Eplemost smakar så slettes ikkje agurk.
Slik skal han sjå ut etter ein slurk.
Slik skal han sjå ut etter ein slurk.
Dei fleste har ikkje forstått det.
Berentsen har forstått det.
Sjå den skummen.
Perfekte fresen.
Eplemost.
For nokre dagar sidan skulle eg vaska sokkane mine. Så gløymde eg at eg hadde vaska dei, så dei vart liggjande i maskinen over natta, og utover neste dag. Det seier seg kanskje sjølv at dei hadde klart å utvikla ei tildels spanande lukt desse timane dei fekk godgjera seg i vaskemaskinen. Men dette var jo alle sokkane mine, så eg hadde ikkje val, smell å gå med stinkande sokkar..! (eller, det er eg jo van med, men at dei stinkar allereie før eg tek dei på er nytt og uvant, sjølv for meg..).
Så, idag tok eg affære og heiv (nesten) alle sokkane mine i vaskemaskinen. For å vera på den trygge sida køyrde eg dei 3 gonger gjennom 60°C intensiv-vask, og hadde på ca 1 dl. MILO til kvar omgang. Så om eg no finn ein sokk som ikkje luktar MILO, vil det verta over og ut for tenesta hans i fotvarminga her i garden..!
sidan eg plar hiva ein og ein sokk, ettersom dei vert oppbrukte (når hólet gløyper alle tærne). Men til mi store glede, fann eg at eg vaska 88 sokkar idag. Det vil seia eg har ein sokk til kvar tangent på pianoet. 84 fekk plass på øvste etasje på tørkestativet, mens dei resterande 6 sokkane måtte ta til
takke med ei undersnor.. Dessutan fann eg 6 sokkar i stinketøykorga, så oppsummert vert det totalt 94 sokkar! Men 88 reine sokkar, vil altså seia at eg har sokkar for 44 dagar framover (så framt eg klarer meg med eitt par til dagen..). Så då vil torsdag 10. desember vera siste dagen eg har reine sokkar, så sant eg ikkje vaskar sokkar før den tid..!
Eg ser november nermar seg med stormsteg, og eg føler eg må få med eit nytt innlegg innan oktober seier takk for seg. Eg har ikkje noko særleg stridsemne å ta opp idag, men det har skjedd nokre få spanande ting sidan sist innlegg, som eg skal beretta om i dei følgjande tekstlinjene..
ma i gong, og det var mange område med motstraum. Men onsdagskvelden traff eg bølga som førte meg rett uti golfstraumen, og orda rann ut! Oppgåva skulle vera på rundt 2000 ord, og eg ser på Tryneboka at eg kl 19:20 på onsdagskvelden hadde 53 ord. Målet for kvelden var eigentleg 1000 ord, men plutseleg såg eg 1100-talet og 1200-talet, og eg tenkte det var då ergeleg å måtta stoppa no når det gjekk så unna! Så eg vart sitjande til 09:15 torsdagsmorgon, då eg hadde oppnådd 2013 ord, og eg kjende meg nøgd med natta! Fristen var fredag 02. okt. kl. 1200, men eg var altså ferdig 09:15 torsdagsmorgon 01. okt..! Det trur eg ikkje eg har opplevd før, å vera ferdig i så god tid!!
med meg Maria, og me køyrde heim ein liten helgetur for å få med oss den årlege Misjonsmessa for NLM-foreiningane i Strand. Der var me så heldige å få høyra sjølvaste Arne Helge Teigen (lærar her på huset). Sundagen var me på eit møte på Jørpeland før me reiste, og der var det Ola Tulluan som preikte.. Men såå reiste me altså tilbake til Fjellhaug for å arbeida med pedagogikken, som eg då allereie har fortalt om!
brukte me litt tid i Helsingør, før me køyrde nord langs kysten til Gilleleje, der me fekk oss litt fantastisk god frukost og påfølgjande sightsjåing. Så bar det sør til Hillerød, der me fant LMH - Luthersk Missionsforenings Højskole, og eit stort slott i ein flott park. Mange fine plassar og småbyar.
il København. Det var nok lurt. Å setja bilen igjen i Hillerød altså. København, ja, det var jo fint.. Men det regna i absolutt alle retningar, både opp, ned, bort og tilbake.. Og vinden.. Så me gjekk ein liten runde, før me fann ein restaurant der me fekk oss ei betre italiensk pizza, og lét vatnet få dryppa litt av oss, før me heiv oss uti krigen mot véret igjen, med målretta kurs mot jernbanestasjonen!
og me fekk strålande sol resten av dagen! København var altså ganske flott! Me fekk oss ein tur med kanalbåt, og fekk dermed sett mykje fint! Men så køyrde me altså heimover då, sundagskvelden. Me tok ei litt anna rute heim, eg hadde drøymt om å køyra over Øresundsbron, så det gjorde me! Og det var jammen kjekt! Fytti, for ei bru! Først bar det ned i ein senketunnel under sjøen (dog, 10 muh på det djupaste..!), før me kom opp på "Peberholm", den kunstige naboholmen til "Saltholm". Derifrå var det 7,85 km. fundamentert på brukar og stag bortover sjøen! Pillarane til skråstagbrua over seglingsleia er 204 m. høge, altså 31 m. høgare enn den det høgaste punktet i Danmark!
lmö var det raka vägen hæm att. Mange km., men med fartsgrense på 120 km/t store deler av strekket til Göteborg, og 110 km/t derifrå til Strømstad, går kilometrane unna! Konge tur, rett og slett! :) (sjå fleire bilete på tryneboka etterkvart...)
. Herleg. Inderleg. Flott. Kjekt. Positivt. Stabilt. Tusen takk, Svein.. Eg vart sitjande til halv 6 (trur eg) første natta med Spotify på maskinen! For eit fantastisk program! =D Farleg for ein musikkelskar, though... Skulearbeid og andre viktige ting får hard konkurranse..!
skreve någe om Onsdagsmøtene her på skulen, eg konne skreve litt om timane på skulen, eg konne skreve litt om den fantastiske klassen. Og nå har eg jo skreve om alle tingå eg har nevnt. Iallefal nevnt. Men eg gidde ikkje skriva meir. Får ta d seinare. D eg derimot vil gjer, e å presentera någen barnasongar. Og då tenke eg ikkje på tradisjonelle barnasongar, men på d eg trudde va barnasongar heilt t någen lo av meg.
Ja, Oslo...
, bestikk, gryter, kontrabass, cello, to stk. el-piano, fiolin, dyne, pute, osv.., vart den elles så romslege Camryen ikkje ein kubikkmillimeter for stor! Om eg hadde hatt ein liten sekk til, hadde han ikkje fått plass i bilen, så "godt stappa" er vel ei mildt sagt bokstavleg skildring..!
på stell og styr slik eg vil ha det!
Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å få tid til UL 2009. Men så vart det ikkje så hektisk på jobb som eg hadde trudd, og plutseleg var eg ledig både eine og andre kvelden, og det var rett før det svarte seg å kjøpa vekespass. Eg fekk med meg det meste av opningskvelden, onsdagsettermiddagkvelden, fredagskvelden og laurdagskvelden- og natta. Stor framgang dette året, 2006 var eg berre på opningsseremonien, 2007 var eg ikkje på noko og i 2008 var eg på eitt møte. Men 2009 er året. Kanskje prioriterer eg UL 2010 høgare enn 2009, det får framtida vise.
Så for å avslutta dette med musikken på UL, så skal dei ha all ros for songane. Ei solid og god blanding av nytt og gamalt, der mange av dei nye var innhaldsrike på både forkynning og lovprisning, og dei "gode gamle" travarane var piffa opp litt, på ein respektfull og verdig måte! Ja til kvalitetsmusikk, nei til jalla-ungdomslag-wannabe-ul-øvedreven-jammermusikk....