23.10.2009

Ei lita oppsummering..

Eg ser november nermar seg med stormsteg, og eg føler eg må få med eit nytt innlegg innan oktober seier takk for seg. Eg har ikkje noko særleg stridsemne å ta opp idag, men det har skjedd nokre få spanande ting sidan sist innlegg, som eg skal beretta om i dei følgjande tekstlinjene..

1. Pedagogikk.
Me fekk tre oppgåver i pedagogikk. Heldigvis fekk me velja ei av dei. På meg vart det "Skulen og det Musiske Menneske". Mens medelevane mine reiste heim for å få kos med mor, tok eg den fornuftige vegen, og vart att Fjellhaug i "haustferien" (!). Eg hadde aldri skrive høgskuleoppgåve før, så det var litt spanande óg! Det var tungt å koma i gong, og det var mange område med motstraum. Men onsdagskvelden traff eg bølga som førte meg rett uti golfstraumen, og orda rann ut! Oppgåva skulle vera på rundt 2000 ord, og eg ser på Tryneboka at eg kl 19:20 på onsdagskvelden hadde 53 ord. Målet for kvelden var eigentleg 1000 ord, men plutseleg såg eg 1100-talet og 1200-talet, og eg tenkte det var då ergeleg å måtta stoppa no når det gjekk så unna! Så eg vart sitjande til 09:15 torsdagsmorgon, då eg hadde oppnådd 2013 ord, og eg kjende meg nøgd med natta! Fristen var fredag 02. okt. kl. 1200, men eg var altså ferdig 09:15 torsdagsmorgon 01. okt..! Det trur eg ikkje eg har opplevd før, å vera ferdig i så god tid!!

Eg hadde ikkje store forventningane til dette faget, som eg eigentleg ser på som ei stor, stygg biverkning på eit ellers spanande musikkstudium! Målet var å stå!

2. "Haustferie"
Eg nemnde tidlegare at eg var på Fjellhaug heile haustferien. Dette var delvis sant. Første helga fekk eg med meg Maria, og me køyrde heim ein liten helgetur for å få med oss den årlege Misjonsmessa for NLM-foreiningane i Strand. Der var me så heldige å få høyra sjølvaste Arne Helge Teigen (lærar her på huset). Sundagen var me på eit møte på Jørpeland før me reiste, og der var det Ola Tulluan som preikte.. Men såå reiste me altså tilbake til Fjellhaug for å arbeida med pedagogikken, som eg då allereie har fortalt om!

Men så kom neste helga i haustferien, pedagogikken var innlevert, og eg tenkte me måtte feira denne hendinga! Så då sette me kursen sørover!! E6 ned til Helsingborg, der me tok ferja over til Helsingør. Utan betaling sjølvsagt, var bare å køyra gjennom AutoPASS-stasjonen, så var ferjebilletten løyst! Godt system!

Målet med turen var å sjå København, men først på lørdagen brukte me litt tid i Helsingør, før me køyrde nord langs kysten til Gilleleje, der me fekk oss litt fantastisk god frukost og påfølgjande sightsjåing. Så bar det sør til Hillerød, der me fant LMH - Luthersk Missionsforenings Højskole, og eit stort slott i ein flott park. Mange fine plassar og småbyar.

Av frykt for storbykøyring i København, sette me bilen i Hillerød, og tok toget ned til København. Det var nok lurt. Å setja bilen igjen i Hillerød altså. København, ja, det var jo fint.. Men det regna i absolutt alle retningar, både opp, ned, bort og tilbake.. Og vinden.. Så me gjekk ein liten runde, før me fann ein restaurant der me fekk oss ei betre italiensk pizza, og lét vatnet få dryppa litt av oss, før me heiv oss uti krigen mot véret igjen, med målretta kurs mot jernbanestasjonen!

Planen var eigentleg å køyra tidleg heimover på sundagen, men då me såg véret var betydeleg betre, droppa me dei planane, og heiv oss på toget ned til København igjen. Det var noko anna, iløpet av føremiddagen letta det heilt opp, og me fekk strålande sol resten av dagen! København var altså ganske flott! Me fekk oss ein tur med kanalbåt, og fekk dermed sett mykje fint! Men så køyrde me altså heimover då, sundagskvelden. Me tok ei litt anna rute heim, eg hadde drøymt om å køyra over Øresundsbron, så det gjorde me! Og det var jammen kjekt! Fytti, for ei bru! Først bar det ned i ein senketunnel under sjøen (dog, 10 muh på det djupaste..!), før me kom opp på "Peberholm", den kunstige naboholmen til "Saltholm". Derifrå var det 7,85 km. fundamentert på brukar og stag bortover sjøen! Pillarane til skråstagbrua over seglingsleia er 204 m. høge, altså 31 m. høgare enn den det høgaste punktet i Danmark!

Ja, så, frå Malmö var det raka vägen hæm att. Mange km., men med fartsgrense på 120 km/t store deler av strekket til Göteborg, og 110 km/t derifrå til Strømstad, går kilometrane unna! Konge tur, rett og slett! :) (sjå fleire bilete på tryneboka etterkvart...)

3. Mor og far kom på besøk.
Ikkje så mykje å seia om det, anna enn Tusen takk for besøket!! Det var kjekt!

4. SPOTIFY.
Nam. Yess. Konge. Digg. Godt. Fint. Snadder. Nice. Nydeleg. Fantastisk. Herleg. Inderleg. Flott. Kjekt. Positivt. Stabilt. Tusen takk, Svein.. Eg vart sitjande til halv 6 (trur eg) første natta med Spotify på maskinen! For eit fantastisk program! =D Farleg for ein musikkelskar, though... Skulearbeid og andre viktige ting får hard konkurranse..!

Men no får det vera nok for idag. Kanskje eg kjem tilbake seinare med ei lita oppsummering om kjøkkenet vårt, som me driv og pussar opp.. Prøver å ta litt bilete, så de kanskje får sjå utviklinga frå gammalt, til nedrive, til halvvegs, til heilvegs nytt!

Men til sist; dagens spørsmål:
Kva karakter fekk Kur på Pedagogikkoppgåva si? (slike som har fått svaret kviskra i øyra eller nemnt på msn får diverre ikkje svara på denne spurninga... men de må likevel ikkje fortvila- de er like mykje verd!)

7 kommentarer:

  1. Interessant å lesa oktoberinnlegget. For meg høyrest det ut som at det gjekk veldig godt med den pedagogikkoppgåva. Bortsett frå at ein ikkje alltid skal ha for mykje tru på nattarbeid. Men det er rimeleg å tru at dette bloginnlegget vart skrive etter at kandidaten hadde fenge visst resultatet, og det er tydeleg å merka ein god dåm over heile innlegget som kan vitna om at kandidaten er svært godt nøgd. Eg vil tippa på eit resultat langt framme i alfabetet! No går eg under namnet anonym, men det er eg langt ifrå. Kjem meg berre ikkje inn med kommentaren på annan måte. God helg!

    SvarSlett
  2. hehe - eg vett jo karakteren, så eg får ikkje lov å svara, men kjekt å lesa bloggen din vennen ;) Du kan med fordel blogga litt tittare!!
    God helg!

    SvarSlett
  3. Ikkje Anonym: Nattarbeid er ei undervurdert arbeidsform! Og alle karakterane i norsk høgskule er langt framme i alfabetet! Og i og med at eg nemnde at eg var nøgd med ståkarakter, er ikkje svaret ditt godteke som eit godkjendt tipp.

    Mor: Eg prøve å blogga så titt eg kan. D e bare ikkje så lett!

    SvarSlett
  4. Gaman að lesa bloggið þitt og fá að fylgjast með ykkur. Skemmtileg og góð lesning sem vonandi verður framhald á fljótlega. Þú átt greinilega ekkert mjög erfitt með að setja saman svona texta ;)
    Það var gaman að fylgjast með framvindu ritgerðarinnar hjá þér á fésbókinni...
    Kveðja, Anna

    SvarSlett
  5. Takk fyrir það, frænka! Vertu velkomin að fylgjast með!

    SvarSlett
  6. Nå vett eg ikkje ka karakter du fekk, og eg har kje lest heile innlegget, men eg jobba og på natto, og det funka fett det! =)
    Men det eg lurte på då, e det du så har tatt det første bildet?? For det va sykt kult!! =)
    Hilsen Jannis, John Olav, JanO pluss evt andre spesielle navn.. =)

    SvarSlett
  7. Yes, JanO, m.fl., eg har teke det første biletet sjølv. Det er sjølvsagt eit vanleg bilete som eg har skóre til i Picasa. Det er interessant at du kommenterer det. Historia er slik:

    Maria skulle ta eit bilete idét me passerte riksgrensa over Svinesund, inn til Sverige. Men eg hadde brukt kameraet dagen før, i andre lyshøve, så kvitbalansen var heilt feil med tanke på solskin og strålande himmel. Dermed vart biletet blått og iskaldt i fargane. Eg prøvde å justera litt på fargetemperaturen, samt kontrast og fargesamansetninga.. Og vips, så vart resultatet slik du ser... :)

    Heilt på slump, rett og slett!

    SvarSlett