26.01.2009

Romarane 7:1-6

"Eller veit de ikkje, brør,- eg talar til slike som kjenner lova - at lova råder over mennesket berre så lenge det lever? For den gifte kvinna er ved lova bunden til mannen sin så lenge han lever. Men dersom mannen døyr, er ho løyst frå lova som batt henne til mannen. Difor skal ho kallast ei horkvinne, dersom ho medan mannen enno lever, vert kone åt ein annan mann. Men dersom mannen døyr, er ho fri frå lova, og er inga horkvinne om ho gifter seg med ein annan mann.

Mine brør! Såleis døydde de óg frå lova ved Kristi lekam, så de skal jøyra ein annan til, han som vart oppreist frå dei døde, for at vi kan bera frukt for Gud. For då vi var i kjøtet, vart dei syndige lystene vekte ved lova, og dei verka slik i lemene våre at vi bar frukt for Gud. For då vi var i kjøtet, vart dei syndige lystene vekte ved lova, og dei verka slik i lemene våre at vi bar frukt for døden.

Men no er vi løyste frå lova, sidan vi er døde frå det vi var fanga under, slik at vi tener i Andens nye vesen, ikkje på gammal vis, etter bokstaven."
---------------------------------------------------

Me er frie frå Lova. Så enkelt, men så vanskeleg. Når eg les det i Bibelen og andre stader, kjennest det så sjølvsagt, og eg kjenner eg kan gle meg litt i det. Men forstår eg kva det betyr? Problemet - iallefall mitt - er eigenrettferda. Ho er nok ei av mine største fiender, og går til angrep så ofte som ho kan. Når eg les Bibelen, når eg ikkje les Bibelen, når eg oppdagar at eg ikkje synda, når eg gjorde noko bra.. Er det ikkje eit lite paradoks at det å ikkje synda kan føra til synd? "Yes, d takla eg bra, uten å synda". Så gjennomsyra av synd altså!

"Men lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda vart stor, vart nåden endå større. Og liksom synda rådde ved døden, så skal òg nåden råda ved rettferd til evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.

Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda, så nåden kan verta så mykje større? Langt ifrå! Vi som er døde frå synda, korleis skulle vi enno leva i synda? Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus, vart døypte til døden hans? Vi vart altså gravlagde med han ved dåpen til døden, så at liksom Kristus vart oppreist frå dei døde ved Faderens herlegdom, slik skal vi òg ferdast i eit nytt liv." ~Rom. 5:20-6:4

Her forklarar faktisk Paulus heile greia for oss. Og for min del, så har eg lese det om att og om att fleire gonger. Men så er det slik at Anden plutseleg kan openberra noko for ein, og då vert plutseleg alt nytt. Det er i bunn og grunn dette alt handlar om. I grove trekk, sjølvsagt.

Gud vil ha heile hjarta vårt. Han vil ikkje at me skal tru at me kan klara oss sjølve. Difor er det så viktig- nett at synda får verta stor. Ikkje for han vil me skal verta enno meir syndige, men for at me skal innsjå kor ufatteleg fortapte me er. Då, og berre då, kan Jesus sleppa inn. Berre på denne måta kan me verta frelste. Dersom me tek til med vårt eige, då skubbar me Jesus ut.

Utan Lova er ikkje synd, men synda nytta seg av Lova for å visa seg som synd. Hadde ikkje lova sagt "Du skal ikkje lysta", så hadde eg ikkje lysta. Men så er me jo frie frå Lova, som sagt. Men er me frie til å leva lovlaust? Nei. Som Paulus akkurat seier: "Vi som er døde frå synda, korleis skulle vi enno leva i synda?" Eg veit ikkje korleis det er med andre, men for min del har dette vorte eit slags vopn mot freistingar og synd. Merk, eg seier ikkje at eg nokon gong kan verta syndfri, men eg trur det er viktig å vera i kontinuerlig kamp mot synda, ikkje for å verta rettferdige, men for at ikkje synda skal få større rom i hjarta:

"Lat difor ikkje synda råda i dykkar døyelege lekam, så de lyder lystene hans. Byd heller ikkje fram lemene dykkar til rådvelde for synda, som våpen for urettferda. Men byd dykk sjølve fram for Gud, som dei som har vorte levande av døde, og byd lemene dykkar fram som rettferds våpen for Gud."

Det handlar om å styra kva ein opnar seg for. Det er lett å lata seg lura av Synda. Ho snik seg inn, og vil styra liva våre, og lura oss til å tru at me er bundne under Lova. Synda vil ved lova frista oss til å lata den skitne filmen stå på. Men eg er jo Fri! Synda kan ikkje tvinga meg til noko som helst, for Kristus er Min Herre! Og eg kan med frimod stenga dei ventilane der synda vil trengja seg inn.

Me har sikkert alle høyrt "likninga" om dei to hundane- den gode og den vonde. Han som fekk mest mat, sigra til slutt. Slik er det óg med dei to naturane våre. Når freistingane og eigenrettferda kjem, og vil ha meg til å gjera mot Lova, så kan eg svara: "ja, men eg er jo FRI ifrå Lova! Kristus har jo i sin død løyst meg ut. Eg er ikkje lenger træll under Lova, men eg er fri! Eg kan gjera akkurat det eg vil!" Dermed sparkar eg vekk matfatet til den vonde hunden, og Synda har ikkje noko ho skulle ha sagt. Fordi Kristus Jesus er sanneleg Min Herre!

Men så ser eg jo at eg gong på gong på gong på gong fell, og fell, og fell. Men "du får koma for tusende gong", og det er dette som er så fint med å få leva i tilgivelsen. Eg slepp å be om forlating for kvar enkelt synd, det er nok at eg har ei haldning som viser at eg ikkje er anna enn synd- for å seia det litt enkelt.
---------------------------------------------------

For alt eg veit, kan dette berre ha vorte rot for deg som les. Men det var mitt vitnesbyrd idag, og mi glede i Kristus Jesus, han som har løyst meg ut frå all synd, og knytta meg til seg. Eg kan snubla og detta, men Jesus er jo med! Og eg får kvar dag leva i Jesu tilgivelse og frelsesverk. Dei tinga her har vore i skallen min dei siste dagane, og det har rett og slett vorte litt godt for meg. For med grunnlag i desse avsnitta i Bibelen kan eg med visse sei "Eg er Frelst! Eg er på veg til Himmelen!"

Amen.

5 kommentarer:

  1. Nær det gæller lagen (loven) så har vi kristna också svårt å førstå vad den ska anvændas till, liksom vi inte førstår evangeliet. Lagesn ska visa oss vår synd, att den ær stor, ja. Det står någonstans att den ska tukta oss till kristus. Jag har liksom en bild før mitt indre syn: två mænniskor sitter ihop som siamesiska tvillingar llr nåt, dom ær två personer, men samtidigt samma person. Den ene ær vit (den nya natur) och den andra svart (den gamla natur, "gamle-Adam") den nya natur stræcker sig åt ett håll, åt Kristus, mens den andra åt motsatt håll, mot synden. Å så ska lagen liksom "piska" den svarta personen så att den blir svag och tappar sin kraft så att den vita førs nærmare sitt mål.
    ok, førstod du den?

    SvarSlett
  2. Bra innlegg Kur. Det er godt å lesa at du har det slik, og det er godt å lesa at vi er fri frå lova.

    Forresten ser eg det for meg korleis du sparkar vekk matfatet til den vonde hunden. =D Ta i skikkelig. Eg meinar det for deg og for meg...

    Rebecka: Jag förstod den, men för mig blir det där ganska slitsamt och lagiskt. Den gamla naturen är död med Kristus på korset (Rom 6:6), så den har ingen rätt till att dra mig åt något som helst håll. Det är snarare min dumma inbillning att den fortfarande lever som behöver "piskas", och det gör den genom att igen se att den gamla naturen dog med Jesus på korset. Det är en del av det frigörande Evangeliet i helgelsen.

    Lagen har en plats efter det, när jag hungrar och törstar efter att få tjäna Gud. Genom Lagen får jag då se vad han vill att jag ska göra. Då gör jag det med glädje. =)

    ps. Det jag skrev om är idealet, men inte det jag upplever. Jag är en idiot som inte klarar att leva som att detta var sant.

    SvarSlett
  3. Rebecka: Ja, eg forstår ka du meine, og Loven er vår Tuktemester til Kristus. Men eg ser det óg, som Bjørn seier- den gamle naturen min er død med Kristus. Og nettop difor spør Paulus Romarane korleis me då skulle kunna leva i synda, når me er døde frå synda?

    Men eg trur nok at me kan gje synda liv, nettop ved å "ikkje sparka vekk matfatet" (jfr. biletet med hundane), og slik er det ein kamp inni oss. Men eg trur sjølv at nye og gamle naturen er skilde frå kvarandre, ikkje som siamesiske tvillingar, men som to fiendar.

    Men det er slik eg ser det =)

    Må dessuten stilla meg bak Björn sitt siste avsnitt. =)

    SvarSlett
  4. ja, jag är helt enig med er båda, skrev bara utan å egentligen tänka igenom vad jag skrev...ikke så lurt kansje? ;)

    SvarSlett
  5. haha :) Eg tenkte me nok egentligt va enige ;)

    Guds Fred :)

    SvarSlett