
Eg gjekk på Fjellheim, så byrja eg i Rødne. Så fekk eg meg nokre veker fri og reiste til Tromsø på Kortkurs 2009. Så arbeidde eg litt til før eg måtte til Island i begravelse. Så jobba eg litt til før eg tok meg ferie og reiste til Island. Arbeidde litt til, og reiste på Bibelcamping på Solåsen i Vestfold. Så arbeidde eg litt til, og plutseleg vakna eg opp i Oslo..
Det går så smått opp for meg at eg har forvilla meg inn på det farlege og fiendtlege austlandet..! Og her skal eg etter planen vera eit skuleår f.o.m. måndag! Eg har ikkje enno heilt innfunne meg med tanken på akkurat dette, men no går tinga sin gang, og eg gidd ikkje pakka i bilen att etter det enorme flyttelasset eg hadde med meg! Det er forresten ei historie for seg sjølv. Med alle mine klede, alle Maria sine klede, alle bøkene mine, tallerkar

Men no er altså alt utpakka att, bøkene har fått plass i bokhylla, permane på toppen, kleda i skapet, pianoet ved veggen og bassen i hjørna. Det som manglar no er litt sén så eg får opp nokre bilete på veggen, ein liten kaktus og nokre skøyteleidningar og padder så eg får gang på klokkeradioen, og kan lada telefonen og iPoden samstundes! Så, innan to-tre dagar av neste veke er vortne til 4 dagar, er nok alt kome

Så vert det spanande korleis eg taklar overgangen frå lønna heilårsbåtferie, tilbake til den harde skulebenken. Eg prøver å sjå trøyst i at det er musikk eg skal studera, og at eg alltid har hatt lyst til å studera musikk! Så det vert nok kjekt!
Berre ein ting eg stussar litt på.. Skal eg ta det som eit hint at eg er plassert i øverste etasje (5.), innst i gongen? :P Eg trur eg kom til 63 eller 64 trinn frå første etasje.. Så eg har nok gått opp og ned Flørli nokre gonger før skuleåret er slutt!