12.09.2010

Bob i hus!

Eg kom heim frå jobb, og der hadde postbodet allereie levert pakken på døra. Landpostbod er flott! Bob Ibex er i hus! Dette har eg gledd meg til lenge, og no er snart alt på plass for ein skikkeleg langtur på sykkel. Kjem ikkje i hug om eg har nemnt det her tidlegare, men ein ting eg har sett meg føre å gjennomføra mens eg er på Island, er å sykla runden. No har eg både sykkel og hengar, og manglar berre telt før eg er klar!


Eg hadde trålt nettet for produkttestar, forum, bloggar, alt eg kunne finna om fordeler/ulemper med tilhengar i høve til tasker. Og mange hadde ulike meiningar, og eg kom fram til at det var mykje smak og behag ute og gjekk. Men eg tenkte som så: Island er eit land med uendeleg lange, flate strekk, der lufta aldri står stille. Som regel fyk ho rundtforbi, og sannsynlegheitene for å få mange, lange dagar med motvind ga meg lyst til å prøva å samla bagasjen i ei smal linje bak meg i staden for å bygga ut sykkelen i breidda. Det andre er at Island framleis har mange grusvegar, med kan henda milavis med vaskebrett. 20-30 ekstra kg på sykkelen er då ikkje det beste for verken dekka eller spilene i hjulet. Med hengar får eg fordelt vekta bakover på eit ekstra hjul, og i teorien bør både dekk og hjul få minst litt behagelegare tur då!

Når så Tromsø Natur & Fritid på Lauklines, med Magne Aarbø i spissen, slo til med 30% rabatt på BOB sykkeltilhengarararar, så kunne eg ikkje anna enn å gjera eit kupp!

Men med alle moglege ulike meiningar i bakhovudet etter nettrålinga, var eg no higen etter ein prøvetur. Eg fyllde ein bag opp med ca 8 kg skittentøy, fann teltet, 5 kg og heiv dei oppi DrySak'en som følgde med BOB'en. Så med ca 14-15 kg bagasje (+ vogna, 7,7 kg) tok eg ut bortover Strandalia til Tau, ned til Gullbekkstien, opp til Strand, opp Nesvegen (Tjøstheimbakkane), og ned Heiabakkane heim att. Eg var overraska over kor lett eg trilla på flat veg, då merka eg knapt forskjell. Slak motbakke var heller ikkje noko problem. Når eg skulle opp Tjøstheimbakkane, kjende eg større forskjell, men framleis er eg imponert over kor "lite mykje tyngre" det var enn eg hadde trudd. Klart - når primusen, soveposen, maten, vatnet, osv kjem oppi i tillegg, og det bikkar 20, kanskje 25 kg, vil eg nok merka meir, men likevel! Eg er imponert!

Kan ikkje seia anna enn at eg gler meg ubeskriveleg mykje til å ta til på rundturen! Er du gira på å vera med, så sleng deg på!! :)


P.S.: Eg kjem til å nappa av den gule vimpelen. Får sjå om me får på eit flott flag eller to heller.

2 kommentarer:

  1. SLANKEkur altså..;) Kvifor har ikkje eg, Maria og Siggan fengje tilbod om å vera med?

    Helsing(Ikkje Dordi, men...)

    SvarSlett
  2. Hahaha. Føle kje akkurat eg kan skrøyda på meg den "slanke"-delen :p Men les:

    "Er du gira på å vera med, så sleng deg på!!"

    Er ikkje det ein òpen invitasjon, så veit ikkje eg! Sjølvsagt er du òg hjarteleg velkomen med. Eller berre på besøk. Kva som helst ;) Men ta med telt dersom du vil på sykkeltur ;)

    SvarSlett