12.04.2011

12. April

Velkomne til 12. April. Idag er den 102. dagen i 2011, og det er 263 dagar att før 2012 tek over. 




12. April er ein dag som har fått bety mykje for mange menneske, både på godt og vondt. Han er ein merkedag for menneske over heile verda. Mellom anna har eit stort antal menneske vorte fødde denne dagen, og ikkje minst har mange etterlatt sine kjære her på jorda denne dagen. Somme av dei viktigaste fødslane skal eg nemna her: 

  • 1915: Lujo Tončić-Sorinj 
    • 1966 - 1968: Utanriksminister i Austerrike 
    • 1969 - 1974: Generalsekretær i Europarådet 
  • 1924: Raymond Barre 
    • 1967 - 1972: Visepresident for Europakommisjonen 
    • 1976 - 1978: Handelsminister i Frankrike 
    • 1976 - 1981: Statsminister i Frankrike 
      • R. Barre var den første som hadde hatt begge desse posisjonane under "Den femte franske republikk" 
    • 1995 - 2001: Borgarmeister i Lyon 
  • 1947: David Letterman 
    • 1965 - 1969: Studerte til Bachelor i Telekommunikasjon 
    • 1970 - 1974: Vêrmeldar på lokalfjernsyn i Indianapolis 
    • 1974 - 1975: Leiar for barneprogrammet Clover Power på radio 
    • 1975 - 1993: Forskjellige talk-show 
    • 1993 - - - >: Vert for The Late Show with David Letterman 
Dei som har følgt litt med på The Late Show with David Letterman, kjenner att "Hello Deli" og Rupert Jee. Rupert Jee vart ikkje fødd 12. april, men 16. juli 1956, og er eigar og drivar av sjappa "Hello Deli". Rupert Jee har bachelor i økonomi frå City University of New York, og tener rundt 250.000 dollar i året på deltakinga i Letterman Show, i tillegg til inntektene frå sjappa. I Hello Deli er det mellom anna mogleg å få kjøpt Snickers. Det har eg gjort. 

Ps. Eg trudde eg kjende Island, og burde difor ikkje vore overraska. Men det er på tide å avskaffe årstidene. Dei kan i bestefall kallast månadstider. Og dei er høgst uregelbundne. For eitpar veker sidan hadde me vetter, med minusgrader i fleng og snø oppetter leggen. Så kom våren. +10°c til +12°c, krokus og påskeliljer, grøne, sprekkferdige knoppar på buskar og tré. Så kom hausten, med 2-5 grader, 36 m/s vind, sludd, hagl og regn. Både Eli Kari og Kristen prøver å spå vêret over ei veke fram i tid på Island. Meldingane stemmer sjeldan, og det er vel difor Veðurstofa Íslands ikkje tek seg så mange boller i munnen (å spå så langt fram i tid). Men førebels ser vetteren ut til å returnere rett over neste helg, med ned mot -9 grader tysdag morgon, den 19. Men det kan vera kjekt for mine kjære turistarar. Nordavinden kjem ofte drassande med krystallklår luft frå Nordishavet, så lys og sikt vert ofte magisk under slike omstende. 


Sånn, der var eit innlegg på plass, gitt. Tek gjerne imot kreative forslag til emne for komande, like spanande innlegg som dette... 

3 kommentarer: