07.05.2010

Til Helsinki med ein plastpose...

Når du ser slike reklameplakattar som denne, går eg ut ifrå du tenkjer som meg: For godt til å vera sant! Og som regel er det jammen det òg. Men med tanke på at eit avbrekk frå kvardagen i Oslo frista over medels, så klarte ikkje heilt å klikka meg vekk heller. Så eg trykka meg inn på sidene til Norwegian, og jo - der fekk eg oppgjeve kr. 10,- i lågpriskalenderen. Eg tenkte framleis at det ville koma gebyr, flyplassavgift osb, og at returen sikkert kom til å kosta mykje meir. Men plutseleg var eg komen heilt til siste sida, der ein stadfestar kjøpet. Eg hadde då funne fly bort kl 0640 onsdag 5. mai, og heim att 1945 same onsdagen, klikka inn kortnummer, stadfesta at eg berre hadde handbagasje, og framleis stod berre 20 kroner på totalen! Då tenkte eg det var for dumt å ikkje stadfesta kjøpet! Så eg bestilte billettane. Og det angrar eg ikkje på at eg gjorde!

Flyet gjekk somsagt 0640 frå Gardermoen, så eg stod opp før dei første fuglane våga seg frampå, tok med meg kamera, pass, billettar, ei jakke og ei ekstra t-skjorte (i tilfelle eg skulle verta over-aska) i ein KIWI-pose, og stakk utan ein einaste plan for turen. Turen bort var flott, morgonstunda glimta til med sol og strålande vêr! I tillegg fekk me eit ganske nytt 737-800 med winglets, nye seter og eit hav av plass til føtene. To timar og 20 minutt seinare, altså ca kl 0900, landa flyet på Helsinki-Vantaan Ientoasema. Flybussen var billig til flybuss å vera, ca. 45 norske kroner, og ca éin time etter at flyet landa, var eg framme i Helsinki Sentrum.

Med tanke på økonomien min, kunne eg ikkje akkurat kosta på meg noko særleg turistliv, men med tanke på at eg betalte det same for turen frå Gardermoen til Helsinki Sentrum som det kostar for ein Kebab med Cola på Kebab Hot (kr. 55,-), så våga eg på meg ein billig liten tur med turistbåt på fjorden. Bortsett frå det, gjekk eg stort sett berre rundt i sentrum, såg på folk, hus, kyrkjer og besøkte Sibeliusparken. Mykje meir enn det har eg ikkje å seia, anna enn at Helsinki var ein koseleg by, og at finnane var eit koseleg folk slik eg opplevde dei iallefall! Kl 1945 tok me av frå Vantaa igjen, og 20 minutt seinare landa flyet på Gardermoen.

Finnane har bygt kvar sin sauna på kvart einaste nes..

.. og det er faktisk mest heilt bokstavleg meint.. det var utruleg mange av dei!

Dette er kanskje den mest massive troppa eg har gått i..

Den evangelisk-lutherske Domkyrkja i Helsinki, der eg forresten traff eitpar elevar frå ein bibelskule i Levanger (!)

Den opprinneleg russisk-ortodokse Uspenskijkatedralen, som etter frigjeringa i 1917 vart den gresk-ortodokse domkyrkja for den ortodokse kyrkjelyden i Helsinki.

Dette er inni Tempelplatsens Kyrka. Utanfrå såg ho litt sær ut, men ho var ei fantastisk nydeleg kyrkje, hoggen ut i berget, med ein stor kuppel over, som kviler på grov naturstein.

Sibeliusparken var eigentleg ikkje så spesiell, men kjekt å ha vore der! Såg føre meg at Finlandia stod på repeat utover parken, men nei.

Men kjekt var det med eit avbrekk frå Oslokvardagen, som ikkje akkurat får blodpumpa til å hoppa av spenning. Bortsett frå at kebabsjappa eg er ein trufast kunde hjå, vart rana for ei veke sidan, ganske brutalt òg, med pistolar og voldsomt leven. Men det gjekk heldigvis godt med kebabmennene. Tjuvane vart handtekne kort etter, og eg fekk kjøpt meg kebab på torsdag. Heldigvis.

No i helga er me ein liten gjeng av MU-klassen som er på Dale mellom Bergen og Voss, for å framføra BjerkrheimJazz igjen ilag med koret Kilden, og med eminente musikarar som Frøydis Grorud, Olav Arne Steinkopf, Jan Inge "Jango" Nilsen og Jan Olav Renvåg. Verdt å få med seg dersom du er i området! Sundag 9. mai kl 1930 i Dale Kyrkje i Vaksdal i Hordaland, altså.

3 kommentarer:

  1. Du e rå! SÅnn kan man ikke gjør i Dalbotnan... først må man kom seg t br.sund... (og det går ikke akkurat buss kvær time forbi døra)... så må man få eit fly fra Br.sund til Oslo (no har d faktisk begynt å gå direktefly nån få dager i uka)...og så kan man begynne å kjøpe flybiletter til 10 kr... jaja... noen fordeler må det vell være med å bo i storbyn;)

    SvarSlett
  2. 20 kr? Ikkje verst! Eg lige spontaniteten, Kur! ;)

    SvarSlett
  3. Rakel: Tippe Dalbotnan uansett e bedre enn Oslo... uansett kor gale det måtte var der...

    Rebis: Yepp, kr. 20,- t/r flyplass-flyplass (å reisa kollektivt frå fhaug ner t sentrum koste minst 26 kr..)

    Men: Fjellhaug - Helsinki Sentrum - Fjellhaug kom på kr. 210 t samen, inkl. flybussane. D e fortsatt latterligt.

    SvarSlett