29.04.2011

Besøkur

Åtvaring: Langt innlegg! 


For nøyaktig ei veke sidan måtte eg grytidleg opp for å henta nokre turistarar som hadde forvilla seg frå Noreg til Keflavík. Dei var fire i talet, to av kvart av dei vanlege kjønna, og eitt av kvart individ. Eg tok på meg ein tenars skikkelse og guida og sjåførte etter beste evne. Men røynsla mi av fri-guiding utan manus er takmarka, og faren er stor for at andre kunne gjort jobben særs betre enn meg. 
Planen for tysdagen var å stikka i Klambragil så snart farfuglane hadde sett føtene på bakken. Men tidleg avreise og to timars tidsforskjell slo knock-out på reisefølgjet, og det medførte djup snorking allereie ein time etter inntoget her i heimen. Et par timar seinare var energinivået likevel tilbake på eit dugande nivå, og me sette kursen mot Hveragerði og Klambragil. 


Som de kan lesa om i førre innlegg var eg oppe helja før og demmde opp bekken. Eg uroa meg då over at temperaturen ikkje var høgare enn 30 grader, men det var tydelegvis utan grunn. Tysdagen hadde det minka merkbart på det kalde vatnet, og det svei godt når me sette oss i bekken. Termometert viste no 45°c. Litt i varmaste laget trur eg me vart samde om. Så snart me hadde fått på oss kleda, smalt regn og vind på og gjorde heimturen blaut og kjølig.... (men det var jo litt kos likevel) 


Dagen etter, onsdag 20., såg vêrmeldinga ganske så fin ut, og eg hadde på førehand tinga ein aldri så liten tur på Eyjafjallajökull. Klokka 10 om morgonen rulla ein Nissan Patrol inn på parkeringsplassen, modifisert og oppbygd med 46" dekk. Eit monster av ein bil. 


Skyer og regn låg over oss, men med von om betre tider sette me kursen søraustover, ilag med sjåføren vår, Ingi, ein framifrå kar! Me køyrde vel omlag halvannan time før me var framme ved foten av fjellet. Vêret var framleis mørkt og vått, men me starta klatringa opp fjellsida. 


Etterkvart som me kom oppover låg snøen tung og blaut, og gjorde framgangen treig. Men med grove dekk, sinnssjuk bil og sta sjåfør, grov me oss gjennom slapsen opp bratte bakkar og innover ein snødekt dal. Snødekt og skoddedekt. Det gjekk ikkje lenge før me fekk total white-out, som dei seier. Snø og skodd gjekk totalt i ett, og me såg ikkje ein meter framføre bilen. Me køyrde vidare i blinde, berre etter GPS, og Ingi sine lokalkunnskaper om bakkar og heng. Ved fleire høve måtte me ut og gå framføre bilen for å vera sikre på å ikkje køyra utføre bratte heng (Ingi meinte det var betre berre eg fór utføre stupet enn heile bilen...). Men etter litt krongling og leiting fann me (rettare sagt, han) ei trygg lei inn på bréen, i omlag 1100 meters høgd. Her var snøen mykje kaldare, og eit tjukt lag med pudder gjorde at føret var i tyngste laget. 


Dei siste hundre metrane måtte me, passasjerane ut or bilen, mens Ingi kravla vidare, med oss gåande ved sida. Men me gjekk ikkje lenge før me endeleg var på toppen, ca 1550 moh. Framleis var ingenting å sjå, berre heilt kvitt over, under, framføre og bak. 
Men me såg på GPS'en at me stod heilt på barmen av "kalderaen" rundt vulkanen, og hadde skodda letta, hadde me sett kratra etter utbrotet i fjor vår. Men etter å ha venta omlag halvannan time på toppen måtte me gje opp, og snu baugen ned att. Einaste provet vårt var at GPS'en viste kvar me hadde vore. Eit lite plaster på såret fekk me likevel, då Ingi tilbaud oss andre å få prøva førarsetet på veg ned av bréen. Det hausta stor glede frå oss mannlege passasjerar, og sette eit kjekt punktum på turen. 


Torsdagen kom som meldt med regn og sure kattar, så me sov litt frampå før me tok turen rundt The Golden Circle (farmor: Den Gyldne Sirkelen). Me starta med Þingvellir, før me tok ein snarveg ned til Reykholt, der me møtte eit koseleg par frå Noreg som nokså nyleg har starta Iceland RiverJet. Kjekke ting er som kjent forbodne i Noreg, så dei måtte søka asyl her for å driva med geskjeften sin. Til stor glede for oss. Båten er relativt liten, men med ein 400 hestars modifisert Chevy V8 kopla på ein vannjet, suste me oppover elva i omlag 40 knop, somme stader ei lita båtbreidd frå klippane som står uti elva. Kick. 


Etterpå heldt me vidare på dei obligatoriske stoppa; Gullfoss og Geysir. 






Fredagen skilde me lag. Dei to lengste av oss vart att i Reykjavík, og kva dei gjorde på der skal eg ikkje spekulera i her. Men me tri kortvaksne andre sette kursen nordover. Me var framme i 7-tida om kvelden, men pga manglande avslappingsfasilitetar i hytta vår sjekka me like godt opp litt av området allereie same kvelden. 


Neste dag, laurdagen, heldt me fram med å sjekka opp området rundt Mývatn. Veðurstofan spådde føn-vind og fine dagar, men eg trur me trygt kan skriva under på at det ikkje heilt slo til. Regnet heldt seg vekke for det meste, men vinden bar preg av å koma rett frå Nordpolen. 











Etter å ha sett det meste rundt Mývatn, sette me kursen nordover mot Húsavík. Somme av oss hadde gleda seg stort til å få oppleva verdsens merkeligaste muséum, som forøvrig nett har fått komplettert samlinga si med lemmer frå alle mannlege levande vesen på og rundt Island. Men muséet var "diverre" stengt, så me måtte nøya oss med å råna litt og eta ein god burger. Húsavík var koselegare enn eg hadde sett føre meg, trass i det litt lugubre muséet! 





Begge nettene overnatta me i ei lita, lafta hytte mellom Mývatn og Dimmuborgir. Ho var fin nok, men andre natta blés det opp, og me merka fort at veggen ikkje bestod av anna enn nettopp lafta tre. Fleire stader såg me rett gjennom veggen. Dermed fann vinden seg mange kanalar inn, og håret blafra godt der eg låg i senga (faktisk)....


Sundagen hadde no fått ei ganske kjip vêrmelding, med storm og snø frametter dagen, så me bestemte oss for å koma oss avgarde sørover så kjapt som råd. Turen vart vindfull, men gjekk greit. Over eine fjellovergangen (Holtavörðuheiði) kom snøen for fullt, og me fekk ein god snøstorm. Men gode Camry 2.2 XL gir seg ikkje så lett, og før me visste ordet av det var me framme i Reykjavík. 

Avreisedagen, måndagen, vakna me på nytt opp til kvit jord, og det var med eit snev av misunning at eg tok avskjed med dei reisande som skulle heim til sol og 20°c. Men turen var for min del heilt fantastisk, det var ubegribeleg gildt å ha besøk. 

Idag kom våren likevel, me fekk tosifra tal på termometeret, og trea i hagen prøver så hardt dei kan! 








3 kommentarer:

  1. Eg syns du e flink til å finna på ting å gjer på på Island!! Jeepkjøring på ein isbre har eg drømt om, men vannjet........såg sinnsykt ut :)

    SvarSlett
  2. Du fant jo på masse! Å va jille så ordna så møje for åkke :)

    SvarSlett
  3. Va vel dåkk så kom på kæ dåkk ville jær, æg bare ordna.. Å dæ va bare jillt. :) Dåkke va jille så kom ;)

    SvarSlett