16.02.2010

Samtaleemne

Kva er det me kristne snakkar om til vanleg når me er samla? Det har slått meg av og til kor vanskeleg det er å koma inn på kristne samtaleemne når ein sit saman med kristne venner! Praten kan gå, folk er aktive, og det er koseleg og kjekt når ein snakkar om OL, musikk, studietur, eller kva som helst anna- heilt til einkvan dreg inn kristendomen, eller eit kristent emne. Då byrjar me å plystra og nynna melodiar med oss sjølve, det vert stilt, ein berre nikkar litt utilfreds til det som vert sagt, og ingen har noko å seia.. Kvifor er det slik??

Eg trur eg veit det. Syndaren er Satan. Du har kanskje høyrt om han? Engelen som ville vera Gud. Men Herren Herren er større og sterkare enn Satan, og Satan gjer alt han har i si makt for å sabotera kristne aktivitetar på jorda, slik at han kan få som flest menneske med seg til Fortapinga når Gud ei gong skal døma Satan. Måtte me få verta merksame på dette, og lata Guds Ord leva rikeleg mellom oss! Bibelen oppfordrar klart til dette, m.a. i Paulus brev til Kolossarane 3:16 :

"Lat Kristi ord bu rikeleg mellom dykk, så de lærer og formanar kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege viser og syng for Gud med takksemd i hjarto dykkar."

Slik det er med meg, og med mange eg kjenner, vert ikkje dette teke på alvor. Bur Kristi ord rikeleg mellom oss? Kan me snakka om Jesus til vanleg, snakka om kva Bibelen seier i ulike samanhengar, snakka om kva Jesus faktisk har gjort for oss? Eller kjenner me oss utilpass når kristne tema vert dregne inn i samtalen? I Matteus 12:34b seier Jesus:

" (...) For det hjarta renn over av, det talar munnen."

Dersom me las meir i Bibelen, kanskje me hadde meir å dela med kvarandre om Jesus når me kristne søsken treffes,- ikkje berre på vitnemøter, men til kvardags..?!

Eg må få understreka at dette først og fremst er ein peikefing til meg sjølv, men om du kjenner deg truffen, så kan du ta det til deg! Kva talar munnen din? Kva talar munnen min?

3 kommentarer:

  1. Viktig, viktig og vanskelig, vanskelig.
    Et tips jeg hørte da jeg spurte noen i Tromsø som er gode til å ta opp åndelige tema i samtalen var dette: Gå sammen to eller fler og avtal at man skal/kan snakke om talen/Bibelen/åndelige ting, f.eks etter møte. Aleine vil man aldri få det til, sa den personen. Jeg tror det er noe i det.

    SvarSlett
  2. Min holdning til dette er at man ikke må stresse seg opp fordi dette er vanlig, men isteden å selv begynne i det små. Jeg tror det vil spre seg som ringer på vannet. Slik fungerer det i tålmodighetens og ydmykelsens Rike. Men ja, det står i Bibelen og da skal det forkynnes. Bra innlegg. =)

    SvarSlett
  3. Ja, det var nok et lurt tips, Marit Ane!

    Eg stresse det ikkje, Björn ;) Men forstår ka du meine. Men Satan e dessverre tidlig ute med bølgedemparane sine for å ødelegga positiv utvikling. Trur det krevs bevissthet rundt det, iallefall så lenge det ikkje falle naturlig for folk å gjer det! Syns det Marit Ane hadde hørt i Tromsø va ein smart ting å gjer! :)

    Dessuten huske eg at det blei spesielt lagt opp til samtale om dagens tekst/tema itte ungdomsmøtene på Fjellheim, det var godt!

    SvarSlett