Dagen begynte idag som ein litt øve middels grå (onna middels fine) dag, me tungt skydekke, yr i luftå, lide luft i dekkå, men ikkje yr i dekkå for det om, men dåkk forstår ka eg meine. Grått og surt. Ingenting ligge te rette for ein go dag egentligt. Cocoa Puffs'en går tom, kjøleskapet lukte surt, og solå e slakke for tiå så me ikkje ser någe nordlys. Men igår lovte eg egentligt meg sjøl å gå på Esjan igjen idag, sånn bare for å ha fullført minst ein gong meir enn me måtte avbryta. Rannveig gadd kje idag, så eg tog ud åleina. På veg bortøve ser eg at skydekket e lågare enn eg hadde trudd.
Det som umiddelbart melde seg itte å ha nådd toppen e følelsen alle islendingar nok kan kjenna seg igjen i - å merka at oppturen e slutt, og nå kjeme nerturen! Tanken på dette fekk meg automatisk t å snu meg frå skoddå, mot den eviga heiå innøve Esjan. For den e store! Eg hadde mest lyst å gå heilt t høgaste punkt - 914 moh, men lenger innøve såg snøen ud t å ligga godt forankra, og eg hadde bare joggesko. I tillegg e d nesten ein time å gå bare ein veg. Men eg gjekk ca ein halvtime innøve te andra siå før eg snudde, og va oppe på 839 moh på d høgaste. Utsiktå i alle retningar va ubegribelige.
Hu trudde nok u va jysla lure huher óg - me ei gong hu la merke te meg, så hoppte hu bort på den litle snøflekken der. Eg spelte på lag, og lata som om eg ikkje såg na. D u ikkje vett, har u ikkje vondt av.
Rett før (viss du e på veg opp) eller itte (viss du e på veg ner) toppen e d ganske bratte klippar, og stien går i sikk-sakk på smale fjellhyller. Eg har allti likt meg på fjellhyller, syns d e så koseligt og lunt.
Men alle gleder har ein ende, og eg måtte retta vommå mot skoddå, kulden og det sura véret. Men få ting har eg angra mindre på i livet enn at eg drog megsjøl opp på Esjan idag! I staen for ein heile sure dag, fekk eg meste 2 timar strålande sol frå skyfri himmel (men ikkje skyfri bakke). Så møje kan ikkje Tromsøværinga skrøyda på seg for tiå ei gong, sjøl på ein go, skyfri høgtrykksdag!