte alt sjølv. Men så seint på kvelden - etter leggetid - var det litt for skræmande å vera på gongen åleine, og badet var heller ikkje så koseleg. Gamalt kjellarbad, med ein stor, skræmande dusj rett attmed, og mange røyr under vasken og rundtetter. Tante trong ikkje hjelpa til, det var nok at ho var der. Då var det så mykje tryggare. Han ville eigentleg ha med Lambi òg, men det sa tante ikkje var naudsynt. Han skulle liggja og venta i senga. Men tutten fekk han ha. Med den litle krakken framføre do, rokk han fint opp, og det byrja å sildre.

Nett då dei siste dråpane drøyp ned glapp tutten ut or munnen. Han svevde ei lita stund før han sakte - som om han datt mange hundre meter - nærma seg doskåla. Landinga kom med eit stort plask i vatnet. Han kjende brått klumpen i halsen voks som om han skulle sprenge. Han ville plukka tutten opp att, men tante stogga han, og skunda seg å trekke i snora. Heile verda rasa saman. Badet vart plutseleg mørkt og kaldt, og alle skuggane var med eitt mykje lengre, mørkare og farligare. "Du kan kje bruga tutten nå så han har dotte i do, åsså e du jo gammale nok te å klara deg uden nå?", prøvde tante seg trøystade. Men det var ikkje store hjelpa. Det kjendes som han brått var riven ut or den trygge verda, og inn i neste steg av livet. Han visste at store gutar ikkje brukte tutt, men han var liksom ikkje klar for å gje han opp heilt enno.

Tante leidde han tilbake til rommet, og sette seg ved sida av han i senga. "Eg trur du klare deg fint uden nå, du e jo snart tri år. Forresten så har tutten allerede komt lånt udpå sjøen nå, heilt der så ferjå kjøre. Om någen dagar så e d sikkert någen andre så finne an og får glede av an, kanskje ein fattige gutt i Afrika?" Det var ei mager trøyst, han hadde framleis ikkje tutten, men fortelijnga til tante fekk fantasien på gli, og han såg først føre seg ferja som sigla rett over tutten, før ei sandbrun øy med ei palme og ein liten svart gut kom til syne. Tutten hadde reke heilt inntil land, og den vesle svarte guten som aldri hadde fått tutt av far og mor fekk no glede av den tutten som datt i do. Han slo seg litt til ro med dette, og tante slukka lyset att og gjekk fram i stova.

Att i rommet var ei skjerande stille som nærast stakk i øyro. Lambi og elefanten låg og kviskra til kvarandre, dei tyktes litt synd på eigaren deira. Systera hadde aldri hatt tutt, noko han ikkje klarte forstå. Men ho hadde alltid tutta på tommelen. "Eg får prøva det då", tenkte han med seg sjølv. Men det var liksom ikkje heilt det same. Det var noko feil med det. Han låg lenge, framleis på høgre sida så han såg inn i veggen, og på Lambi og elefanten. Lenge, lenge. Det kjendes som ei veke.

Brått var det morgon att.