28.01.2009

Fri igjen

Så var eg heime på fri att. Fint, men kjenner eg treivs godt i Rosendal. Rygerfonn er ein alletiders båt, flagskipet til Rødne vil nok mange seia, og eg kan seia meg samd i det utsagnet. Men godt med fri altså. Så no er eg heime att på Solbakk.

Turen heim var fin og grei, sånn passe vér, litt halvsurt med regn og yr i lufta, og ikkje mange gradene på stokken. Men spenninga starta når eg hadde svingt av R48 mot Sunde, og teke rundkøyringa mot Halsnøytunnelen. - Og berre for ordens-skuld, snakkar me no om Halsnøy i Hordaland- mellom Stord og Sunde. Når eg nermar meg tunnelopninga, ser eg tjukk røyk rulla ut or tunnelen, og sansane mine åtvara meg fort mot å køyra inn i dette merakkelset. Ei panikkslagen kvinne kom køyrande ut or røyken, og sa ho hadde sett ein tankbil på veg ned, og etter ein liten prat med henne vart me samde om å varsla dette. Eg lyfte av SOS-telefonen, og fekk kontakt med Vegvesenet. Eg forklarte situasjonen, og sa dei nok burde senda einkvan for å sjå på dette. Eg tenkte at det nok snart ville koma ein vaktmann e.l. for å sjå på dette.. Men ca 5 min. gjekk, og då starta sirenene å ula.. Trur kvart einste køyretøy med blålys i heile Kvinnherad var på plassen, og det var tilløp til krisetilstand. Men aksjonen vart snart avblåst då røyken byrja å avta av seg sjølv, og det viste seg at tunnelen var tom. Så antakelegvis har denne tankbilen vore litt for raus med bremsene sine, og fått varmgong. Og mens eg stod og hutra og fraus og venta på at tunnelen skulle opna att, sat han sikkert på den ferja eg skulle ta og koste seg med noko godt attåt avisa si. Han skulle berre visst kva han sette i sving..!

Så fekk eg meg ei nærast nostalgisk oppleving når eg så endeleg kom fram til Ranavik, der ferja skulle gå. Det var MF Odda som kom seglande inn, og eg køyrde ombord. På veg opp frå bildekket til salongen, verka alt så kjent, og når eg kom inn i salongen vart eg overtydd om at dette måtte vera gamle, gode MF Tau. Og det var det! Kiosken var rett nok bygd litt om, og besetninga i kiosken kunne vore plukka ut av ei kvar kebabsjappe. Men stolane, borda og jamvel setetrekka var dei same som når ferja gjekk i Tausambandet for 10 år sidan! Når det gjeld innvendig estetikk og komfort kan me nok ikkje anklaga Tide for å vera alt for rause..! Men til Skjersholmane kom eg, og alt gjekk flott!

Men no er eg fri frå slike opplevingar, og ei fin veke på Solbakk, med nokre by- og tryggheimsbesøk stend for døra. Onsdag neste veke går eg på jobb igjen, og skal jobba heilt til torsdag same veka. sååå.. Kortkurs =)

3 kommentarer:

  1. Det kunne eg fortald deg for lenge si, at det var gamle "Tau":) Fulle du ikje med..? hehe

    SvarSlett
  2. Bare for du jobbe i d flåsitta rederiet der :p Nei, ja, jo.. eg har lest om d for lenge si, og visste at u gjekk oppi der ein plass.. Men huskakje at d va Odda u hette.. men nå vett eg jo d ;)

    SvarSlett
  3. Hei!
    Sku bære sei at du e utfordra på bloggen min!:)

    SvarSlett