Kva er det me kristne snakkar om til vanleg når me er samla? Det har slått meg av og til kor vanskeleg det er å koma inn på kristne samtaleemne når ein sit saman med kristne venner! Praten kan gå, folk er aktive, og det er koseleg og kjekt når ein snakkar om OL, musikk, studietur, eller kva som helst anna- heilt til einkvan dreg inn kristendomen, eller eit kristent emne. Då byrjar me å plystra og nynna melodiar med oss sjølve, det vert stilt, ein berre nikkar litt utilfreds til det som vert sagt, og ingen har noko å seia.. Kvifor er det slik??

Eg trur eg veit det. Syndaren er Satan. Du har kanskje høyrt om han? Engelen som ville vera Gud. Men Herren Herren er større og sterkare enn Satan, og Satan gjer alt han har i si makt for å sabotera kristne aktivitetar på jorda, slik at han kan få som flest menneske med seg til Fortapinga når Gud ei gong skal døma Satan. Måtte me få verta merksame på dette, og lata Guds Ord leva rikeleg mellom oss! Bibelen oppfordrar klart til dette, m.a. i Paulus brev til Kolossarane 3:16 :
"Lat Kristi ord bu rikeleg mellom dykk, så de lærer og formanar kvarandre i all visdom med salmar og lovsongar og åndelege viser og syng for Gud med takksemd i hjarto dykkar."
Slik det er med meg, og med mange eg kjenner, vert ikkje dette teke på alvor. Bur Kristi ord rikeleg mellom oss? Kan me snakka om Jesus til vanleg, snakka om kva Bibelen seier i ulike samanhengar, snakka om kva Jesus faktisk har gjort for oss? Eller kjenner me oss utilpass når kristne tema vert dregne inn i samtalen? I Matteus 12:34b seier Jesus:
" (...) For det hjarta renn over av, det talar munnen."
Dersom me las meir i Bibelen, kanskje me hadde meir å dela med kvarandre om Jesus når me kristne søsken treffes,- ikkje berre på vitnemøter, men til kvardags..?!
Eg må få understreka at dette først og fremst er ein peikefing til meg sjølv, men om du kjenner deg truffen, så kan du ta det til deg! Kva talar munnen din? Kva talar munnen min?