29.10.2010

På veg til Island - illustrert, til og med.

Bilete seier som kjent meir enn tusen ord. Og etter eit år på høgskule, veit eg at 1000 ord ikkje tek så fælt lang tid å skriva, berre ein har noko å skriva om. Og det har eg, for eg kunne lagt ut i tjukt og tynt om kor lite ekstra det eigentleg kosta oss å reisa frå Hirtshals enn via Bergen (sidan Norröna har slutta å gå derifrå). Eg kunne skrive om at via Bergen måtte me totalt teke 4 ferjer for å koma oss til Island, mens via Hirtshals, så heldt det med 3 ferjer! Og eg kunne summert prisen av ferjer og bommar, og fortalt lesarane mine at vegen om Danmark berre var omlag 200 kr. dyrare enn om ferja gjekk frå Bergen.

Men det skal eg ikkje gjera. Eg lét heller bileta få seia sitt, så stikk eg inn eit par kommentarar her og der.

Første ferja (baljen).

Andre ferja (litt meir akseptabel standard).

Ein snarsvipp på Skagen mens me venta på Norröna.

Tredje ferja (levert komplett med badebasseng, sauna, helikopterdekk, treningssenter, tax-free, air-hockey, kino, fine restaurantar, aktive stabilisatorar, bølgebrytar, antennar frå Comrod og mobildekning via satellitt).

Lugaren vår på Norröna, der me til ei kvar tid hadde utsikt over ca 400 kubikk-kilometer saltvatn, ...

.. plattformar...

.. og Shetland, her representert ved Lerwick.

Måndag morgon vakna me opp til ei nydeleg utsikt over Tórshavn, der me gjekk oss ein liten tur før ferja gjekk vidare kl 1400 same dagen.

Utseilinga frå Tórshavn var ikkje stygg, ...

.. og me hadde seilt halvannan time frå Tórshavn, mellom vakre øyar med steile fjell og koselege bygder, før me passerte siste fjellgarden som strakk seg ut i havet.

Og her stoppar óg dette innlegget. Bileta frå Island er ikkje komne i boks enno, og uansett markerer landkjenninga i Seyðisfjörður eit nytt kapittel i livet mitt, så det er vel naturleg at det óg vert eit nytt kapittel på bloggen i samanheng med dette.

1 kommentar: