11.09.2010

Roggbif

Gud tala til Noah og til sønene hans som var med han, og sa:

"Sjå, no vil eg sjølv gjera ei pakt med dykk og med etterkomarane dykkar, og med kvar levande skapning som er hjå dykk, fuglane og feet og alle ville dyr hjå dykk - alt som gjekk ut or arka, alle dyra på jorda. Eg gjer mi pakt med dykk: Aldri meir skal alt kjøt verta rudd ut i ein vassflaum. Aldri meir skal det koma ein vassflaum og øydeleggja jorda."

Og Gud sa:

"Dette er teiknet på den pakta eg gjer mellom meg og dykk og kvar levande skapning som er hjå dykk, for alle komande slekter og tider: Eg har sett bogen min i skya, han skal vera teikn på ei pakt mellom meg og jorda. Og det skal stå fast at når eg fører skyer over jorda, og bogen kjem til syne i skya, då skal eg koma i hug pakta mi mellom meg og dykk og kvar levande skapning av alt kjøt, og vatnet skal aldri meir bli ein flaum som øydelegg alt kjøt. Når bogen står i skya, vil eg sjå på han og koma i hug den evige pakta mellom Gud og kvar levande skapning, alt kjøt som er på jorda."

Gud sa til Noah:

"Dette er teiknet på den pakta eg har gjort mellom meg og alt kjøt som er på jorda."
~ 1. Mos 9:8-17

1 kommentar: