08.02.2011

Klambragil

Allereie fyrste gongen me var i Klambragil (der me den varme bekken) i midten av desember bestemte eg meg for å koma meg opp seinare til vinters når snøen låg over landskapet. Helst i romjula, medan fossilene var på besøk. Men, dei var jo så opptekne heile tida, og den einaste dagen dei var fri, var eg sjuk, og regnet hølja ned, så vidt eg hugsar. 

Så, ein dag i byrjinga av januar tok eg avgarde igjen - åleine denne gongen. Vêret var fint - ingen snø verken i luft eller på bakke, men -8°c og frisk bris beit godt i andletet. Det var nært ved at eg kutta ut badinga, men då eg stod på barden vart freistinga for sterk, og eg måtte uti. Det kan knapt skildrast kor herleg det var å leggja seg ned i den varme bekken med minusgradene susande forbi øyro. Det minst gjennomtenkte var nok at eg ikkje hadde spring i håret, så halvparten av det vart blautt. Det var likevel ikkje noko problem, då det fraus på nokre få sekund då eg kom opp, og eg fekk tørka meg utan problem. Badeshortsen byrja å fryse allereie før eg fekk han av meg. Då eg hadde fått på meg ullundertøyet var shortsen vorten ein gjennomfrosen isklump.. Mest flaks den dagen hadde likevel seks turistar som ikkje såg meg før eg hadde gjort meg sømeleg att. 

Ein annan ting i samband med den turen er at ein mann med skildringa "langt hår og skjegg" har vore sakna ei stund på sørlandet. Nokre dagar etter eg var på tur kom det melding til politiet at einkvan hadde sett ein slik person i "Reykjadal", dalen ein går opp for å koma til Klambragil.. 

Men sist veke hadde Rannveig besøk av Aslaug, og me tok ut mot Klambragil med nordkvinna. Temperaturen var denne gongen ikkje lågare enn omlag -3°c. No var snøen óg komen - ca. 30 - 40 cm. i snitt, men vinden hadde blese han i meir og mindre djupe fenner. 

Utsikt sørover frå eit stykke oppi brekkene.. 









Etter badinga måtte me sjølvsagt koka egg der bekken byrjar. 


Det er ikkje anna å seie enn at Island leverte enn ei gong! 


.-.-.

6 kommentarer:

  1. Du e søren meg frekk, eg trur eg hadde blitt forvist og arvelaus og det som verre e av en sånn framstilling.. ;)
    Men veldig kjekt e det å lese bloggen din! Får jo bittebittelitt lyst på en tur... ;) Håpe du har det fint! :)

    SvarSlett
  2. Dette såg jo bare heilt perfekt ut!!! Og supert at dåkk har funnet nye plass å ta turistar med til ;)

    SvarSlett
  3. Hehe, trudde nå du som (nesten)bergenser va vande me milde øvedrivelsar? Men du - Har du lyst har du lov! Du e så inderligt hjerteligt velkommen, ska du veda ;)

    Og ja mor. D va vidunderligt. Og me e ferdige me bildene frå steinalderen nå og har begynt på middelalderen, og sant å sei, så har du kje forandra deg så møje ;)

    SvarSlett
  4. Heisann!

    Såg denna videoen: http://www.youtube.com/watch?v=B7En0z2A38c&feature=player_embedded , å kåm bare te å tenkta på deg me 3/4 buksa å raggsokka frå "Tryggheimstida" ;D

    Håpe alt stenne bra te:)

    - Jårple

    SvarSlett
  5. Hahaha! Men ein viktig forskjell: eg brukte jo Slippersar! D e jo någe heilt aent! ;)

    Alt stenne bra te, håbe alt stenne bra te me deg eu :)

    - Jordeple

    SvarSlett
  6. Hehe,ja d e ein viktig forskjell;)

    SvarSlett