30.01.2011

Lambasvið

Gjekk i butikken her ein dag og såg någe spennande i frysedisken (ilag me lammahjerter, flamberte sauaføter, lever- og blodpølser, og folefilétar), og tenkte: Koffor ikkje?

Framme 

Inni 

Itte 

Va godt å skyla ner me litt Cola, egentligt. 

6 kommentarer:

  1. Om det e et sauehode? blærh, alt det rare dåkk spise!

    SvarSlett
  2. Hahahaha - heilt fantastisk!! Smakte d med aua?

    SvarSlett
  3. Verre, Solveig.. Et stakkars lam... eg blei kje heilt hekta.. :p

    SvarSlett
  4. Smalahåve ver ein mykje omtykt og brukt middagsrett på Voss. Eg har faktisk svee mange i mi tid. Når det er sagt så var det ikkje eit arbeid eg likte, det måtte berre gjerast. Truleg er eg av dei få vossingane som ikkje har dei store matopplevingane med smalahåve. Eg kjende nemleg alle sauene og lamma våre og kjende dei att på håve når det låg på fatet. For eit badn var ikkje det så kjekt. Ikkje for å øydeleggja matgleda på Island, men slik var det for meg. Som regel fekk eg tunga, sidan eg var minst rundt bordet. Han far kosa seg høglydt med øyra og ikkje minst auga. Skal tru dei lagar det til på same måten på Island? For dei importerer vel ikkje?

    SvarSlett
  5. Du treng ikkje vera redd for å øydeleggja matgleda - den var ikkje veldig stor frå før, eg vart ikkje heilt hekta på denne tradisjonen.

    På Island lever omlag ein halv million Islandsk Sau, ein variant av Nord-Europeisk korthalesau, så eg trur ikkje sau vert importert. Sauen stammar vel frå opphavet til korthalesauen som fins i Noreg idag, men har vore relativt isolert sidan vikingtida, så vidt eg veit. Sveetradisjonen kom vel ilag med sauen over fjorden tenkjer eg..

    Eg må seia eg óg tykte det var litt "basje" å pritla kjøt av eit fjes.. Eg veit islendingane óg er glade i augo, men eg klarte ikkje tanken. Det var ikkje så mykje meir enn kjevemusklane og tunga eg åt.. Trur ikkje eg gjer det igjen..

    Men ein annan tradisjon i samband med smalahåve, er å pritla kjøtet av, og pressa det i terningar før det vert éte. Eg trur óg det er late surna, med myse eller noko slikt. Veit ikkje så mykje om den prosessen, men opplevinga av å ete det er kan hende betre..

    SvarSlett