07.02.2010

16'073 fosterdrap i 2008

Vel, me kan takka for at fylket vårt (Rogaland) ligg på botn av abortstatistikkane i Noreg. Men det seier desto meir om kor gale det er i resten av landet! I snitt er det altså over 3 mord kvar einaste dag, og det er berre i Rogaland..! Det samla talet for Noreg vert over 44 i snitt, kvar dag. 44 kaldhjerta mord på uskuldige, små liv kvar einaste dag! Eg skreiv litt om bøn i førre innlegg, og dette er kanskje eit av dei største og mest skrikande bønneemna i vår tid.

Be for:
  • Menneske som har fått utført abort, men som får problemer med det i etterkant (Ja, Jesus er ALLTID klar for å ta imot, trøysta og tilgi borna sine, anten dei har baksnakka, loge eller teke abort..).
  • Menneske som ynskjer å ta abort, be om at dei må koma på betre tankar!
  • Alle dei borna som allereie er unnfanga, men som er planlagt aborterte, be om at liva deira må verta sparte.
  • Sjukepleiarar og legar som ikkje ynskjer å utføra abort.
  • Organisasjonen Menneskeverd, og andre som kjempar for å redusera provosert abort.
... og ikkje minst:
  • Styresmaktene våre, at dei kan våga å ta eit grep for å begrensa abortmoglegheitene i Noreg, helst totalforby det.

http://www.aftenbladet.no/lokalt/1156962/Faerrest_aborter_i_Rogaland.html

4 kommentarer:

  1. Er abort en verre synd enn andre? Hvis ikke - hvorfor så et helt blogginnlegg om det? Er det ikke fordi du/kristne EGENTLIG tenker at abort er en verre synd enn andre? Tror baktalelse kan drepe vel så mye...

    SvarSlett
  2. Takk for kommentar, Anonym.
    Abort er like ille som andre synder. Og andre synder er like ille som abort. Synd er synd!

    Men dette var eigentleg ikkje poenget mitt her. Abort medfører avslutning av eit liv. Poenget er at det i løpet av eitt år vert myrda over 16000 hjelpeslause born i Noreg. Dersom det ikkje gjer deg vondt, så Gud hjelpe deg.

    Når det gjeld baktaling, kunne eg gjerne skrive om det òg, det er eit stort problem i kristne kretsar. Tilfeldigvis las eg ein artikkel om abort, og difor vart det det eg skreiv om!

    SvarSlett
  3. Jeg forstår godt hva du sier. Jeg vet at det er synd. Og jo, det gjør meg ondt. Beklager jeg reagerte. Fin artikkel. Takk

    SvarSlett
  4. Så er det viktig å få med at absolutt ingen synder er så store at Jesus ikkje kan vaska dei vekk!

    "Men der synda vart stor, vart nåden endå større." ~ Rom 5,20b

    Abort, baktaling, løgn, tjuveri. Jesus tilgir alt!

    SvarSlett