29.04.2009

Eg tenkte..

Hadde tenkt å skriva eit nytt innlegg no, sidan det er litt vel lenge sidan sist. Men så oppdaga eg at klokka er over 22, og det medfører at eg må stå opp om mindre enn 7 timar. SÅ. Får skriva noko spanande ei anna gong..

Men for at innlegget ikkje skal verta heilt meiningslaust, så vil eg dela med mine eminente lesarar verset i Rom. 5:8 :

"Men Gud syner sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar."

Tenk det, medan me endå var syndarar. Forståeleg dersom han hadde døydd for oss fordi me var så gode.. Men nei, Kristus Jesus lot seg krossfesta, sjølv om me (då óg) var pirfulle i synd! Det er stort å ta tilflukt i! :)

05.03.2009

Heimtur frå Kortkurs...

No ramlar snart huset. Eg sit i Rosendal, og fallvindane herjar med- og bankar opp alt i sin veg her oppunder Folgefonna. Likevel er det ikkje fullt så gale idag som sist gong eg var her. Med MS Rygerfonn plar me liggja i omlag 30 kn., men i møte med fallvindane inn mot Rosendal var me nede i 24 knop. Sjøen vart blésen opp som om eit helikopter sveiv rett over.

Fint å vera inne.

Men mykje har skjedd sidan sist innlegg. Det vart med det eine innlegget frå Tromsø, men skal prøva å ta igjen litt her. Hadde nesten 3 fantastiske veker i Tromsø. Heilt enormt nydelege veker var det, og eg har vorte viss på at eg ikkje har vore i Tromsø for siste gong, så sant eg får leva!

Det vart berre to turar rundt Tromsø, men den andre turen gjekk eg med slippers. Det var greit, men blemmene frå sist tur var ikkje heilt grodde, så eg kjende det, for å seia det litt mildt. Men eg hadde kameraet med meg, og fekk eindel fine bilete. Kan henda dei kjem på Fjesbokji etterkvart.

Sånn ellers svarte Kortkurs 2009 så til dei grader til forventningane. Vanskeleg å seia kva som var best, men Stein Solberg og Curt Westman sit best i minnet, utan å nedskriva dei andre, for all del! Men Stein Solberg kom til Fjellheim med eit ganske spesielt program, og me fekk undervisning i mange emne me sjeldan eller aldri høyrer om i vanleg forkynning. Spesialfelta hans er "Gudsbilde, kjønnsidentitet, relasjoner, misbruk, sexavhengighet, syndige atferdsmønstre, skam, selvfølelse" (beklager målforma, klippa ut frå fjellheimbibelskole.no). Alt sjølvsagt i lys av Bibelen. Utruleg viktig at nokon forkynner slikt, sjølv om mykje her er tabu. Men lite er meir aktuelt i dagens samfunn med internett, parabolkanalar og andre farlege kjelder som me sjeldan vert meir enn nemnde..

Curt Westman var meir på Lekmannsfronten, lærte frå Nehemja, korleis Gud kan bruka ein lekmann til å byggja sitt rike..! Curt var nok den mest sosiale av lærarane, og han me vart best kjend med. Kjekt. Kanskje dei andre lærarane ikkje var vane med miljøet på Fjellheim, der fleire unge faktisk likar å ha eldre i forsamlinga...

Heimturen kom på torsdagen. Det var ein trist dag. Maria kom måndagskvelden, så det vart svært kort opphald for henne i Tromsø. Men eg er svært takksam for den tida eg fekk i Tromsø, og det er takk til Rødne at eg fekk det til! Men somsagt sette me grillen i første omgang nordaustover, så sørover torsdag 26. feb. Dagane før avreise fekk Tromsø bortimot halvmeteren med snø, så snødekket på vegen låg utan hól heilt til Kaaresuvanto, der me fekk oss ein hamburger. Denne var forresten oppskrytt, og neste gong ét me på svenskesida, i Karesuando. Han er betre! Men frå Karesuando var det raka vägen sørover på E45, sveriges lengste veg, til me møtte E10. Der svang me venstre og følgde vegen ned til E4 litt nord for Luleå. Sidan bar det rakt til Umeå, der me tok inn hjå Fru- og Herr Nilsson på Lillsjöberget for natta.

Det var kjekt å koma til Umeå igjen, sjølv om me ikkje fekk vera så lenge. Fekk ei god natt, og eitpar kjekke timar hjå "svigers" mens me venta på at litlesyster til Maria skulle koma heim. Så stakk me plutseleg, og besøkte Ingunn og Simon i lägenheten deiras borte på bydelen Teg i Umeå. Det var knallkoseleg! Der fekk me appelsiner, ananas og anna sunnkost.

Etter alt for lang tid slapp me endeleg ut, og fekk setja kursen sørover. Kjekt å tenka på at me ikkje ei gong var halvvegs på turen vår etter natta i Umeå. Men herifrå var det stortsett motorveg sørover. Det gjekk stort sett i eitt til me var i Gävle, der me fekk oss ein dårleg svensk Statoilburger. Kjøpte den dyraste burgermenyen- SEK 53,-. Til å le av, tenkjer du. Ikkje verdt ei krone meir, tenkjer eg! Elendig burger! Bajs er ordet. Men uansett, så heldt me fram på Riksväg 68 forbi Skinnskatteberg ned til E18, som me følgte gjennom Karlstad, Askim, Oslo, Drammen, til Gjennestad. På Gjennestad hadde me lang pause. 2 netter var me der, og på laurdagen fekk me med oss 40årsdagen til onkel Njål Arve. God Mat!! Heime på Solbakk sundag kveld, etter ca 2500 km. frå Tromsø, og 31 timar køyring. Omlag. Takk for fylgjet.

11.02.2009

Onsdagstur...

No sit eg her, det kjennes ut som om skinnet under føtene mine har løsna. Og det har det delvis óg. Men eg er forundra over kor lite denne gongen. Dei andre gongene var det mykje verre, men idag var det berre litt gale. Idag kan eg faktisk gå tilnærma normalt, og det kunne eg ikkje sist! Då hadde eg svære, mjuke, kvite vannmadrasser under føtene som gjorde eit kvart forsøk på å forflytta seg til fots til ei særs avskrekkande smerteleg og pinefull oppleving. Eg veit ikkje kvifor det var betre idag. Det er jo nesten eit år sidan sist, og enno fleire kg tyngre, så skulle tru det vart verre idag. Men ei forklaring kan kanskje vera at større del av turen gjekk på relativt mjukt snødekke, i motsetnad til steinhard asfalt, som dei siste gongene.

Som du kanskje forstår, så tok eg meg ein liten runde rundt Tromsø idag. Det er jo ikkje meir enn omlag 22,2 km. ifølge Google Maps. Eg hadde eit mål om å gjera det når eg kom opp, og no har eg altså gjort det. Og det var heilt greit. Slutten var verst, heilt til eg kom til Paletten, då vart slutten best. Kebabmannen kjende meg att straks eg kom inn. Har sjølvsagt ikkje vore der etter eg flytta heim att, men.. eg var kanskje ein god kunde mens eg gjekk på Fjellheim..

Men uansett: Eg vurderte å gå med slippers, men det vart med vanlege sko idag. Eg skal prøva å få til ein runde kvar onsdag eg er her, men får sjå kva eg gidd.. Hadde vore kjekt å innvia dei nye slippersane mine med ein fin runde rundt øya. Får sjå. Kanskje eg må finna på noko anna. Det paret eg hadde sist fekk oppleva mykje kjekt. Det første var nok fjellturar på Island, så følgde Tromsø rundt og Mongoliatur. Dei fekk no smaka litt gatestøv i Ulaanbaatar óg. Så det vert vanskeleg å vera rettferdig mot dei nye slippersane, spørs om eg klarer by på dei same utfordringane. Tida vil vise, men dei må nok venta litt! Kan henda dei får traska rundt i Ховд.. Det får vera opp til NLM, og til sjuande og sist opp til Gud!

Kanskje lesarane mine har gode forslag til kva eg kan gjera for Rudolf og Petruf, så dei får litt utfordring?

08.02.2009

Svar på oppfordring....

Eg kjenne meg stolte og beæra av å var blant dei utvalgte hjå Ingunn! Eg fulle utfordringå, og her e bilde nr. 6 i den 6. mappå i "Mine Bilder".
Dette e ein Fiat 500. Tidenes styggaste/råaste bil. Velg sjøl, eller stryk ut det så ikkje passe. Soltak har an, og greier..!

Bilen såg eg for fusste gong når me va på avslutningsturné med Fjellheim i Lofoten. Såg han på Vikingmuséet på Borg, og syns an va så kule. Så kom dagen før me sko reisa heim for godt, og eg og Maria guida mor og far på ein liten sightseeing i Tromsø. På parkeringsplassen utføre Fjellheisen, trur du kje me ser igjen denne litle, stygge bilen? :D Så då måtte eg jo bare ta bilde av an igjen, og tilfeldighetene gjor d sånn at akkurat dette bilde va nr. 6 i den 6. mappå i "Mine Bilder".

Så må eg senda oppfordringå vidare. Mine seks utvalgte e:
- Ingvil (denblaasofa)
- Hanna
- Kari
- Vicki
- Maria Therese
- Tarantellen

Så, dagens konkurranse. D versta me denne bilen va på månge måtar tanken på dei så kjørte an. Så dåkk ser, så stamme ikkje desse skiltene frå någen trafikkstasjon i Norge. D betyr at dei stakkars eigarane har kjørt denne kjerrå ganske månge kilometer. Rett onna e et bilde av bilens rumpestump. Spørsmålet idag bler:

I kafforet land e desse skiltå utstedt?
(mao: kor kjeme bilen frå..?)
Sånn ellers så e eg godt framme i Tromsø, itte godt og vel 200 mil i Camry'en. Turen va gudd, men meir om den kjeme ve ei seinare anledning. Gonatt frå Tromsø!

28.01.2009

Fri igjen

Så var eg heime på fri att. Fint, men kjenner eg treivs godt i Rosendal. Rygerfonn er ein alletiders båt, flagskipet til Rødne vil nok mange seia, og eg kan seia meg samd i det utsagnet. Men godt med fri altså. Så no er eg heime att på Solbakk.

Turen heim var fin og grei, sånn passe vér, litt halvsurt med regn og yr i lufta, og ikkje mange gradene på stokken. Men spenninga starta når eg hadde svingt av R48 mot Sunde, og teke rundkøyringa mot Halsnøytunnelen. - Og berre for ordens-skuld, snakkar me no om Halsnøy i Hordaland- mellom Stord og Sunde. Når eg nermar meg tunnelopninga, ser eg tjukk røyk rulla ut or tunnelen, og sansane mine åtvara meg fort mot å køyra inn i dette merakkelset. Ei panikkslagen kvinne kom køyrande ut or røyken, og sa ho hadde sett ein tankbil på veg ned, og etter ein liten prat med henne vart me samde om å varsla dette. Eg lyfte av SOS-telefonen, og fekk kontakt med Vegvesenet. Eg forklarte situasjonen, og sa dei nok burde senda einkvan for å sjå på dette. Eg tenkte at det nok snart ville koma ein vaktmann e.l. for å sjå på dette.. Men ca 5 min. gjekk, og då starta sirenene å ula.. Trur kvart einste køyretøy med blålys i heile Kvinnherad var på plassen, og det var tilløp til krisetilstand. Men aksjonen vart snart avblåst då røyken byrja å avta av seg sjølv, og det viste seg at tunnelen var tom. Så antakelegvis har denne tankbilen vore litt for raus med bremsene sine, og fått varmgong. Og mens eg stod og hutra og fraus og venta på at tunnelen skulle opna att, sat han sikkert på den ferja eg skulle ta og koste seg med noko godt attåt avisa si. Han skulle berre visst kva han sette i sving..!

Så fekk eg meg ei nærast nostalgisk oppleving når eg så endeleg kom fram til Ranavik, der ferja skulle gå. Det var MF Odda som kom seglande inn, og eg køyrde ombord. På veg opp frå bildekket til salongen, verka alt så kjent, og når eg kom inn i salongen vart eg overtydd om at dette måtte vera gamle, gode MF Tau. Og det var det! Kiosken var rett nok bygd litt om, og besetninga i kiosken kunne vore plukka ut av ei kvar kebabsjappe. Men stolane, borda og jamvel setetrekka var dei same som når ferja gjekk i Tausambandet for 10 år sidan! Når det gjeld innvendig estetikk og komfort kan me nok ikkje anklaga Tide for å vera alt for rause..! Men til Skjersholmane kom eg, og alt gjekk flott!

Men no er eg fri frå slike opplevingar, og ei fin veke på Solbakk, med nokre by- og tryggheimsbesøk stend for døra. Onsdag neste veke går eg på jobb igjen, og skal jobba heilt til torsdag same veka. sååå.. Kortkurs =)