26.10.2009

Sokkavask!

For nokre dagar sidan skulle eg vaska sokkane mine. Så gløymde eg at eg hadde vaska dei, så dei vart liggjande i maskinen over natta, og utover neste dag. Det seier seg kanskje sjølv at dei hadde klart å utvikla ei tildels spanande lukt desse timane dei fekk godgjera seg i vaskemaskinen. Men dette var jo alle sokkane mine, så eg hadde ikkje val, smell å gå med stinkande sokkar..! (eller, det er eg jo van med, men at dei stinkar allereie før eg tek dei på er nytt og uvant, sjølv for meg..).

Så, idag tok eg affære og heiv (nesten) alle sokkane mine i vaskemaskinen. For å vera på den trygge sida køyrde eg dei 3 gonger gjennom 60°C intensiv-vask, og hadde på ca 1 dl. MILO til kvar omgang. Så om eg no finn ein sokk som ikkje luktar MILO, vil det verta over og ut for tenesta hans i fotvarminga her i garden..!

Eg oppdagte det at alle sokkane mine klarte å fylla vasketrommelen diagonalt frå ende til annan, to gongjer radiusen og heile omkrinsen! Så av trivielle årsaker tenkte eg eg ville ta ei lita oppteljing. Er jo greit å ha oversikt over kapitalen. Ein set jo opp budsjett for pengebruk, så kvifor ikkje gjer det same med sokkebruken, då vert det lettare å vita kva tid eg må vaska sokkar neste gong! Så eg tok til på oppgåva. Eg var uroa for at det skulle enda med oddetal, sidan eg plar hiva ein og ein sokk, ettersom dei vert oppbrukte (når hólet gløyper alle tærne). Men til mi store glede, fann eg at eg vaska 88 sokkar idag. Det vil seia eg har ein sokk til kvar tangent på pianoet. 84 fekk plass på øvste etasje på tørkestativet, mens dei resterande 6 sokkane måtte ta til takke med ei undersnor.. Dessutan fann eg 6 sokkar i stinketøykorga, så oppsummert vert det totalt 94 sokkar! Men 88 reine sokkar, vil altså seia at eg har sokkar for 44 dagar framover (så framt eg klarer meg med eitt par til dagen..). Så då vil torsdag 10. desember vera siste dagen eg har reine sokkar, så sant eg ikkje vaskar sokkar før den tid..!

Men no skal eg sova, til god og metta MILO-duft av dei 88 sokkane som heng til tørk på rommet mitt =)

10 kommentarer:

  1. Hehe.. eg like tankegangen din! Greit å vite når neste klesvask blir aktuell!
    (eg har egentlig profil, men stress å logga på, på denna tio av døgnet(eg e trøøøtt!!) =)
    Hilsen Jannis, John Olav, JanO og andre spesielle navn..

    SvarSlett
  2. du vett at ullsokka ska vaskast på 30 grade? ;) du he forresten utrulikt mange sokka, haha

    SvarSlett
  3. Ja, men d va kje nok futt i 30°C for å få ut den luktå så sad i... 60 funke i særskilde tilfelle ;)

    SvarSlett
  4. uahh!!!! Du har ikkje vaska alle ullsokkane dine på 60 gr, gutt!!?? Hugs på kor månge timar di farmor har bruka på spøding av fotvarmarar til deg..... Men at du har mååånge par, ja, det vett eg! Men eg har vel aldrig vaska alle 47 parå på ein gong :D :D På tide å planleggja klevask ca annen kvar vega!

    SvarSlett
  5. Dagens norskregla: "aldri g i aldri"

    Eg har bare 6-7 par ullsokkar igjen. Og dei få eg har igjen e så utsletne at dei meste ikkje kan brugast. 3 av parå e fortsatt uten hól. Men alle andre ullsokkane e rett og slett utslitne!

    Forresten va meste alle sokkane mine for store før, men nå e alle i passelige størrelse :D

    Åsså ska eg sei deg d at eg har klesvask kvar vega. Kvar torsdag kl. 7 har eg bestillt maskinar ;)

    SvarSlett
  6. Klokka sju?!? Fant du ikkje eit meir vettugt tidspunkt! Men jaja! Eg er imponert og lattermild over bloginnlegget! Hihi:P

    SvarSlett
  7. Kan hugsa at det vart produsert ein labb(sokk) til ein viss dag der innante, ein gong i tida her i huset. Er den òg nesten kokt? Trur han var i blått labbagadn. Ser for meg at ei slik handsaming kunne verka godt, så kanskje fasongen har kome seg?

    SvarSlett
  8. Det stemmer. Både han og tvillingbroren (tydeleg at dei er to-egga) er med på det nest-øvste biletet i innlegget. Men det vert nok snart søppelbøtta på dei óg, diverre! Hóla aukar i både omkrins og antal for kvar gong eg brukar dei. Men takk skal de ha, dei har halde mange gode grader på labbane i kalde stunder. Så dei har absolutt ikkje levd liva sine fånyttes!

    SvarSlett
  9. Hvis du har bestilt vask kvar torsdag kl 07.00 kan eg jo forstå kvifor det har gått 44 dagar sidan du vaska sokkane dine sist......:D Og me har ei jolegåvevanske mindre :)

    SvarSlett
  10. Haha, godt å sjå at du ennå e den same :D

    SvarSlett