17.04.2011

Laugardag

I går tok eg med meg ei lita skuffel og gjekk i Klambragil på jakt etter ein fin plass å demma opp ei laug. Til mi store sorg viste bekken seg å vera pisselunka der han tidlegare var perfekt varm. Grunnen er nok snøsmelting og mykje vatn i dei kalde oppkomene. Varmast var han rett attmed dei varme kjeldene, der målte eg ca 30 grader. Det er jo fint, men ikkje perfekt. Men eg demmde opp, så får me håpa det minkar litt på det kalde vatnet til me skal opp igjen uti veka. 





Go påske! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar