31.03.2010

Vulkan og sånt...

Her kjem eit innlegg heilt på tampen av Mars... Det nærmar seg eitpar veker sidan eg fekk heimlov frå Fjellhaug, noko eg kan setja stor pris på. Men heimekosen er det så vidt eg har vore borti.

Påskefriet starta for min del med møtehelg i Eiken ilag med Fjordingane, som eg hadde fått godkjent som praksis på hovudinstrument. Og det var jo flott det! Heilt til bassen tok kvelden litt før oss andre på første møtet. Men etter møtet tok me av Rv42 mot Rudlende, eller slik Johan Syngemann ville sagt, "Rodladn". Etter ein knapp time under kniven på den lokalproduserte HAMRAN® -høvelbenken på Handeland, fekk me bass i tonen igjen, og laurdagstonane kunne knapt lata venta på seg.

Natta mellom laurdagen og sundagen braut det ut vulkanutbrot på Fimmvörðuháls mellom Eyjafjallajökull og Mýrdalsjökull på Island. Først vart folk evakuerte i frykt for flaum, men det viste seg at utbrotet kom på ein heldig plass, ikkje under isbré, så alle fekk flytta heim att nokså kjapt. Utbrotet er lite, men lavaen stupar ned i to gjél, som dannar store og flotte 800°C varme fossar! Legg merke til bilane framføre vulkanen på biletet litt lenger nede, så får du eit inntrykk av størrelsen.. Og dette skal vera eit bittelite og uskyldig utbrot... :)

Nokre glupingar har forresten sett opp eit kamera nokså nærme vulkanen, som sender direkte over verdsveven, og viser utviklinga med levande video. Det er vel verdt ein kikk, det er fascinerande å følgja med på! Spesielt i skumringstimen, då lavasprutane som kjem opp or jorda lyser opp! Her er kameraet: http://eldgos.mila.is/eyjafjallajokull-fra-fimmvorduhalsi/. Og eg oppdaga dessutan nett no at ei ny sprekke på 3-400 meter har òpna seg i dag, og det er no altså utbrot frå to sprekker! Kameraet dekker begge sprekkene!

Men omlag samstundes med at det første utbrotet starta på Island, braut óg eg ut, men i eit anna slags utbrot, utan å gå nærmare inn på det. Dette sistnemnde utbrotet medførte at møtet på sundagen gjekk nokre bassfattige tonar i møte, men mykje tyder på at Fjordingane klarte seg bra utan meg. Igjen. Utruleg.

Dei første dagane heime vart slakke, og eg brukte nokre dagar på å koma meg att etter "utbrotet", men torsdag var eg vorten heilt frisk, og på fredagen var eg klar for tur til Tinn! 


AnneMarte og Kristine (syster til Dordi) kom til Tau, der eg plukka dei opp. Me heiv i oss ei Kebab-Pizza på Solbakk, før me sette baugen over R13, E134, Fv362, R37 og Fv364 via Hjelmeland, Nesvik, Suldalsosen, Litlehamar, Nesflaten, Røldal, Haukeli, Arabygdi, Vierli, Rauland, Rjukan og Atrå, til Dordi Anna i Austbygde i Tinn i Telemark.

Der hadde eg ei fantastisk helg ilag med fantastiske folk, og helga vart runda av med eitpar møter på sundagskvelden. Kjetil Tollheim stod for preika i kyrkja, og eg hadde med meg kontrabassen for å bassa litt til Susane medan ho smurde øyrene våre med den himmelske songen sin. Når eg så summerte opp det musikalske, sosiale og ikkje minst det gastronomiske på Tollheim, så kom eg fram til at dette med god margin var den beste helga eg har hatt på lenge, lenge. Tusen, tusen takk!

Men ferien er langt fra over, og så vidt eg var komen heim og fekk trøkkt i meg komla hjå farmor, så var det ut på nytt. No er båten middelet, sjøen er vegen, og vinden er drivstoff. Eg er ikkje svært oppteken av Co2 og slikt, men om noko skal vera politisk korrekt, så må det vera seiling. Etter ein lang og hard vinter, kan eg seia eg sakna sjølivet, men vêret og vêrmeldinga er ikkje heilt i sommarmodus enno, knapt vårmodus. Det kribla difor ikkje like mykje etter å koma ut idag, som det plar gjera om sommaren. Men duverden, når me var komne ut. Skyene veik plassen for Sola, og vindpustet var akkurat perfekt (bortsett frå litt kjip retning). Men mildt og lunt var det, der me seilte på lens innover Ryfylket, i omlag same farten som vinden. Betre start på seilsesongen trur eg knapt me kunne drøymt om så tidleg på året.

Men no har me lagt oss til ro i Helgøysund, og vêret får bestemma kva som skjer dei neste dagane. Men med cockpittelt kan verken regnbyger eller Inger Lise Hansen øydelegga idyllen her i hamna, og dersom vêret vert betre enn varsla, så kan det henda me luftar seildukane enno litt til før me stikk heim att omkring påskehelga.

Men før eg rundar av, har eg fire spørsmål til eventuelle lesarar som kan ha forvilla seg inn her:
1. Kva er eit "gjél"?
2. Kva tyder "lens" i samband med seiling?
3. Kven andre enn Hamran produserer høvelbenkar i Noreg i dag?
4. Kva er "Scherzo"? (bortsett frå å vera namnet på båten til far)

Skriv svaret på ein lapp og skriv det så av til kommentarfeltet her under. Takk for merksemda, og ha ei strålande påskehøgtid. Hugs på det at Frelsesverket åt Kristus Jesus gjeld nett deg som les dette!

3 kommentarer:

  1. Å Kur, så kjekt med oppdatering på bloggen igjen! :) Du skrive bra, altså, det må eg sei.. :) Berre et spørsmål: E det virkelig heilt nødvendig å skrive svarene på spørsmålene dine på en lapp? Du som e blitt så miljøvennlig kan ikkje oppfordre te sånt.. ;) Dessuten e det jo langt mellom papirlappane i vår digitale verden.. :p Håpe du får en god ferie/påske videre! :)

    SvarSlett
  2. Takk for det, du. Ja, du må skriva dei på ein lapp fusst. Ska du kje svara på spørsmålå?

    Men tusen takk, og håbe du òg har ei fantastiske påske! :)

    SvarSlett
  3. nei, eg har fått nok påskenøtte for i år.. ;)

    SvarSlett