01.02.2010

"Bønn hører ikke med"

Lørdag 23. januar kunne me lesa i "Velsignet Helg" om Janne Haaland Matlary, som uttalte følgjande:

"Det bør aldri være andakt/bønn på politiske møter; menighet og parti er to helt forskjellige ting og det forundrer meg virkelig at noen eventuelt kan mene noe annet, nå mer enn 10 år etter at KrF vedtok sitt kristendemokratiske partigrunnlag."

Når ein gjeng menneske møtest i eit
rom for å arbeida med, og kjempa for "kristne saker",
og prøver å finna fram til den "rettaste" politikken utifrå Guds Ord, er det ikkje då naturleg at ein òg nyttar seg av det mektigaste verktøyet me har fått av Gud, nemleg bøn? Me har fått store løfter knytta til bøn, og eg er litt forskrekka over at ein KrF-politikar kan hevda noko slikt at bøn ikkje skal høyra med i KrF-møtene!

Når det gjeld andakt, så kan eg heller ikkje sjå problemet, når fleire kristne møtest, er det ikkje då naturleg å dela eit Ord med kvarandre? Paulus bed oss om å lata Kristi ord bu rikeleg mellom oss. Dette betyr ikkje at ein skal forsømma alt anna i verda, det er viktig arbeid det KrF gjer, å kjempa mot den forferdelege sekulariseringa i samfunnet. Eg meiner ikkje KrFmøtene treng vera vekkelsesmøter, men dersom ein stenger Gud ute frå samlingane og det politiske arbeidet, er eg sikker på at det betyr ein sikker død for KrF. Kva er KrF utan Gud? Særnorsk Klimaparti?

Konklusjon: Bøn høyrer så visst med i ALLE deler av livet, politikk er ikkje noko unntak.

3 kommentarer:

  1. Eg e faktisk veldig enig me deg, kå e vitsen me KRF vist ikkje d sga bygga på kristne verdia osv?

    SvarSlett